Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kunstig intelligens i oppdrettsnæringa

SAN FRANCISCO / PALO ALTO: Data kan ikkje erstatte olje, men effektiv innsamling og bruk kan gjere at verdiskapinga frå datahandtering kan passere verdiskapinga frå petroleumssektoren om ti år. Ein teknolog som møtte fiskeoppdrettarar, syner korleis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bryton Shang leier selskapet Aquabyte. Han tok kunnskapen sin om algoritmar og datalæring med seg frå Silicon Valley til Vestlandet.

Foto: Aquabyte

11683
20200821

Teknologi, digitalisering, samfunn, del 3

I ein serie på fire reportasjar set Dag og Tid søkjelys på nokre sider ved korleis teknologi og digitalisering påverkar samfunnet.

Første del: «– Det digitale er politisk», eit intervju med forfattaren Jamie Susskind.

Andre del: «– Bruk makt mot teknologiselskapa», eit intervju med Marietje Schaake.

Teknologi

agnarkaarbo@gmail.com

Det er konsulentselskapet Menon som meiner at data som innsatsfaktor i digitale prosessar vil kunne doble seg innan ti år. Sjølvsagt blir ikkje datakunnige medarbeidarar i ulike verksemder like lønsame for Noreg som petroleumsarbeidarane har vore. Men verdas mest verdfulle ressurs no er altså data, ikkje olje, skal vi tru tidsskriftet The Economist.

Dei slo dette fast i ein artikkel i mai 2017, og prova låg i lista over kva som er verdas mest verdfulle selskap. Ti år tidlegare var fem olje- og gasselskap blant dei ti største selskapa i verda. I 2017 var det eitt, medan sju var digitale.

For Amazon og Alphabet (morselskapet til Google), til dømes, er innsatsfaktoren data som dei samlar inn og foredlar.

Digitalisert oppdrett

Men også andre verksemder kan ha verdfulle data som dei kan gjere seg betre nytte av. Ta oppdrettsnæringa som eit døme. Den amerikanske dataingeniøren Bryton Shang hadde så vidt høyrt om oppdrett då han sat i Silicon Valley og skulle finne bransjar der kunstig intelligens, maskinlæring og kamerateknologi kunne gje ny kunnskap og prosessar.

Teknologien kunne han mykje om etter å bygd algoritmar for aksjehandel og for å diagnostisere kreft. For fiskeoppdrett var utgangspunktet det same. Å samle inn og analysere data, for så å forstå betre kva som går føre seg nede i fiskemerdane.

Dei fyrste forsøka starta i badekaret heime i San Francisco. For vel tre år sidan flaug han til København og køyrde vidare til Noreg med leigebil. Målet var møteplassen for marine aktørar, Aqua Nor i Trondheim. Shang tok kystvegen og var innom fiskeoppdrettarar på Vestlandet.

Etter å ha å presentert prototypen, som handla om å kartleggje fiskestorleik, spurde oppdrettarane om systemet også kunne telje lakselus. Betre og meir presis teljing blei det første produktet. Estimering av biomasse blei det andre produktet.

Tre år seinare har selskapet Aquabyte fått investorar som kan lite om oppdrett, men som skjønar at det kan bli lønsamt å vere i tet når det gjeld å samle inn og analysere data i ei næring i stadig vokster.

No utviklar verksemda fleire algoritmar som skal gjere presise observasjonar om fiskehelse, planlegging av slakting og sal. I staden for å hente opp og slakte ein og ein fisk kan kamerateknologien, kombinert med maskinlæring, identifisere kvart einaste individ som sym rundt i kavet.

Shang forstod raskt at verksemda måtte ha kontor i Noreg, der kunnskapen om oppdrett er. No er Aquabyte etablert i Bergen, men halve staben sit i San Francisco. Det er der teknologane er.

– Vi kombinerer det beste frå to land, seier Shang til Dag og Tid.

Også fleire andre selskap i denne kystnæringa nyttar kunstig intelligens til å forbetre oppdrettsverksemda, men Shang meiner Aquabyte er i tet.

Data – den nye olja?

Det Aquabyte og fleire andre selskap i oppdrettsnæringa gjer for å skape større verdiar med utgangspunkt i fleire og betre data, illustrerer poenget i rapporten Er verdiskaping med data noe Norge kan leve av? frå desember 2019. Rapporten er laga av konsulentselskapet Menon på oppdrag frå NHO.

Menon meiner verdiskapinga frå data som innsatsfaktor i digitale prosessar vil kunne passere verdiskapinga frå petroleumsverksemda rundt 2030. Kor mykje snakkar Menon om då? Verdiskaping er rekna til 150 milliardar kroner og sysselsetjing tilsvarande 100.000 arbeidsplassar i år. Det er desse tala som skal bli dobbelt så store innan 2030.

Vinsten kan delast i tre:

1. Ei større datanæring som nyttar data som hovudressurs. Det gjev inntekter til samfunnet.

2. Produktivitetsvekst frå databruken.

3. Ein velferdsvinst fordi vi får betre og meir effektive offentlege tenester, betre helse og reduserte klima- og miljøproblem.

Konsulentane meiner summen av dette vil overstige verdien av petroleumsressursane. Dessutan er dataressursar fornybare. Dei kan delast og utnyttast fleire gonger. Fleire aktørar kan medverke til å hente ut verdiane, slik oljeverksemdene i Nordsjøen alt har gjort ved å dele data gjennom databasen Diskos, som i år fyller 25 år.

Det er mellom anna denne basen som forklarer kvifor gamle felt har fått forlengd levetida. Nye aktørar har fått tilgang til petroleumsdata, og med ny teknologi har dei sett nye moglege utviklingsområde. Det blir hevda, skriv Menon, at utan Diskos-basen hadde ikkje funnet av Johan Sverdrup-feltet, det største på norsk sokkel, vore mogleg.

Mindre spektakulært og meir jordnært er prosjektet Mimiro, i regi av Tine og Felleskjøpet Agri. Det dreier seg om å samle inn og samordne data frå verksemda til bøndene. Analyse og optimalisering skal så gje grunnlag for produkt og tenester som bøndene kan dra nytte av.

Noreg har også mykje data frå prosessindustri, fornybar energiverksemd og sjømat. Som Sintef-forskarane Anne Marthine Rustad, Trond Runar Hagen og Till Christopher Lech har peika på tidlegare: Dersom eigarskap og bruk av desse blir i Noreg, blir også verdiskapinga her. I motsetnad til dei forbrukardataa som vi ukritisk gjev til Facebook og Google.

Kva må til?

Det er sjølvsagt knytt ei rekkje føresetnader til reknestykket om auka verdiskaping. Blant anna må offentlege og private verksemder digitalisere meir av verdiskapinga si. Vi må fornye arbeidsprosessar. Det må reell nyskaping til, og mange verksemder må forstå kva relevans og potensial ulike data har for dei.

Det kan også vere vanskeleg å få tilgang til dei mest attraktive dataa. Det kan det sjølvsagt vere gode personverngrunnar til. Noreg har til dømes helseregister med lange tidsseriar veleigna for nye forretningsidear.

Dårleg digital infrastruktur kan òg vere eit problem. Difor peiker Menon på at ein ambisiøs dataøkonomi krev innsats og investeringar, slik landet gjorde då Noreg utvikla petroleumsnæringa.

Jakta på det nye

Når norske verksemder skjønar at dei må skaffe seg meir kunnskap om alt dette, har dei mellom anna reist til Silicon Valley i California. I meir enn fem år leidde Gro Eirin Dyrnes kontoret til Innovasjon Noreg.

Dyrnes peiker på to kjenneteikn ved mentaliteten i området.

– Det eine – og det er positivt same kva vi måtte meine om teknologibransjen – er at menneska er svoltne og ivrige. Dei jaktar på det nye, vil undersøkje kva som er mogleg. Dei tenkjer disrupsjon. Det er lov å prøve, og det er lov å feile. Det andre er farten som blir forventa. Oppskalering og rask vekst gjeld. Fleire norske verksemder seier at dei på fire veker her lærer det same som på eitt år heime i Noreg, seier ho.

Utfordringa for norske selskap er å kunne finne noko som ikkje andre kan gjere betre. Dyrnes trekkjer fram alt som har med hav å gjere. Det marine, det maritime, energi, helse og så bortetter.

– Dette er unikt for Noreg, seier Dyrnes.

Ho nemner Aquabyte som døme på korleis teknologi og kapital søkjer nye område. Verksemda seier også noko om kva posisjon Noreg har for havnæringane når det gjeld nye og digitale løysingar.

Samstundes spør Dyrnes om Noreg har kompetansen, ambisjonane, kapitalen og dei som kan leie verksemder som skal vekse raskt. Har vi det økosystemet som skal til for å skape eit Amazon eller eit Google for havet?

Ho minner om at dei fire største teknologiselskapa i verda er meir verde enn dei tretti mest verdfulle selskapa på børsen i Tyskland. Og dei største norske selskapa liknar dei tyske.

– Dei tradisjonelle forretningsmodellane blir utfordra. I dag handlar det om digital kunnskap og digitale løysingar, fordi verksemdene må kunne snu seg raskt. Det er ei utfordring for selskap som har store varelager, lang veg til marknaden eller slit med å tilpasse produkta etter kva marknaden vil ha. Brukaroppleving er avgjerande, seier ho.

Nytt tankesett

Mykje er med andre ord mogleg. Samstundes skjønar vi at den vedunderlege nye verda med alle dataressursane krev at vi er raske til å handle og omstille oss. Nokre kvartal unna Innovasjon Noreg-kontoret treffer eg Frode Ødegard, emigrert nordmann som arbeider i det som heiter Post-Lean Institute.

Den opphavlege Lean-tankegangen dreidde seg mellom anna om gradvis og kontinuerleg forbetring av eksisterande verksemd. Mange kjenner han frå måten japanske Toyota utvikla bilproduksjonen på. Meldinga frå Ødegård til næringslivsleiarar er å gløyme Lean. No må dei forstå korleis teknologien utviklar seg og påverkar samfunnet. Ei verksemd vil ikkje overleve dersom leiarane trur dei skal halde fram som før, men berre litt betre.

Andre oppgåver

Det er lett å finne menneske som målar i sterke og dramatiske fargar når vi spør om korleis teknologien vil påverke samfunn og bransjar. Blir det halve, ikkje heile, folket i arbeid? Kor mange og kva for arbeidsplassar vil til dømes bli borte i takt med at dataøkonomien veks og den kunstige intelligensen utviklar seg?

Kontrasten mellom dei mørkaste spådommane om jobbtap til gjengen eg treffer i kontorlokala til Aquabyte i San Francisco, er påfallande. Dei som sit i det uformelle landskapet, ser ikkje ut til å vere ute etter å øydeleggje mykje og haste av garde med gevinsten.

Sjefen sjølv, Bryton Shang, understrekar at sjølv om teknologi og maskinlæring er viktig, trengst det framleis biologar.

– Men biologane gjer ei anna oppgåve enn før. No trenar dei algoritmane. I byrjinga veit ikkje algoritmen kva ein fisk veg eller korleis lakselus ser ut. Difor har vi eit team av røynde fagfolk som trenar algoritmane, slik at dei blir stadig meir presise, fortel han.

Sjølve maskinlæringa går føre seg ved å byggje eit datasett med treningsbilete som alt er blitt korrekt analyserte av menneskelege ekspertar. Når maskinen gjennomgår datasettet, blir avvik mellom maskin og menneske korrigerte undervegs.

Som i all kunstig intelligens handlar det om kvaliteten på algoritmane. Shang forklarar at det å tolke bilete tekne under vatn, er komplisert på grunn av lystilhøve, partiklar, uklart vatn og måten fisken oppfører seg på.

Samarbeid

Darryl Weatherspoon kan mykje om kamerateknologi og stadig meir om fiskeoppdrett. Han er mest oppteken av å samarbeide med kollegaene i Noreg.

– Vi må vere sikre på at vi forstår kvarandre og lagar løysingar som kundane våre kan bruke, seier Weatherspoon.

Ulempa med å vere langt frå kvarandre er mest merkbar når eit kamera i ein fiskemerd i Hordaland slår seg vrangt. Det tek ikkje omsyn til tidsskilnaden på ni timar. Då blir det nattarbeid i California.

Både Weatherspoon og den unge sjefen hans er einige om at norske oppdrettarar er interesserte i å ta i bruk teknologi som samlar og foredlar data om korleis fisken har det.

– Oppdrettsnæringa er alt avansert. Ho har hatt mange utfordringar. Oppdrettarane veit dei må utvikle seg for å løyse alt dette, seier Shang.

I løpet av hausten får vi vite meir om korleis Noreg skal makte å hauste av store datamengder på ein måte som både gjev arbeidsplassar og innovasjon og held den etiske og juridiske standarden vi ønskjer. Då legg regjeringa fram ei stortingsmelding om datadriven økonomi og innovasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dei tradisjonelle forretningsmodellane blir utfordra. I dag handlar det om digitale løysingar, fordi verksemdene må kunne snu seg raskt.

Gro Eirin Dyrnes, Innovasjon Noreg

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis