Nasjonalstaten som trygg ramme
Førestilte fellesskap kan bli verkelege når det røyner på, dersom dei er folkeleg forankra.
Norske flagg i lufta utanfor Slottet i Oslo 17. mai 2017. Det blir lenger mellom flagga i år.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
hompland@online.no
Etterkrigs-Tyskland har i seinare år drive sjølvpisking i forvaltninga av rikets fortid. Dei har eit tungt ord for det gjennomgripande oppgjeret: Vergangensheitsbewältigung.
Byråsjefen er ingen revisjonist, men nøgd med at me også her i landet omsider er i ferd med å føra meir nyanserte bitar inn i forteljinga om «krigen», at det blir mindre mytebygging og vedlikehald og meir avslappa minneforvaltning.
Det var ikkje slik at då Noreg blei angripe av Nazi-Tyskland, stod alle styresmakter og folk flest opp i samla og kraftfull motstand, saboterte, kjempa hardt, sigra til sist og gjennomførte eit mønstergyldig oppgjer med svikarane og dei som svikta.
Sigerherrane som skreiv historia, tona rimelegvis ned vakling som verka nødvendig i samtida, men ikkje såg bra ut i ettertida. Til dømes at Stortinget våren 1940 gjekk inn for å avsetja kongen og koma til ei løysing med okkupasjonsmakta. Eller at landets fremste menn i spissen for Administrasjonsrådet gjekk ein lang veg frå å vilja halda hjula i gang til å bli leiarar i Heimefronten. Forteljinga begynte på nytt 8. mai 1945 og blei skriven bakover.
8. mai 2020 vil vel bli hugsa som dagen med utepils etter åtte harde veker. Pubveteranane jubla, sjølv om dei ikkje kunne handhelsa og slå kvarandre på akslene. Men dei var nære på avstand og fann seg i eteplikt med sandwich eller løksuppe, som blei borne urørte tilbake til kjøkkenet.
I praksis er Byråsjefen eit lojalt tannhjul i Forvaltninga, men han har alltid vore nyfiken på ulike politiske straumdrag, så han har lese Torolv Solheim, Ottar Brox, Hartvig Sætra og andre fossegrimar.
Han er kraftig irritert over bruken av «populisme» som politisk korrekt skjellsord for alt meiningsdannande og systemherskande sjikt foraktar – både i den vide verda og her heime. Dei tyr til «populisme» som felles merkelapp på alt dei ikkje liker, til høgre og venstre; dei kallar det kunnskapsløyse, nasjonalisme, xenofobi, isolasjonisme, lokalisme og bakstreveri av ymse slag.
I denne irritasjonen stør Byråsjefen seg på Thomas Piketty, som har dette å seia om «populisme», her i Kjartan Fløgstads omsetjing: «Eit samlenamn som ofte blir brukt av elitane for å diskreditera politiske rørsler dei ser på som ikkje tilstrekkeleg under deira kontroll.»
Globalist av fornuft, men nasjonal av gemytt – det er Byråsjefen. Dersom han skulle ha halde 17. mai-tale, ville han ha sett ein FN-pin og ein binders på jakkeslaget og hylla norsk folkestyre i ulike former sidan 1814. Han ville ha sagt at utviklinga har vore god i den grad ho har tatt opp i seg folkelege og populistiske straumdrag og rørsler, slik at umælande grupper har kome til orde og kunna fremja sine interesser.
Slikt har sjølvsagt vore ei plage for Forvaltninga frå embetsmannsstatens tid til det høgkompetente, offentlege ekspertstyret i våre dagar. Men Byråsjefen er likevel ikkje i tvil om at det gjennom historia har styrkt tilliten mellom folk og mellom folk flest og styresmaktene, og det har kome godt med når hårde tider har vi døyet. Det er eit kriselager av samhald i dugnadstider, sjølv om det skulle skorta på dopapir, korn, medisinar, masker og anna verneutstyr.
DET NASJONALE inneheld mykje importert tankegods, nasjonalstaten er ikkje eit heilag ideal, og begge delar kan føra gale av stad. Men i krisetider syner det seg å vera fornuftige og handterbare rammer for administrative tiltak, politisk mot og felles handling – både for somewheres og for anywheres.
Om fellesskapet er førestilt, kan det bli verkeleg når det trengst. Om me tenker slik, kan me bli slik og handla deretter. Mykje er sausa saman til ein styrkedrikk som har vore viktig i den nasjonale dugnaden som så langt har ført oss nokolunde velberga gjennom pandemien.
STATSRÅD RAJA har lova ei 17. mai-feiring for minnebøkene. Opp til 20 kan samlast til årets einaste frukost med akevitt. Klokka 13 skal heile Noreg synga Ja vi elsker saman og gå i tog i stover og hagar. Somme stader slår dei til med biltog, båtparadar og private maratonløp.
Det blir ein 17. mai å minnast fordi han er annleis – som Torgslaget i 1829, som «Smaaguttenes Nationalsang» («Vi ere en Nation vi med, vi Smaa en Alen lange») utan sildesalat i flagget, som uskarpe bilde i svartkvitt frå bortgøymde markeringar med H-7 og V-teikn under krigen, som då det var Norge i rødt, hvitt og blått i 1945 og flagget gjekk til topps blant Eidsvolls grønnende trær.
Vertinna insisterer på at ein resirkulert dose tvisyn frå sjølvaste storeguten, Aasmund Olavsson Vinje, alltid må vera ein del av liturgien i eit Sideblikk på 17. mai. For som ho seier: Den dag kjem aldri at eg deg gløymer.
NASJONALITET
Vi meina og tru det gjævaste er
å vera ein Noregs mann.
Ja, denne heimen oss fyrst er kjær;
men vita vi må, at den store verd
er berre vårt store fedreland.
Dei største tankar vi alltid få
av verdsens det store vit;
men desse tankar dei brjotast må,
lik strålar av soli som alltid få
i kver si bylgje ein annan lit.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tyskarane kan læra oss
Vergangensheitsbewältigung.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.