Lita interesse for naturleg CO2-fangst
Få land i verda har satsa meir på teknisk fangst og lagring av CO2 enn Noreg. No kjem ein ekstra milliard, «til bruk på teknologiutvikling innen CO2-håndtering», som det heiter i ei utlysing frå Norges forskningsråd. At den største fangsten skjer i skogen, lèt til å vera mindre interessant.
– Her skal testanlegget byggjast, forklarer raffineridirektør Kjell Petter Aanes (til venstre) miljøvernminister Erik Solheim i oktober 2008. I 2013 blei anlegget stengt.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Ei sterk norsk satsing på teknisk fangst og lagring av CO2 (CCS) kom etter nyttårstalen til Jens Stoltenberg i 2006. Han snakka då om ei «månelanding» på Mongstad. Det skulle byggast eit anlegg for fullskala CO2-fangst og eit testsenter. Det fyrste vart skrinlagt i 2013. På sju år var det då brukt over sju milliardar kroner. I same tida vart det også brukt 620 millionar kroner på planar for slik fangst ved gasskraftverket på Kårstø, kort tid før verket vart nedlagt. Gode tider for konsulentar og forskarar.
Sjølv vitja eg NTNU i 2011, og eg diskuterte då «månelandingsprosjektet» med ein professor emeritus. Han sa at forskarar arbeidde med det, og at fleire av dei var skeptiske. «Men ingen vågar å gå ut med skepsisen,» sa han, «her står for mykje på spel.»
Eg meiner at satsinga var meir knytt til ideologi, prestisje og politikk enn til det faglege. Det var tidleg kjent at CO2-fangst var meir aktuell i kol- enn i gasskraftverk. Me visste òg at CO2-fangst i eit ferdigbygt gasskraftverk er ekstra komplisert og dyrt. Reinsinga gjev svære volum. Når me brenner eitt tonn kol, får me meir enn tre tonn CO2. Dette krev svære dimensjonar. vanskeleg å tilpassa til eit verk som alt står der. Difor må reinsing helst leggjast inn i planar for nye verk.
Store vyar
Søknader om midlar frå den ekstra forskingsmilliarden må stilast til CLIMIT, eit program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Bak CLIMIT-programmet ligg store vyar. To sitat:
«Klimautfordringen er en av de største utfordringene verdenssamfunnet står overfor. CO2-håndtering har som mål å (…) bidra til å begrense klimaendringene.»
«Langsiktig forskning på fangst og lagring av CO2 i Norge har i meget stor grad bidratt til at det verden over planlegges bygging av storskala demonstrasjonsanlegg. Forskningsmiljøene i Norge er mange og holder høyt internasjonalt nivå.»
Ei oppsummering av 20 års innsats finn me i ein rapport frå 2011, «Lange spor – CO2». Der står det: «Det er kun åtte anlegg for CO2-håndtering i verden som er i drift. Ytterligere fire er under bygging. Men ved utgangen av 2010 var det hele 234 aktive eller planlagte anlegg.»
Me kunne vel, såleis, venta oss ein enorm vekst? Men så viser statistikk frå november 2016 – seks år seinare – at veksten ikkje vart så stor. Med CCS vart det då årleg fanga og lagra 40 million tonn CO2, i fylgje Global CCS Institute. Det er mindre enn ein halv prosent av netto fangst og lagring i biosfæren på landjorda. Eit estimat frå NASA fortel at han no er på om lag 9.000 million tonn per år.
Det burde vel vera nyttig om CLIMIT-programmet og Norges forskningsråd brukar nokre ord på dette? For å setja milliardsatsinga vår inn i eit større, globalt, perspektiv?
Også nasjonalt er dette viktig. I Noreg er det gjort eit godt arbeid med teknisk fangst og lagring av CO2, på Sleipnerfeltet, med lagring i Utsira-formasjonen. Frå 1996 er der lagra om lag 1 million tonn CO2 per år. Det er, internasjonalt sett, eit pionerprosjekt, og det får mykje omtale i CLIMIT-programmet.
På naturleg vis
Men også i Noreg dominerer det som skjer i naturen. Norsk skog står for eit årleg netto opptak på om lag 26 million tonn CO2 – 26 gonger så mykje som på Sleipnerfeltet. Det skjer i røynda, men i det stille. Det vert sjeldan nemnt, også av skognæringa, forskinga og Landbruksdepartementet. Er det av di det er knytt til biologi og skogskjøtsel, og ikkje til teknikk og teknologi? Eller er det av di det ikkje er verdsett i Kyoto-avtalen og i klimarekneskapen vår, og såleis er utan pengar?
Heldigvis set ei rekkje forskarar no eit søkeljos på dette. Ikkje i Noreg, men i EU. I ein artikkel på nettstaden EURAKTIV etterlyser dei realisme i klimarekneskapa. Då må me få ei sikrare verdsetjing av inngrepa våre. Kor mykje påverkar store hogstuttak karbonlagringa i skog og skogsjord?
39 kjende forskarar på miljø, skog og ressursbruk har skrive under på innspelet, av dei ni frå Finland og Sverige. Dei stiller spørsmålet: Er EUs bokføring av klimavinstar knytt til skog truverdig? Dei tvilar på det. Dei vil ha meir vekt på forsking, og på kunnskap frå målingar over lang tid. Det er viktigare enn enkle slagord knytte til orda «grøn» og «bio».
Dauve øyre
Det er viktig å stilla desse spørsmåla også i Noreg. Vil det skje? Her er stolte tradisjonar. Me har, med Landsskogtakseringa, systematiske målingar for å overvaka skogressursane frå 1920-talet. I dette tidsromet er det fanga og bunde meir enn 1.000 million tonn CO2, takka vere fagleg og praktisk innsats, og god skogskjøtsel i farne tider. Røynsler frå dette arbeidet kan gje viktig kunnskap om berekraftig naturforvalting til nye slekter og til andre land.
Nokre av oss – fagfolk på skog, energi, økonomi og naturressursar – har i lang tid prøvt å ta opp dette temaet. Men det me skriv vert refusert, med unntak av i Dag og Tid og Klassekampen.
I 2010 skipa me til, i regi av Skjervheimseminaret, eit tredagars fagseminar om temaet: Norsk klimapolitikk og Kyoto – med spesiell vekt på karbonlagring i skog. Ei utferd til ein veldriven skog i Kaupanger var lagt inn i programmet. Me søkte Miljøverndepartementet og nokre andre institusjonar om litt økonomisk støtte, men fekk avslag frå alle. Det gav eit minus i rekneskapen på kr. 155.000.
Trygve Refsdal
Trygve Refsdal er forstkandidat og fast skribent i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norsk skog står for eit årleg netto opptak
på om lag 26 million tonn CO2 – 26 gonger
så mykje som på Sleipnerfeltet.
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.