Manglar oversyn over barn som vert etterlatne utanlands
33 barn med innvandrarbakgrunn har vorte vekke frå Hammerfest dei siste fem åra. Omfanget er truleg ikkje eineståande for Hammerfest.
I 2004 varsla dåverande kommunalminister Erna Solberg tiltak for å finne ut kor mange barn med innvandrarbakgrunn som vert sende ut av landet for å gå på skule. Kunnskapsdepartementet jobbar framleis for å skaffe kunnskap om omfanget.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Integrering
eva@dagogtid.no
Nyleg vart det kjent at 33 barn med innvandrarbakgrunn i løpet av dei siste fem åra er tekne ut frå barnehagar og skular i Hammerfest og oppheld seg utanlands. Mange av barna er somaliske, og fleire av dei har norsk statsborgarskap.
Tala uroar. Endå meir urovekkjande er det å sjå kor lite det offentlege Noreg veit om, og har klart å gjere med, problematikken – både i Hammerfest og på landsbasis.
At fleire norske barn vert sende til opphavslanda til foreldra for å gå på skule i ein periode, er ikkje nytt. Alt i 2004 varsla dåverande kommunalminister Erna Solberg (H) tiltak for å finne ut kor mange barn det dreidde seg om, og kor lenge dei var ute av Noreg. Likevel er det i dag ingen offentlege instansar som har oversyn over kor utbreidd dette er.
Åtte nye vekke
Hammerfest kommune har heller ikkje drive systematisk kartleggingsarbeid før inntil nyleg. Ellen Johansen, som er fagleiar i innvandrartenesta i kommunen, seier dei fyrst i 2017 vart merksame på at barn folkeregistrerte i kommunen vart vekke.
Då dei våren 2018 skaffa seg oversyn over kor stort omfanget var, vart det organisert ei tverrfagleg gruppe av helse- og sjukepleiarar og representantar frå barnevernstenesta og skulesektoren. Dei samarbeider i saker der barn med innvandrarbakgrunn vert vekke, førebyggjer utreise, driv opplysingsarbeid og støttar opp når barn returnerer til Hammerfest, seier barnevernsleiar Bodil Negård i Hammerfest.
Like fullt har det i ettertid forsvunne endå fleire barn. Til saman var det åtte barn som ikkje kom tilbake til skular og barnehagar i kommunen etter sommarferien.
– Gjeld fleire tusen
Hammerfest-ordførar Marianne Sivertsen Næss (Ap) vedgår at kommunen ikkje har hatt gode nok rutinar for å fange opp omfanget og handtere at barn og unge har vorte vekke. Samstundes rosar ho innvandrartenesta for å ha oppdaga noko som truleg gjeld fleire kommunar rundt om i landet.
Arve Paulsen, som er kommunalsjef for barn og unge i Hammerfest, seier forsvunne barn er eit nasjonalt problem. Han syner til at innvandrartenesta i Hammerfest no har vorte kopla opp mot både Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) og ei ekspertgruppe regjeringa har sett ned for å gå gjennom saker der unge har vorte verande att i utlandet.
– Det er veldig mange kommunar som opplever det same som vi, at familiar flyttar ut av landet, permanent eller i periodar. Det gjeld i storleiksorden fleire tusen, sa han i ei orientering til kommunestyret nyleg.
Negård trur heller ikkje tala er unike for Hammerfest.
– Det som er unikt med Hammerfest, er at vi no faktisk har kontroll og oversyn over kor mange dette gjeld.
Fleire ut av skulen
I går kom tal frå Utdanningsdirektoratet som syner at 218 elevar i norsk grunnskule ikkje møtte opp ved skulestart i august og framleis var utanfor opplæring 1. oktober i år. Det er seks fleire enn i fjor. Dei nasjonale tala seier likevel ingenting om kven dei 218 elevane er, eller årsaka til fråværet.
Andreas Halse, som er fungerande direktør i analyse- og mangfaldsavdelinga i Imdi, seier det er kommunane som har ansvar for å ha oversikt og følgje opp saker der barn vert vekke frå skulen og oppheld seg utanlands. Imdi er uroa over situasjonen og har planar om å kontakte alle kommunane for å få meir kunnskap om omfanget.
Statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Kunnskapsdepartementet seier Oslo Economics òg har fått i oppdrag å kartleggje kva erfaringar kommunane har med barn og unge som vert etterlatne i utlandet. I tillegg har regjeringa sett ned ei ekspertgruppe som går gjennom enkeltsaker og ser på korleis dei som har kome tilbake etter å ha vore utanlands i ein periode, har vorte følgde opp.
Skaug syner til at det nasjonale tverretatlege fagorganet som skal gje råd og rettleiing i saker som handlar om tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre former for æresrelatert vald, i fjor fekk inn 595 førespurnader. 15 prosent av dei gjaldt personar som ufriviljug vart etterlatne i utlandet, noko som er ein høgare prosentdel enn i både 2016 og 2017. Dei fleste førespurnadene fagorganet fekk i 2018, gjaldt personar med opphav frå Pakistan, Somalia, Irak, Syria og Afghanistan, og det var personar med opphav frå Somalia som i størst grad var etterlatne i utlandet.
Uroa for nokre
Dei 33 barna som har forsvunne frå Hammerfest, høyrer til i sju familiar som alle har vore lenge i Noreg. Nesten alle barna er òg sjølv fødde i Noreg.
Arve Paulsen seier det i stor grad er snakk om barn som fyrst dreg på ferie, men der ferien vert forlengd, ofte med forklaring om at bestemor har vorte sjuk og må passast på. Økonomi, og det at pengane varar lenger i andre delar av verda, vert òg halde fram som ei forklaring frå nokre av foreldra, seier han.
– I tillegg ser vi nokre tilfelle der valet om å reise kjem fordi barna kan vere i trøbbel, barnevernet kan vere kopla inn, eller barna har sosiale utfordringar på skulen, seier han.
Samstundes er det ingen som veit sikkert kva som har skjedd med alle dei 33 som har forsvunne.
Barnevernet har skaffa seg oversikt over 15 av barna som har vorte borte i løpet av dei to siste åra. Negård seier at alle dei 15 er saman med ein føresett, og at skulebarna går på skule. Nokre har òg vore i kontakt med norske ambassadar utanlands for å fornye pass, og barnevernet er informert om at somme av dei òg kjem til å kome tilbake.
Dei som forsvann før 2018, veit kommunen mindre om. Nergård er uroa for at nokre av dei kan vere utsette for kjønnslemlesting eller har vorte gifta vekk.
– I nokre tilfelle er vi uroa for det, men det gjeld ikkje for alle, seier ho.
For alle dei 33 tilfella er det likevel snakk om barn som har vore vekke frå vener, skule eller barnehage og nettverk i Hammerfest i mellom eit halvt og fem år.
– Det er jo ikkje forbode å reise ut av landet med barn. Det som er trist, er at dei tapar opplæring og språkutvikling, og det gjev dei utfordringar når dei skal tilbake til Noreg og kanskje gå på ungdomsskule eller vidaregåande, seier Nergård.
– Bidreg til utanforskap
Den norsk-somaliske forfattaren Amal Aden meiner at det å sende barn ut av landet er ei oppskrift på utanforskap. Ho meiner norske styresmakter bør gjere langt meir enn i dag for å hindre at det skjer.
– Eg trur det vi høyrer om no, berre er toppen av isfjellet. Mange unge vert sende fram og tilbake. Og dei hamnar fort utanfor når dei kjem heim att. Det går ut over integreringa og er ei stor ulempe for barna, seier ho.
Argumentet om at nokre foreldre sender barna utanlands av økonomiske grunnar, trur ho ikkje eitt sekund på.
– Dette handlar i mange tilfelle om religion og kultur. Ofte gjeld det ungdom som foreldra meiner har vorte «for norske». Det er heller ikkje alle som går på skule medan dei er vekke. Nokre går berre på koranskule, der alt handlar om religion. Det har heller ikkje noko med manglande informasjon om det norske systemet å gjere. Foreldra veit at det å sende barna ut, bidreg til at dei ikkje vert så godt integrerte, seier ho.
– Kva meiner du bør gjerast?
– Det må i større grad få konsekvensar for foreldra om dei sender barna ut. Å reise til besteforeldre i feriane er ok, men det er ikkje ok at barna vert tekne ut av skulen. Det er jo her i Noreg dei skal integrerast.
– Kva følgjer bør det få?
– Det må styresmaktene undersøkje og ta stilling til. Men det bør skje tiltak på nasjonalt nivå, for dette gjeld mange, og barna det er snakk om, er norske, seier Aden.
Ingen oversikt
Rådmann i Hammerfest Leif Vidar Olsen seier det er lite kommunen kan gjere for å hindre at folk reiser på ferie eller turar ut av landet. Det er òg lite kommunen kan gjere for barna når dei ikkje lenger er i landet.
Etter opplæringslova har barn som er busette i Noreg, både rett og plikt til grunnskuleutdanning, og kommunane kan melde foreldre som tek barna ut av skulen, for brot på opplæringslova. Foreldra kan på visse vilkår då verte straffa med bøter. Når barn er meir enn tre månader utanlands, stoppar òg retten til barnetrygd.
Kor mange gonger det er gjeve bøter, eller kor mange som har fått barnetrygda stoppa, er det derimot ingen som har oversikt over.
Statssekretær Skaug seier det er kommunane som har ansvar for eventuelt å melde foreldra til politiet, og politiet lokalt som må svare for omfanget.
Verken Politidirektoratet eller Domstoladministrasjonen har høve til å filtrere ut slike straffesaker i systema sine. Frå Nav får Dag og Tid opplyst at det heller ikkje finst statistikk over kor mange som har mista barnetrygda for å ha teke med barn utanlands.
Dersom situasjonen i Oslo er ein indikasjon, er det truleg ikkje mange som vert bøtelagde. Aftenposten skreiv i fjor at foreldra til 27 barn i Oslo vart melde til politiet mellom 2013 og 2018 fordi barna ikkje møtte på skulen. Eit fleirtal av sakene gjaldt norske rombarn. I 17 av tilfella vart sakene lagde vekk på grunn av manglande sakshandsamingskapasitet. Berre i eitt tilfelle fekk foreldra bot.
Trur på førebygging
Ingen av sakene i Hammerfest har ført til bøtelegging.
– Hammerfest kommune har ikkje behov for straffeforfølging. Vi ønskjer heller å få til ein dialog med foreldra og prøve å få til endring, seier Negård.
Statssekretær Skaug meiner òg at straff kjem i andre rekkje.
– Det er viktig at vi har eit lovverk med sanksjonshøve, som eit verkemiddel i dei alvorlegaste sakene. Men det aller viktigaste vi kan gjere, er å førebyggje. Målet er å fange opp utsette barn langt tidlegare, seier han.
I fjor sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til Aftenposten at ein òg må vurdere å stoppe andre offentlege ytingar for foreldre som held barna vekke frå skulen. På spørsmål om kva som har skjedd av innstrammingar sidan, syner Skaug til følgjande tre tiltak:
Nyleg vedtok Stortinget eit lovforslag som gjer det enklare å nekte eller inndra pass og ID-kort for barn dersom det er mistanke om at dei kan verte utsette for straffbare forhold i utlandet. I tillegg har regjeringa greidd ut kutt i Nav-ytingar i situasjonar der foreldra sender ut barn og unge mot deira vilje. Forslaget er no til handsaming i Stortinget saman med eit forslag om endringar i folketrygdlova som gjer at det vert stilt krav om busetjing og opphald i Noreg for barn og ektefelle ein får forsørgjartillegg for.
I svaret presiserer Skaug at vedtaket som gjer det lettare å nekte eller inndra pass og ID-kort, berre gjeld for barn som ikkje er norske statsborgarar. Det inneber at det ikkje kunne ha stoppa alle dei 33 forsvinningane i Hammerfest.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det vi høyrer om no, er berre toppen av isfjellet.
Amal Aden
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.