JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lønsemda i fiskeria har store kostnader

Kvotesystemet har vore med på å gjere fiskerinæringa lønsam, men mange kystsamfunn har tapt på politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rikt hav: Noreg har lovfesta at fisken i havet ikkje kan vere i statleg eller privat eige, men tilhøyrer folket. Eit viktig føremål er òg at ressursane skal kome kystsamfunna til gode.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

12461
20200508

Norsk fiskeri i tal

I den fiskeribaserte verdikjeda utgjorde verdiskapinga 37 milliardar kroner i 2017.

I 2018 vart det eksportert sjømat frå dei norske fiskeria for 28 milliardar kroner.

Verdikjeda omfattar 28.600 årsverk.

I 2018 hadde om lag 9500 personar fiske som hovudyrke.

Frå 2008 til 2018 gjekk talet på fiskarar ned med nær 1100.

Nedgangen har vore sterkast i Troms, Nordland og Trøndelag. I Finnmark har det i same periode vorte fleire fiskarar.

Kjelde: Stortingsmelding 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping

Kvotesystemet

I 1990-åra vart retten til å fiske regulert med kvotar. Målet var å forvalte fisken på ein berekraftig måte.

Strukturering, det vil seie samanslåing av kvotar, tok til for å auke lønsemda for fiskarane ved at båtane vart færre.

Kvotane vert i hovudsak fordelte på fartøy i ulike grupper. Den havgåande flåten er ei eiga gruppe.

Kystfartøy er delte inn i open gruppe for fiskarar utan kvote og lukka gruppe for båtar med kvote.

Om lag 30 prosent av torskekvoten går til trålarane, medan resten blir fordelt på gruppene i kystflåten.

Det er styresmaktene som tildeler kvotar. Likevel vert fartøy med kvotar omsette med ein pris på kvoten.

Kvoteprisen har dei siste åra auka kraftig. Riksrevisjonen reknar med at kvoteprisen på sjarkar under 11 meter er femdobla i perioden 2009–2017.

Fiskeri

christiane@dagogtid.no

Det var den veka Stortinget etter fleire år med rapportar, høyringar og meldingar skulle samlast om eit heilt nytt kvotesystem for fisk. Det store nyhendet kunne vore at regjeringspartia saman med Frp skrota dei to mest kontroversielle forslaga i kvotemeldinga til fiskeriministeren. Korkje forslaget om å forlengje varigheita på verdifulle strukturkvoter eller forslaget om å opprette eit statleg kvotebehaldning blir noko av, og mange i næringa har pusta letta ut. Det kjem endringar i kvotesystemet, men dei store linjene i fiskeripolitikken vert vidareførte.

Resultatet av kvotemeldinga regjeringa har lagt fram, kan ikkje kallast eit nytt kvotesystem, meiner Jahn Petter Johnsen, professor ved Noregs fiskerihøgskole.

– Det byggjer på det som har vore utvikla sidan 1990-åra, seier han.

Heller ikkje saksordførar Tom-Christer Nilsen (H) framstiller det nye systemet som ei stor omvelting.

– Dei store trekka blir ikkje endra med dette. I hovudsak byggjer innstillinga på eksisterande prinsipp, seier Nilsen.

Senterpartiets næringspolitiske talsperson Geir Pollestad seier bombene i kvotemeldinga er rydda vekk, og leiar i Kystfiskarlaget Arne Pedersen kallar endringane «kosmetikk».

I ei krisetid der Stortingets næringskomité er opptekne med koronatiltak for bedriftene, kunne vedtaket truleg ha blitt banka gjennom utan særleg rabalder. Slik skulle det ikkje gå.

Prinsipp og praksis

Tysdag 28. april tok den koronafriskmelde riksrevisoren Per-Kristian Foss mikrofonen på ein digitalt overført pressekonferanse. Han sa at endringane i kvotesystemet i perioden 2004–2018 har medverka til auka lønsemd i fiskeflåten, men at dei same endringane har utfordra etablerte fiskeripolitiske prinsipp.

Med eitt kom det å «vidareføre dei store linene i kvotepolitikken» i eit nytt lys. På skjermen lyste fem punkt, fem prinsipp, som er blitt utfordra gjennom politikk ført av fleire regjeringar.

1. Eigarskapen til fartøy med kvotar er konsentrert på færre hender.

2. Fartøy med kvotar er i mindre grad eigde av registrerte fiskarar.

3. Flåtestrukturen er mindre variert, og fartøya er færre og større.

4. Utanlandsk eigarskap i fiskeflåten aukar.

5. Koplinga mellom fartøy og kvote er svekt.

På same tid viste Foss til at endringar i kvotesystemet i same periode har fått kvoteprisane til å auke, noko som gjer det vanskelegare å rekruttere nye fiskarar. Endringar i sjarkflåten har hatt negative konsekvensar for kystsamfunn, fleire fiskeriavhengige kommunar har fått redusert fiskeriaktivitet, og fleire av endringane i kvotesystemet har ikkje vore tilstrekkeleg konsekvensutgreidde av departementet.

Kystopprør

Sidan har debatten rasa. Onsdag denne veka fylte aksjonsgruppa Kystopprøret heilsides annonsar i VG og Dagbladet med klar beskjed om at fisken tilhøyrer folket i fellesskap og skal kome folket til gode – dette er lovfesta, men ikkje følgt opp. Senterpartileiaren i Gamvik i Finnmark har meldt regjeringa og Framstegspartiet til politiet, melde NRK sist tysdag. Han ber politiet etterforske brot på lova innanfor havrett og fiskeri.

Kan Stortinget vedta ein ny kvotepolitikk når riksrevisoren, med ein 180 sider lang rapport til grunn, seier at politikken i lengre tid har vore i strid med prinsippa fiskeripolitikken skal byggje på? Nei, meiner opposisjonen, som har foreslått å sende heile meldinga attende til regjeringa.

Før dette nummeret av Dag og Tid gjekk i trykken, låg det likevel an til at innstillinga frå næringskomiteen ville bli vedteken torsdag denne veka, i same form som ho vart lagd fram i 30. april, to dagar etter at Riksrevisjonen presenterte funna sine. Opposisjonsforslaget om å sende heile meldinga attende til regjeringa får dermed ikkje fleirtal. Det får heller ikkje forslaget om å innføre eigarskapsgrenser i kystfiskeflåten eller forslaget frå Senterpartiet og SV om å greie ut eit heilt nytt konsesjonssystem for retten til å fiske.

Mål mot mål?

Kva er prinsippa som ligg til grunn for norsk fiskeripolitikk? I havressurslova finn vi det mest grunnleggjande: «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.» Formålet med lova er definert som «å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevende marine ressursar (...), og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna».

Formålet med deltakarlova er definert som «å tilpasse fiskeflåtens fangstkapasitet til ressursgrunnlaget for å sikre en rasjonell og bærekraftig utnyttelse av de marine ressurser, å øke lønnsomheten og verdiskapingen i næringen, og gjennom dette trygge bosetting og arbeidsplasser i kystdistriktene, og å legge til rette for at høstingen av de marine ressurser fortsatt skal kome kystbefolkningen til gode».

Ønsket om å tilpasse fangstkapasiteten i fiskeflåten til ressursgrunnlaget, med andre ord å kutte talet på fiskebåtar til eit nivå som kan gje lønsam drift ut frå mengda av fisk i havet, har lege – og ligg framleis – til grunn for eit av dei mest sentrale grepa i fiskeripolitikken, den såkalla struktureringa.

Medan fiskekvotane blei forhandla fram som resultat av overfiske og behov for å forvalte fisken på ein meir berekraftig måte i slutten av 1980-åra, inneber struktureringa å flytte kvotar frå eitt fartøy til eit anna, slik at færre fiskarar må dele på fiskebestanden. Politikken har ført til færre båtar og auka lønsemd, men òg ein prisgalopp på fartøy med fiskeløyve og kvotar. Stadig færre fiskarar har rett til å hauste av matfatet i havet. Stadig færre har råd til å kjøpe seg inn.

Sterke reaksjonar

I Kystfiskarlaget er reaksjonen på prosessen den siste veka sterk.

– Vi har meint veldig sterkt at den meldinga ikkje kan bli vedteken som ho er, i og med at det har kome ei klar melding frå Riksrevisjonen, seier leiar Arne Pedersen.

– Det partiet eg er mest skuffa over, er KrF, fordi kvotemeldinga ikkje berre handlar om pengar og verdiar, men fyrst og fremst tek for seg kven som skal ha tilgang til fiskeressursane. Det er avgrensa. Alt vi har, er utnytta, så det ein no drøftar i meldingane, er ikkje konsekvensar for menneske og samfunn, men pengar, pengar, pengar.

Pedersen seier struktureringa er driven altfor langt.

– Somme har tileigna seg så store delar av fiskemengda at dei lever i sus og dus. Det er så store pengar i dette spelet at det er ikkje til å forstå, seier han.

Kystfiskarlaget ønskjer seg ein heilt ny kvotepolitikk der kvotar som er kjøpte opp av havgåande fartøy, blir flytta til sjarkflåten som fiskar nærare kysten.

– Det anstendige hadde vore å ta eit steg attende. La folk delta i debatten om konsekvensane av kvotesystemet, som er utforma på dei dyraste konferansehotell der vanlege kystfiskarar ikkje er inviterte.

Vil gå i dialog

I Fiskarlaget ser ein annleis på saka. Ein kjem ikkje så mykje lenger ved å setje meldinga til sides, meiner leiar Kjell Ingebrigtsen. Han er ikkje samd i alt som no blir vedteke, men vil gå i dialog med regjeringa om den vidare politikkutforminga når den tid kjem.

– Vi er klar over kva Riksrevisjonen har sagt, og vi meiner det kan takast hand om sjølv om innstillinga er behandla på Stortinget. Fiskerinæringa har gått frå å vere ei sterkt subsidiert næring til å drive utan subsidiar frå staten og til å bli ein stad der unge har lyst til å vere. Ein stad der mange har lyst til å satse på fleire båtar. Då må vi sørgje for eit regelverk som er så godt og sikkert at vi kan gjere nødvendige investeringar.

Ingebrigtsen minner om at det er høvet til å slå saman kvotar som har gjort næringa lønsam.

– Vi var for mange i forhold til ressursgrunnlaget. Vi har gjennomført prosessen ved hjelp av eigne middel. Næringa har teke eit skippertak, seier han.

Ikkje gløymd

I meldinga blir politikken framstilt på ein ganske annan måte enn i rapporten frå Riksrevisjonen:

«I norske fiskerier er bestandene bærekraftig forvaltet, fiskeflåten driver lønnsomt og aktiviteten er spredt langs kysten. I så måte kan dagens kvotesystem sies å være i overensstemmelse med formålene og de overordnede hensynene vi legger til grunn for fiskeriforvaltningen», står det mellom anna.

Johnsen frå Fiskerihøgskolen lèt seg ikkje overraske over at Riksrevisjonen og regjeringa teiknar to ulike bilete av situasjonen.

– Det er ikkje så rart at regjeringa legg vekt på andre ting enn eit kontrollorgan. Riksrevisjonen peiker på plikta til å greie ut, og at ein bør få på plass reglar for eigarkonsentrasjon. For oss som har halde på med dette lenge, er det ikkje noko nytt i rapporten frå Riksrevisjonen. Det kan heller ikkje vere nytt for politikarar. Det har vore foredrag og debattinnlegg om denne utviklinga i 20 år.

Nedgangen i talet på fiskarar var formidabel før vi fekk kvotesystemet, seier Johnsen.

– Det hang saman med lønsemda. Riksrevisjonen seier òg at lønsemda no er god, så bedriftsøkonomi må vegast opp mot lønsemda for samfunnet. Tolkinga av kva som medverkar til sysselsetjing og busetjing vil òg vere ulik. Som Riksrevisjonen seier, har det gått opp nokre stader og ned andre. Det generelle biletet er at næringa medverkar til færre samfunn enn tidlegare. Noko heng saman med fiskeripolitiske tiltak. Samstundes er det eit mål om å tilpasse fangstkapasitet til kvotegrunnlag, som gjer at ein må ha færre fartøy og konsentrasjonstendensar.

– For to år sidan måtte dåverande fiskeriminister Per Sandberg trekkje ei stortingsmelding med ny fiskeripolitikk. Er det vanskeleg å gjere store endringar?

– Ja, det er vanskeleg. Hovudtrekka i fiskeripolitikken er bygde på breie kompromiss med Ap, sentrumspartia og Høyre. I hovudtrekk har Frp òg støtta opp under politikken.

Han peiker på at også organisasjonane har klart å finne kompromiss, og på Fiskarlaget som arkitekt bak fordelingsnøklane.

Johnsen kallar fiskeriforvaltning ei vrang utfordring.

– Det er vanskeleg å detaljstyre næringa. Ho er dynamisk. Ressursane svingar, og marknaden svingar og er påverka av kronekurs, kostnadsnivået i samfunnet, handelspolitikk og ei rekkje andre ting. Dei politiske måla som Riksrevisjonen peiker på, er jo dels i strid med kvarandre og gjer at ting heile tida må vegast mot kvarandre. Nokre av omsyna er det ikkje mogleg å vareta samstundes.

Forsvarer prosessen

Tom-Christer Nilsen frå Høgre forsvarer at meldinga no blir vedteken, trass i kritikken frå Riksrevisjonen.

– Det som kom frå Riksrevisjonen, var ikkje noko lyn frå klar himmel. Utviklingstrekka blir omtalte i meldinga og i rapporten frå Eidsen-utvalet, seier Nilsen og viser til utvalet som la fram ein NOU om kvotesystemet i 2016.

– Eg meiner at ei lang rekkje av tiltaka våre faktisk møter det Riksrevisjonen peiker på, seier han.

Pollestad frå Senterpartiet seier meldinga inneber at utviklinga held fram som før.

– Det blir meir av ei utvikling som nok kan auke lønsemda for dei som er fiskarar i dag, men som vil gjere rekruttering vanskelegare, og som kystsamfunna vil tape på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er så store pengar i dette spelet at det er ikkje til å forstå.

Arne Pedersen,
leiar i Kystfiskarlaget

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis