Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Korfor står tyrkiske styrkar framleis i Syria?

Krig og terror har i fleire år rive sund staten Syria. Det handlar om fleire krigar som dels er innblanda i kvarandre. Éin av dei blir knapt nemnd i norske medium.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Erdogan vil no vise at han er sterkare enn landsfaderen Atatürk (på portrettet i bakgrunnen), ikkje ulikt president Trump, som skal «gjere Amerika stort igjen.» Det sjølvstyrte kurdiske området i Syria ligg i vegen for tyrkisk ekspansjon sørover.

Foto: NTB scanpix

7377
20170901
7377
20170901

Kommentar

erfolk@online.no

President Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia sende for eit år sidan stridsvogner og soldatar over grensa. Amerikanske fly var med. Dei heldt det syriske flyvåpenet på avstand. Den lovlege regjeringa i Syria hevda at Tyrkia braut folkeretten. Tryggingsrådet gjorde ingenting.

Ein fredeleg invasjon

Byen Jarablus, som Daesh hadde styrt i to år, var det første krigsmålet. På invasjonsdagen sende Anadolu, det statseigde pressebyrået i Tyrkia, ut meldingar frå time til time:

18.20: Dei tyrkiske styrkane står i utkanten av byen, og rykker no fram mot sentrum.

19.00: Tyrkisk kontroll over halve byen.

19.50: Heile byen er under tyrkisk kontroll.

Det var ingen tyrkiske tap. Dagen før hadde Daesh flytta ein stor del av eigne styrkar vekk frå Jarablus-området. Verda har aldri sett ein kortare, fredelegare og meir sigerrik krig mot Daesh.

Professor David L. Phillips ved Columbia University var utanriksrådgivar for tre amerikanske presidentar før Donald Trump. Han var ikkje i tvil: Ankara laga ein avtale med Den islamske staten før dei invaderte. IS skifta heilt enkelt til FSA-uniformer i staden for å yte motstand. Jarablus vart «frigjord» frå IS så å seie utan eit einaste skot.

FSA er Den frie syriske hæren. Desertørar frå regjeringshæren oppretta FSA i 2011. Dei har fått pengar og våpen frå mellom anna Saudi-Arabia, USA og Tyrkia. Sidan den gongen har mange væpna grupper gått inn og ut av FSA. Ein stor del av invasjonsstyrken kom frå slike grupper, men i FSA-uniform og under tyrkisk kommando, med våpen og stridsvogner frå Tyrkia og flystøtte frå USA.

Tyrkia–Daesh-allianse?

Rudaw, ei kurdisk avis i Irak, intervjua i februar 2013 leiaren i ei av dei mindre jihadistgruppene i Nord-Syria. «Tyrkia hjelper oss militært, moralsk og humanitært», sa han. Gruppa hans, FSA og nokre til slost då frå gate til gate i grensebyen Sere Khaniye.

Eg var i byen ein månad etterpå. Det var våpenkvile. FSA-soldatar stod framleis på grenseposten. Dei viste oss eit øydelagt pansra køyretøy. Dei som hadde trekt seg tilbake, hadde ikkje fått det med seg over grensa. For å seie det enkelt: Dei små jihadistgruppene som Tyrkia støtta i 2013, klarte ikkje å knuse det nye kurdiske sjølvstyret. Daesh, som var sterkare militært og ideologisk, og står nær president Erdogan, vart ein muleg erstattar.

I oktober 2014 opplevde eg tyrkisk samspel med Daesh på utriveleg nært hald. Vi var utafor Kobané. Daesh-offensiven mot byen var inne i den tredje veka. Vi stod på den tyrkiske sida av grensegjerdet, nær nok til å sjå framrykkinga frå time til time. Stridsvogner og bakkestyrkar nærma seg sentrum.

Vi fekk husly hos ein småbrukarfamilie. To kraftige eksplosjonar vekte oss i halv tre-tida. Jordgolvet rista slik at eg var sikker på at huset ville ramle ned over oss. To rakettar frå syrisk side av grensa hadde treft nabohuset. Heldigvis sov ingen der den natta. Rakettane kan berre ha kome frå det Daesh-kontrollerte området.

Husverten og naboane fortalde at dette ikkje var uvanleg. Daesh sende ofte tungt skyts mot landsbyar på tyrkisk side. Naboane gjentok spørsmålet dei aldri fekk svar på: Korfor protesterer Tyrkia aldri på dei grensekryssande åtaka på tyrkiske statsborgarar?

Våpentransportar

Augevitne hadde sett både våpentransportar og væpna menn passere grensa til «Daesh-land». Dei var forundra over at vi europearar ikkje visste det. I landsbyane langs grensa var det ein del av kvardagen.

Ein av våpentransportane vart seinare mediekjend. Ein politistasjon nær grensa fekk 19. januar 2014 eit anonymt tips: Våpensmuglarar er på veg mot Syria. Politiet rykte ut. Dei stansa to trailerar fullasta med våpen. Trailerane viste seg å tilhøyre MIT, den militære tryggingstenesta.

Cumhuriyet, den eldste dagsavisa i Tyrkia, publiserte seinare foto og videoopptak. Folk fekk sjå våpenlasta og konfrontasjonen mellom det lokale politiet og væpna menn frå MIT. Sjefredaktøren i Cumhuriyet vart dømt for forræderi. Fengselsstraffa var fem år og ti månader.

Professor Anne Speckhard har studert valdeleg ekstremisme i fleire tiår, og har hatt oppdrag for USA, NATO og internasjonale organisasjonar. Ho og ein tidlegare avdelingssjef i tyrkisk antiterrorpoliti har intervjua 13 avhopparar frå Daesh. Alle levde på hemmeleg adresse i Tyrkia. Dei to skriv mellom anna: «Ein tidligare emir fortalde oss at ISIS (Daesh) hadde vore i stand til å bygge tusenvis av propantankbomber med hjelp frå forsyningar som dei henta inn gjennom Tyrkia.»

Dei nemner òg at Erdogan-regjeringa alltid såg den andre vegen når tusentals støttespelarar for Daesh brukte flyplassen i Istanbul og den porøse tyrkiske grensa for å slutte seg til Daesh i Syria.

Professor Phillips, den tidlegare presidentrådgivaren, er skarpare: «Sjølv om styresmaktene nektar, finst det eit fjell av bevis for at Tyrkia sørgde for våpen, pengar og logistikkstøtte til islamistane i Syria frå og med 2014.»

Kva vil Erdogan?

I dag er det ikkje så interessant å spørje om Tyrkia har væpna islamistgrupper i Syria, eller om Tyrkia okkuperer ein del av Syria. Spørsmålet er: Kva er drivkrafta bakom?

President Erdogan snakkar ofte om at Tyrkia har ein historisk rett til den nordlege delen av Irak: Mosul-provinsen i Det osmanske riket. Tyrkiske soldatar er der òg. Tyrkia har den same historiske retten til den nordlege delen av Syria. Tyrkiske TV-stasjonar viser Tyrkia-kart med grensene frå Den nasjonale pakta som parlamentet vedtok i 1920.

General Mustafa Kemal, med tilnamnet Atatürk, utforma denne pakta, som var grunnlaget for sjølvstendekrigen. Atatürk vann krigen. I 1923 grunnla han den nye staten. Så bøygde han av for England og Frankrike, og godtok eit mindre Tyrkia.

President Erdogan vil no vise at han er sterkare enn Atatürk. Han liknar på USA-president Trump som skal «gjere Amerika stort igjen». Det sjølvstyrte kurdiske området i Syria, som heller ikkje Daesh klarte å erobre, ligg framleis midt i vegen for tyrkisk ekspansjon sørover.

Atatürk bygde ein sekulær stat. Erdogan, som er islamist, forsikrar no at Tyrkia ikkje vil forråde korkje dei turkmenske eller dei sunni-arabiske brørne sine i Mosul-området. Han gjer religiøs brorskap til eit ekstra argument for å utvide Tyrkia.

Erdogan har gått seg fast i ei hengemyr, seier professor Phillips: «Syria blir Erdogans Waterloo.» Det same seier kurdiske leiarar. Dei kan få rett, og dei kan ta feil. Erdogan vil nok gjerne overgå Atatürk og overta mest muleg av Nord-Syria og Nord-Irak. Foreløpig brukar han berre litt av militærmakta han rår over.

Så langt har korkje statsminister Solberg, forbundskanslar Merkel eller andre NATO-allierte sett foten ned. Erdogan kan bli den første statssjefen i NATO som flytter eigne grenser med krig.

Erling Folkvord er tidlegare sosialarbeidar og representant på Stortinget og i Oslo bystyre for partiet Raudt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Sjølv om styresmaktene nektar, finst det eit

fjell av bevis for at Tyrkia sørgde for våpen,

pengar og anna støtte til islamistane i Syria.

«Sjølv om styresmaktene nektar, finst det eit fjell av bevis for at Tyrkia sørgde for våpen, pengar og logistikkstøtte til islamistane i Syria frå og med 2014.»

David L. Phillips, professor ved Columbia University

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis