JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Med munningen mot sine eigne

President Trump nyttar eit språk som minner om borgarkrig. Men truleg er militariseringa av politiet i USA eit større problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Soldatar frå nasjonalgarden i Georgia på gata i Atlanta 2. juni. Nasjonalgarden vart sett inn av guvernøren i Georgia for å stogge opptøyane som braut ut etter drapet på George Floyd.

Foto: Erik S. Lesser / EPA / NTB scanpix

11804
20200605
11804
20200605

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Onsdag kveld hadde minst tolv liv gått tapt i den bølgja av demonstrasjonar og opptøyar som vart utløyste av drapet på George Floyd i Minneapolis 25. mai. Både demonstrantar og politifolk er blant offera, og det er innført unnatakstilstand og portforbod i ei rekkje amerikanske byar. Trass i alt dette er USA langt frå å vere eit land i borgarkrig. Men ordbruken til den øvste politiske leiinga i landet dei siste dagane, og viljen til å bruke væpna styrkar mot sine eigne borgarar, kan få kven som helst til å lure.

Krigsarena

Donald Trump har ikkje vore særleg interessert i å skilje mellom fredelege demonstrantar, valdelege demonstrantar og dei som driv med hæverk og rein plyndring, og han har lova å setje inn «tungt væpna soldatar» som skal «dominere gatene». Både presidenten og forsvarsminister Mark Esper har brukt uttrykket battlespace om USA.

Når dei øvste leiarane i USA snakkar om gatene i sitt eige land som ein krigsarena, er det ikkje overraskande at politiet har gått hardt til verks mot demonstrantar i mange byar. Og om konfliktane eskalerer vidare, kan ein frykte for kva dei neste stega blir. Presidenten har sjølv truga med å bruke ikkje berre politiet og nasjonalgarden for å skape orden, men òg regulære militærstyrkar. I kombinasjon med det aggressive språket til Trump er alle dei tre trugsmåla urovekkande, kvar på sine måtar.

Bajonettar

Vi tek for oss politiet først. Den amerikanske politistyrken har i mange år fått tildelt utstyr som er betre eigna til å føre krig enn til det ein normalt reknar som politiarbeid. Det er til dømes ikkje openbert at vanlege politifolk treng granatkastarar, pansra køyrety, militære automatvåpen og bajonettar(!), og mange kritiske røyster i USA hevdar at slik utrusting gjer noko med rolleforståinga.

Opprustinga av politiet i USA skaut for alvor fart i 1997, med det såkalla 1033-programmet til Forsvarsdepartementet. Denne ordninga opna for at overflødig forsvarsmateriell kunne overførast til lokale politistyresmakter, som berre trong å betale fraktkostnaden. Militært utstyr verdt meir enn 70 milliardar kroner er overført til politiet i USA på dette viset, ifølgje nettmagasinet Vox. Mykje av dette er ganske trivielle ting som sambandsutstyr og klede, men det inkluderer altså òg grovkalibra automatvåpen og pansra, minesikre beltevogner laga for krigssituasjonar. Sjølv lokale politistasjonar i amerikanske småbyar har hatt tilgang til slikt militært utstyr.

Må brukast

Føreseieleg nok: Tilhengjarane av programmet meiner at opprustinga av politiet har gjort USA tryggare, medan kritikarane meiner resultatet er meir politivald og overdriven maktbruk. Båe sider viser til studiar dei meiner underbygger synet deira, og det er ingen fagleg konsensus om effekten. Men det er verdt å merke seg at 1033-programmet hadde innebygd i seg noko ein kan kalle eit perverst insentiv: For at ein lokal politistyrke skulle behalde det militære utstyret sitt, måtte det takast i bruk minst éin gong årleg.

Ferguson-saka

Etter demonstrasjonane i Ferguson i Missouri i august 2014 kom programmet for alvor i miskreditt. Protestane tok til etter at ein politimann hadde skote og drepe den 18 år gamle afroamerikanaren Michael Brown. Nokre av omstenda kring drapet er omstridde, men det er heva over tvil at Brown ikkje hadde våpen, og han vart skoten seks gonger. Da folk kom ut i gatene i Ferguson for å demonstrere mot maktmisbruk frå politiet, vart dei møtte av politi med pansra militærkøyrety. Somme nytta òg høvet til å plyndre og drive hærverk, og da situasjonen eskalerte, nytta politiet sjokkgranatar, gummikuler og tåregass mot demonstrantane.

Politiet hevda at dei berre forsvarte seg, men kritikarane meinte at framferda til politiet i seg sjølv førte til valdelege samanstøytar. Og etter gateslaga i Ferguson den hausten stramma president Obama i 2015 inn reglane for overføring av militærutstyr til ordinære politistyrkar. Til dømes vart det slutt på å gje politiet tilgang på bajonettar og granatkastarar frå forsvaret. Militært utstyrt politi kunne gje folk ei kjensle av at politiet var «ei okkupasjonsmakt, ikkje ein styrke som var der for å verne og tene dei», sa Obama.

Pengeflaum

Innstramminga varte ikkje lenge. Alt i 2017 reverserte president Trump vedtaket til Obama. Justisminister Jeff Sessions sa at endringa hadde sett politifolk i fare, og lova at president Trump ville gjere alt han kunne for å oppretthalde lov og orden og støtte politiet i USA.

Men i praksis har ikkje endringane i 1033-programmet vore den avgjerande faktoren for militariseringa av politiet i USA. Det har òg vore andre måtar å væpne politifolk til tennene på, ikkje minst gjennom løyvingar frå Department of Homeland Security (DHS), gigantdepartementet for tryggleik som vart oppretta etter terroråtaket på USA i 2001. Frå 2002 til 2014 delte DHS ut kring 400 milliardar kroner til politistyrkane i USA, skreiv tidsskriftet Mother Jones i 2014. Desse pengane skulle i utgangspunktet gå til utstyr og tiltak for å kjempe mot terrorisme, men politiet har stått fritt til å nytte ressursane til andre føremål.

Krigarpoliti

Denne store og breie opprustinga av politistyrken heng saman med demonstrasjonane og opptøyane i USA denne veka på meir enn éin måte. Framferda til eit militarisert politi er med på å drive fram sinnet og mistilliten mot politiet også i kvardagen.

Det er dette forfattaren Radley Balko har kalla «framveksten til krigarpolitiet» i boka The Rise of the Warrior Cop. Dei såkalla krigane mot narkotika og terror har båe vore drivkrefter for ei massiv opprusting av amerikansk politi på eit vis som også pregar det daglege politiarbeidet. Eitt døme er den kolossale satsinga på såkalla «SWAT-teams» rundt i USA. Forkortinga står for «Special Weapons and Tactics», altså spesielle våpen og taktikk.

Desse tungt væpna, spesialtrente einingane vart utvikla i 1960-åra for å handtere ekstremsituasjonar som gisseltaking eller masseskyting. Men SWAT-teama vart tekne i bruk til stadig fleire oppgåver, mange av dei meir kvardagslege. Sidan 1980-åra er talet på årlege SWAT-raid i USA tjuedobla, frå 3000 til 60.000, skreiv magasinet Mother Jones i 2014. Storparten av desse raida er ikkje ekstremsituasjonar i det heile. Dei fleste er retta mot heimane til mistenkte i ordinære narkotikasaker, og i kring halvparten av tilfella vart det ikkje funne narkotika i det heile – og heller ikkje våpen.

Ifølgje ein studie utført for borgarrettsorganisasjonen American Civil Liberties Union i 2014 var 71 prosent av SWAT-raida retta mot afrikoamerikanske mistenkte. Afroamerikanarane utgjer 13 prosent av folkesetnaden. Slike tal skaper ikkje nett brei tillit til måten politiet arbeider på.

Nasjonalgarden

Same kor militarisert politistyrken i USA har blitt, har ikkje politiet vore nok til å handtere massedemonstrasjonane og opptøyane dei siste dagane. I Minnesota sette dei inn styrkar frå nasjonalgarden for å stogge opptøyane og plyndringa i Minneapolis 28. mai. Den 2. juni hadde minst 23 delstatar teke i bruk soldatar frå nasjonalgarden. Kring 20.000 soldatar frå nasjonalgarden skal vere sette inn mot gateuroa.

Denne reservestyrken tel kring 450.000 soldatar, og kvar delstat rår over ein del av nasjonalgarden. Han er ein del av forsvaret til USA og har iblant blitt sett inn i krigar utanlands. Men denne styrken kan òg brukast i innanlandske kriser, anten det er som hjelpearbeidarar etter naturkatastrofar – eller for å stogge opptøyar i gatene, slik det no skjer i ei rekkje delstatar.

Stygg historie

Desse styrkane har i det minste ein fordel i møtet med demonstrantar i gata: Nasjonalgarden er ikkje ein del av det politiet som demonstrasjonane er retta mot. Men denne styrken rår over eit enda mykje større arsenal enn politiet gjer, og bruken av tungt væpna soldatar kan i seg sjølv bidra til eskalering. Og bruken av nasjonalgarden som opprørspoliti i USA har ei til dels stygg historie. Tidleg på 1900-talet nytta delstatane slike styrkar mot streikande arbeidarar, og i 1968 sende guvernør Ronald Reagan i California inn over 2000 gardistar pluss helikopter frå nasjonalgarden mot antikrigsdemonstrantane på Berkeley-universitetet.

Storparten av garden er sivile som har ei øvingshelg i månaden pluss ein samanhengande treningsperiode på to veker kvart år. Dei fleste av soldatane har dermed nokså avgrensa kunnskap om korleis dei skal handtere gatedemonstrasjonar. Og mange av dagens nasjonalgardistar har erfaringar frå krigane i Irak og Afghanistan – erfaringar som kanskje ikkje er så nyttige i møtet med demonstrantar i USA.

Opprørslova

Men sjølv om nasjonalgarden no er sett inn i nesten halvparten av delstatane i USA, er det ikkje nok for president Trump. Ikkje alle guvernørar har ønskt å nytte militære styrkar mot demonstrantar innanlands, og Trump har truga desse med at han kan setje inn hæren på eiga hand. «Om ein by eller delstat nektar å gjere det som trengst for å forsvare livet og eigedomen til innbyggjarane, vil eg setje inn militæret og raskt løyse problemet for dei», sa Trump måndag.

Om presidenten faktisk har heimel i lovverket til å gjere dette, er omdiskutert. Ei lov frå 1878 forbyd bruk av føderale militære styrkar som politi innanlands. Men Trump viser på si side til ei lov frå 1807, «Insurrection Act» – opprørslova – som opnar for at presidenten kan setje inn hæren sjølv om ein delstatsguvernør ikkje ønskjer det. Og det finst ein del presedens her, for det er fleire døme på at presidentar har sett inn føderale styrkar i delstatane i etterkrigstida. Eitt av tilfella var da Dwight D. Eisenhower i 1957 sende 1000 soldatar frå hæren til Arkansas for å sikre tryggleiken til afroamerikanske elevar som skulle byrje på ein skule som før hadde vore berre for kvite.

Kamphelikopter

Dagens republikanske president har enno ikkje overprøvd guvernørane ved å setje inn hæren mot verken demonstrantar eller plyndrande pøbel rundt i landet. Men måndag kveld fekk Trump i det minste demonstrert militærmakt rett utanfor si eiga dør. Da vart ein fredeleg demonstrasjon i nærleiken av Det kvite huset rydda av politi med skjold, tåregass og gummikuler, for at Trump sjølv skulle få avvikle ein fotoseanse ved ei kyrkje like ved.

I tillegg til politioppbodet på bakken flaug militære kamphelikopter av typen Black Hawk svært lågt over demonstrantane – ein bodskap som verkar nokså tydeleg. Forsvarsminister Mark Esper har sagt at han vil granske kven som fekk helikoptera til å flyge farleg lågt. Han treng kanskje ikkje leite så lenge. Nyhendebyrået AP melde tysdag at presidenten sjølv skal ha kommandert ut helikoptera til å flyge over demonstrantene «for å vise styrke».

Retrett

Det er uvisst kor mange i det amerikanske militæret som faktisk støttar tenkinga til Trump om å nytte militærmakt mot eigne borgarar. Men ifølgje CNN skal motstanden i Forsvarsdepartementet vere stor. Og den borgarkrigsliknande retorikken frå presidenten har fått offentleg motstand frå fleire tidlegare leiarfigurar i det amerikanske forsvaret.

General Martin E. Dempsey, tidlegare øvstkommanderande for dei militære styrkane til USA, skreiv tysdag på Twitter: «USA er ikkje ei slagmark. Medborgarane våre er ikkje fienden.»

Og onsdag kveld slo også forsvarsminister Esper ein delvis retrett. Han beklaga bruken av ordet «battlespace» om USA, og sa at han ikkje støtta bruk av styrkar frå hæren til politioppgåver innanlands.

Nokon slik bodskap har enno ikkje kome frå presidenten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For at ein lokal politistyrke skulle behalde det militære utstyret sitt, måtte det takast i bruk minst ein gong årleg.

«USA er ikkje ei slagmark. Medborgarane våre er ikkje fienden.»

General Mark E. Dempsey

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis