Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lufta kan ikkje vera like fri for alle

Fellesskapet har rettmessig krav på superprofitten ved å utnytta «gratis» naturressursar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vindmøller til havs: Statsminister Erna Solberg vitja anlegget til Kværner på Stord i valkampen i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

5101
20180608
5101
20180608

hompland@online.no

Stortingsfleirtalet røysta ned SVs forslag om produksjonsavgift på havbruksanlegg for laks og aure. Men regjeringspartia, Arbeidarpartiet og KrF vil i det minste ha ei offentleg utgreiing om grunnrenteskatt på havbruk.

Dette er ordførarar Ole L. Haugen i Hitra, ein av dei store oppdrettskommunane, godt nøgd med: «Det positive er at det er et bredt flertall på Stortinget for en beskatning som tilgodeser vertskommunene med en rimelig andel av de verdier som skapes i sjøallmenningen. Saken dreier seg ikke lenger om det skal kreves inn vederlag, men om hvordan det skal kreves inn, og ikke minst om hvordan midlene skal fordeles.»

SLIKE ORDNINGAR kan ha ulike namn og former: arealavgift, produksjonsavgift, eksport­avgift, ressursrente, «særskatt på renprofitter», grøn skatt eller grunnrente. Poenget er at det ekstraordinære overskottet frå knappe og «gratis» naturressursar ikkje skal gå til arbeidskrafta og kapitalen i den aktuelle næringa, men tilfalla fellesskapet.

Dette er eit etablert regime for vasskraft og olje, men ikkje for havbruk og vindkraft, sjølv om prinsippet er grundig drøfta i diverse meldingar og NOU-ar – sist i Scheel-utvalet (NOU 2014:13): «For utvalgte sektorer kan en modell der standard selskapsskatt kombineres med en egen grunnrenteskatt være aktuell. Utvalget viser til at en allerede har slike skatter i vannkraft- og petroleumssektoren.»

På Jeløya blei grunnrenta grunnfesta i grunnlagsdokument til regjeringa: «Naturressurser bør beskattes slik at overskuddet tilfaller fellesskapet.» Men prinsippet har ein tendens til å hamna i vindstilla og bakevja når dyktige næringslobbyistar kjempar for profitten frå merdar og vindmøller i den nasjonale allmenningen. Og Finansdepartementet skyr øyremerking og vil ha all proveny innom statskassa.

DEN LANGE LINA i denne striden går tilbake til konsesjonslovene først på 1900-talet. Johan Castberg (1862–1926), som nyleg har fått sin biografi (Jens Olai Jensen: Et brennende hjerte), var ein nasjonal strateg i utviklinga av den nasjonale velferdsstaten – med barnelover, allmenn røysterett, sosialpolitikk og konsesjonslover.

Den politiske basen hans var arbeidarsamfunn og husmenn i Oplandene. Han hadde sitt eige parti, det sosialradikale Arbeiderdemokratene, som var ein del av den breie Venstre-koalisjonen, og sjølv var han «den reneste av de rene» i Venstre.

Det ideologiske ankerfestet var Henry George og boka Fremskridt og Fattigdom frå 1879. Georgistane meinte at naturressursar som jord, skog, vatn, olje og fisk burde overtakast av samfunnet. Castbergs lettversjon var denne: «Det er bare rettfærdig at den værdi­stigning som er skapt ved og av samfundets vekst, tilfaller samfundet.»

I FØRSTE RUNDE kom det lover i panikk for å sikra norsk vasskraft mot utanlandske eigarar. I neste omgang hadde Castberg omsorg for kommunane som blei tømde for folk og elvevatn: «Man skal til det yderste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer avsidesliggende og karrig utstyrte distrikter, ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser.»

Små og perifere vasskraftkommunar har kome godt frå det. Fleire av dei er landets rikaste – per uttynna innbyggar. Så greitt har det ikkje gått i neste fase i tappinga av Sareptas krukke for lokale ressursar. Om grunnrenteskatt for fiskeoppdrett kjem på plass, står vindmøllene att, og i denne kampen treng Don Quijote betre væpnarar enn Sancho Panza.

VERTINNA LIKER IKKJE vindmøller fordi pensjonatgjestene klagar på at dei får dei rett i glaninga når dei ser ut over fjord og fjell. Ho kan forstå at grunneigarane gjerne vil tena litt pengar på vêrharde fjell­knattar. Men ho skjønar ikkje at styresmaktene godtek monstermøller som skal laga subsidiert straum slik at tyske pensjonistar blir gratispassasjerar på den norsk vindallmenningen.

Byråsjefen meiner at vindmøller er nyttige og vakre og vitnar om fornuft og framgang. Han er ikkje castbergianar. Han synest det er gale at småkommunar får svære konsesjonsinntekter når storsamfunnet ser det som nødvendig og blir samd med grunneigarane om å bygga ut eit vassdrag. Men når så gale har skjedd, må det vera likebehandling av ulike naturressursar. Det er urettferdig og vindskeivt at vertskommunane sit att med svarteper i unyttinga av sjøvatn og vind.

SPALTISTEN tar ikkje på seg å skifta vind og vêr mellom hjelpeskrivarane. Han veit at ordtak ikkje kjem ut av lause lufta, og at eitt har kome drivande med vinden frå Profeten Hoseas og den evige krigen i Samaria (Hos 8,7): «Vind sår dei, og storm skal dei hausta. Kornet skyt ikkje aks og gjev ikkje mjøl, og gjev det mjøl, et andre det opp.»

Ein treng ikkje vera profet for å forstå panikken i norske vertskommunar om sol og vind, sjøvatnet og lufta skal vera fri for alle – også for kypriotar og andre kryptiske kapitalistar.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«I kampen om vindmøllene treng Don Quijote betre væpnarar enn Sancho Panza.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis