JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MiljøSamfunn

Meir liv under turbinane i havet

Vindkraftverk i havet er truleg ikkje til skade for livet i sjøen. Tvert om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vindturbinar i eit av kraftverka til danske Ørsted utanfor Jylland. Ei lang rekkje studiar frå Danmark og andre land tyder på at det blir meir liv i sjøen kring vindkraftverk, ikkje mindre.

Foto: AP / NTB

11917
20201204

Havvind og fisk

Vindkraftproduksjonen i havet er i rask vekst.

Havvind kan potensielt gje 18 gonger så mykje straum som det årlege straumforbruket i verda.

Mange åtvarar om at havvind kan skade fisk og anna liv i havet.

Forskinga tyder derimot på at det blir meir fisk og anna liv kring turbinane.

Dels er dette fordi mykje liv kan etablere seg på fundamenta.

I tillegg kan vindkraftverka gje vern mot tråling og anna fiske.

Lytt til artikkelen:

Miljø

peranders@dagogtid.no

Om det grøne skifte nokon gong skal bli meir enn eit slagord, treng verda enorme mengder med ny fornyeleg energi. Og både politikarar og energiselskap har retta blikket mot havet, der vinden er sterkast. I fjor kom Det internasjonale energibyrået (IEA) med ein studie som tydde på at vindturbinar til havs kan levere 18 gonger det årlege straumforbruket i verda. Sjølv om dette talet er av det svært teoretiske slaget, er også den konkrete havvindsatsinga i rask vekst. Kraftproduksjonen frå havvind har auka med 30 prosent årleg sidan 2010, ifølgje IEA. EU satsar på ei firedobling av havvindproduksjonen det neste tiåret, og også Noreg har store ambisjonar. I sommar opna regjeringa to større felt for vindkraftutbygging, Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II, og Hywind Tampen skal bli verdas største anlegg for flytande vindkraft.

Havvindanlegg er mykje dyrare å byggje ut enn vindkraftverk på land, men har òg store fordelar: Det blæs meir og jamnare til havs enn til lands, og på sjøen er det færre arealkonfliktar enn på land. Men konfliktane finst også til havs, og den vidare veksten kjem neppe til å gå friksjonsfritt. I Noreg har den intense motstanden mot vindkraftanlegg på land også smitta over på havvind. Da regjeringa foreslo å opne nye havområde for vindkraftutbygging i fjor, åtvara organisasjonen Motvind Norge i ei høyringsfråsegn mot «å legge til rette for vindkraftutbygging i de sårbare og biologisk viktige sjøområdene».

Fiskarskepsis

Viktigare er likevel motstanden frå fiskarane. Fiskarorganisasjonane har vore svært kritiske til dei norske planane om vindkraft til havs. «Vi er bekymret for at vindmøllene skal beslaglegge svært viktige fiskeområder som vi har hatt gjennom generasjoner», sa Kjell Ingebrigtsen, leiar av Norges Fiskarlag, til NRK i fjor. «Det må ikke åpnes områder for energiproduksjon til havs i områder som brukes av fiskeriene, i gyte- og oppvekstområder eller andre sårbare områder», heitte det i ei fråsegn frå Norges Kystfiskarlag i haust.

Og motstanden frå fiskarane er lett å skjøne. Vindkraftanlegg til havs – også med flytande turbinar – må plasserast på relativt grunt vatn på sokkelen, og det er òg dei mest attraktive områda for fiskarane. Dei kystnære havområda har vore nytta av fiskarar gjennom meir enn tusen år, og det er ikkje rart fiskarane kjenner at dei har hevd på bankane sine. Men når fiskarar og vindkraftmotstandarar argumenterer med at vindkraftanlegg til havs kan skade livet i sjøen, er det grunn til å sjå nærare på saka. Mykje talar for at effekten heller blir den motsette.

Tvisyn

Kva veit vi eigentleg om effekten vindkraftanlegg kan få på fisk og anna liv i sjøen? Ein stad å starte er ein rapport som Havforskingsinstituttet kom med i november. Her blir det peika på ein god del moglege skadeverknader, til dømes desse: Støy i byggjefasen kan skade høyrselen til fisk, den lågfrekvente støyen frå anlegg i drift kan påverke livet i sjøen, og den elektromagnetiske strålinga frå kablane kan forstyrre navigasjonen til fisk og andre sjødyr. På andre sida kan havvindanlegga fungere som kunstige rev som gjev større biologisk produksjon og meir mangfaldig liv i sjøen, og ikkje minst kan kraftverka gje vern mot fiske og dermed større fiskebestandar. «Med dagens kunnskap er det umulig å forutsi om den samlede effekten av havvindanlegg på livet under vann vil være positiv eller negativ», heiter det i rapporten.

At Havforskingsinstituttet manar til ei føre var-haldning og meir forsking er rimeleg. Erfaringane med vindkraft på land tilseier at ein gjer eit grundig forarbeid før ein satsar for fullt på utbygging av havvind. Men det er faktisk gjort mange studiar gjennom dei snart 30 åra sidan det første havvindanlegget vart bygd utanfor Lolland i Danmark. Og erfaringane frå dei europeiske havvindanlegga som har vore i drift i ein del år, tyder på at effekten av slike kraftverk faktisk er positiv for livet i sjøen. I sum kan det til og med tenkjast at havvind vil gagne fiskarane på sikt.

Meir fisk

Den svenske forskaren Thomas G. Dahlgren, som arbeider ved Norwegian Research Centre (Norce), har gått gjennom kring 600 studiar av påverknaden frå havvindanlegg, skreiv bladet Norsk Fiskerinæring i oktober. Det han fann, var at støyen frå monteringa av vindturbinane – først og fremst pålinga av fundamenta i botnen – utan tvil kan gjere skade på både fisk og marine pattedyr. Men frå driftsfasen er det ikkje påvist negativ verknad på livet i sjøen. Konklusjonen frå 96 studiar av fisk var at det vart meir fisk ved vindkraftverka, fortalde Dahlgren.

Nokre stikkprøver i einskildstudiar stadfestar den framstillinga. Det eldste store havvindanlegget i Europa er Horns Rev-kraftverket i dansk farvatn, som har vore i drift sidan 2001. Forskarane som studerte dette området før og etter etableringa av turbinane, fann ingen negative effektar på fiskebestandane i området. Derimot har nokre fiskeslag blitt meir talrike kring kraftverket, og artsmangfaldet har auka etter at turbinane vart monterte.

Kunstige rev

Studie etter studie av europeiske vindkraftverk viser liknande konklusjonar: Det er meir fisk i sjøen nær fundamenta til turbinane, og artsmangfaldet er større enn i havområda rundt kraftverka. Mangfaldet kjem av at fundamenta fungerer som kunstige rev. Der turbinane står på monoton sand- eller mudderbotn, kan muslingar og andre dyr som treng hardbotn for å leve, etablere seg på dei nye harde overflatene. Den biologiske produksjonen aukar, og skapnadene som lever på fundamenta, blir mat for krepsdyr, som i sin tur blir mat for fisk. Dette fenomenet er observert på ei rekkje ulike konstruksjonar i havet, til dømes oljeplattformer.

Desse erfaringane kan ikkje utan vidare overførast til norske farvatn. På det meste av den norske sokkelen er det for djupt for fastmonterte turbinar, og reveffekten vil dermed vere mindre. Men også dei store ankera til flytande havvindanlegg kan ha ein liknande funksjon. Dei strukturane som menneska har sett ut i havet, kan vere både matfat og skjulestad for myriadar av artar.

Vadesteinar

Om ein skal vere kritisk, kan ein peike på at menneska på dette viset legg til rette for etablering av dyresamfunn som elles ikkje ville vore i eit område. Og det er tenkjeleg at slike kunstige strukturar i havet kan tene som «vadesteinar» som lèt uønskte artar spreie seg over større område. Men i alle fall verkar det klart at vindkraftverk fører til både meir livsmangfald og meir biologisk produksjon, utan at det er funne skadeverknader på økosystema i sjøen rundt dei.

Men reveffekten av havvindanlegga er neppe den viktigaste, til det er fundamenta til havvindanlegga for få og små. Og sjølv om mykje fisk samlar seg kring slike strukturar i sjøen, treng jo ikkje det tyde at det faktisk har blitt meir fisk i havet. Meir interessant er den verknaden det kan få at vindkraftverka avgrensar fisket – ikkje minst at det er vanskeleg eller forbode å tråle innanfor desse sonene. Om vi skal skjøne kva det inneber, må vi først sjå på kva som er normaltilstanden i dei aktuelle havområda. For verken Nordsjøen eller den norske kontinentalsokkelen lenger nord er jomfrueleg, upløgd mark.

Destruksjon

Den grunne sørlege Nordsjøen er ikkje berre pionerområdet for vindkraft til havs. Det var òg i Nordsjøen at det moderne trålfisket voks fram på 1800-talet, og ingen hav i verda har vore tråla så mykje så lenge. Botntrål er ein svært destruktiv fiskemetode, og trålfisket har endra økosystema i mykje av Nordsjøen fundamentalt. Store skjelbankar med eit mylder av liv er mange stader erstatta av livsfattig mudderbotn. Artar som veks sakte og lever lenge, er sterkt desimerte, medan kortlevde og rasktveksande artar har profittert. Nederlandske studiar syner at somme område i den sørlege Nordsjøen har blitt tråla meir enn ti gonger årleg.

Trålfisket fører i tillegg til mykje bifangst av småfisk. Og i Nordsjøen har overfiske ført til at mange viktige fiskebestandar, mellom dei nordsjøtorsken, er i svært dårleg forfatning. Ein konsekvens av for hard hausting er mangel på stor og gammal fisk, og det har svært skadelege følgjer for bestanden, fordi storvaksen fisk får mykje meir avkom enn ungfisken gjer.

Heldigvis står det betre til med dei aller fleste fiskebestandane i norsk økonomisk sone. Men også på norsk sokkel er det område som blir fiska hardt: Ei rekkje område på norsk side av Skagerrak og Nordsjøen, i Norskehavet og Barentshavet blir fiska med botntrål minst to gonger årleg, syner data frå Havforskingsinstituttet. Og kva har så dette med vindkraft til havs å gjere?

Vernesoner

Det openberre svaret er: Vindkraftverka vil utgjere store hindringar for trålfiske, og kan langt på veg fungere som vernesoner for livet i sjøen. Dei gjev ikkje noko absolutt vern: Fleire av landa som har havvindanlegg, tillèt fiske også mellom turbinane. Men avgrensingane av trålfisket kan i seg sjølv gjere ein skilnad, og kan ha ringverknader for mange bestandar også utanfor dei avstengde områda. Særleg for relativt stasjonære artar som botnlevande krepsdyr og fiskeslag som er knytte til botnen og vandrar lite, kan vindkraftverka bli frisoner der dei kan vekse seg store, gamle og produktive, medan avkomet deira kan spreie seg med havstraumane langt utanfor sona.

Dette kan sjølvsagt verke spekulativt. Men det finst ei rekkje studiar av marine verneområde rundt om i verda som tyder på at dette faktisk kan bli effekten. Slike gode ringverknader har vist seg kloden over, frå hummarreservat på Sørlandet til marine verneområde ved Filippinane, New Zealand og Belize. Bestandane av fisk og krepsdyr aukar i eit langt større område enn det som er avstengt for fiske. Og sjølv om sjøen kring havvindanlegga er langt frå å vere urørt natur, kan kraftverka vise seg å gje like godt vern som ein del reine marine verneområda, der det ofte har vist seg vanskeleg å handheve fiskerestriksjonar.

Store flater

Kor stor ein slik effekt kan bli, kjem sjølvsagt an på storleiken til havvindanlegga. Til no har omfanget vore relativt avgrensa. Hornsea-anlegget i Nordsjøen er det største så langt og dekkjer 407 kvadratkilometer. Den neste giganten er Doggerbank-anlegget, som er under bygging, også det utanfor Yorkshire-kysten, og dei to første delane av anlegget skal strekkje seg over 1114 kvadratkilometer.

Da byrjar det å mone: Doggerbank-kraftverket vil leggje beslag på eit mykje større havområde enn dei femten verneområda i norsk farvatn til saman, som alle er langs kysten. Fram til 2018 hadde Noreg berre verna seks område på til saman 242 kvadratkilometer i sjøen. Og ein skal merke seg at den vernestatusen ikkje inneber forbod mot verken fritids- eller yrkesfiske.

Atterhald

Det ville vere prematurt å slå fast at havvind kjem til å skape ein rein vinn–vinn-situasjon. Når dei verkeleg store prosjekta blir realiserte, kan det dukke opp skadeverknader som ingen hadde tenkt på eller forska på. Og sjølv om vindkraftverka ser ut til å gagne det meste av livet under vatn, kan dei like fullt lage hakkemat av mykje sjøfugl. Effekten havturbinane har på sjøfuglbestandane, er langt dårlegare kartlagd enn verknadene på fisk og botndyr. Men dei som protesterer mot havvindkraftverk fordi dei kan skade det marine livet, har truleg større grunn til å rette kritikken sin mot botntråling.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Konklusjonen frå 96 studiar av fisk var at det vart meir fisk ved vindkraftverka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis