JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når dei framandkulturelle tar over

SFAN kan vera eit høveleg slagord: Stopp snikfremskrittspartifiseringa av Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvar har det vorte av Per Sandberg? Han var iallfall på landsmøtet til Framstegspartiet i slutten av april i år.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

5363
20180622
5363
20180622

hompland@online.no

Noreg har vore eit kulturelt homogent land – i sjølvbildet meir enn i røynda, for klasse, region, religion og etnisitet har kløyvd: arbeidar mot borgarskap, masse mot elite, sentrum mot utkant, vest mot aust, bedehus mot kyrkje og gudløyse, majoritet mot samar og andre nasjonale minoritetar. Likevel har me dyrka eit uklart sett av «norske verdiar»; Bondevik sette ned ein kommisjon for å kanonisera dei.

Om Vertinna blir pressa, kallar ho seg gudlaus, men som dei fleste ateistar i landet er ho medlem av folkekyrkja som ei slags livstrygding. Sjølv om dei gamle statstårna har falle, er Den norske kyrkja framleis eit offentleg fellesgode. Byråsjefen er protestantisk fritenkar, og det meiner han er nasjonens felles, sekulære verdigrunnlag. At arbeidet adlar mannen som ikkje står med lua i handa, er summen av Pontoppidan og Gerhardsen.

SMÅ SOSIALE SKILNADER var ein del av pakka. Det fanst einarar, men på same tid var alle frivillige eller ufrivillige sosialdemokratar. Den stillteiande kontrakten var at dei velståande ikkje skulle skilja seg ut og prala med rikdomen på heimebane.

Egalitet var viktig for tillit og balanse, sosial ekvivalens og politisk ekvilibrium i det norske fellesskapet. Då Statoil gjendøypte seg til Equinor for å kvitta seg med stat og olje, var det slike assosiasjonar dei betalte nokre hundre millionar for, ikkje for å fara fram som ville hestar.

RIKETS TILSTAND er i ferd med å endra seg. Enkelte aspekt er openberre; andre kjem meir snikande, og Framstegspartiet er med sitt doble bokhalderi midt iblant dei alle.

I fridomens og individualitetens namn fortrenger egoisme solidariske fellesskap, for slikt er negativ sosial kontroll. Jantelova er evaluert og kasta på oljehavet. Dei vellykka fortener større armslag, og dei sterke er i sin fulle rett til å forakta dei svake som har seg sjølve å takka for at dei fell utanfor. Du skal ikkje ha andre gudar enn deg sjølv. Du kan flytta pengar og stela og lyga når det ikkje blir oppdaga og straffa. Kva har ein elles dyre forretnings- og skatteadvokatar til?

Dette har vore framande trekk i den norske kulturen for folk fest, men nå skjer det ei snikframstegifisering. Framandkulturen har smitta frå umoralske parallellsamfunn, siva osmotisk inn og blitt allmenngjort som legitime tenkemåtar. Marginale straumdrag i sosiale utgrupper er blitt ein naturleg del av main stream. Medan majoriteten følgjer taust med.

DÅ DEN GENERISK opposisjonelle Ottar Brox forsvarte sosialdemokratiske dygder og den sosialliberale likskapstanken til venstre og i sentrum av norsk politikk og samfunnsliv, kalla han boka Ta vare på Norge. Både den usiviliserte og den civitassiserte høgresida ser det som eit framsteg at verdigrunnlaget frå det norske samvirkelaget blir brote ned. Venstreradikale er blitt dei nye verdikonservative.

Det er greitt med framandkulturelle så lenge det er få av dei: Då er dei forfriskande og eksotiske, og ei påminning om at me ikkje er som dei. Nå er dei framandkulturelle i ferd med å omskapa samfunnets basis og overbygning. Den norske modellen står i vegen for det norske folket, sa Siv Jensen før ho blei lagd inn til avrusing i Finansdepartementet. Der har ho kome til andre resultat i retorikken og pragmatikken, men lovar at verdigrunnlaget i Framstegspartiet er urokka. Det boblar fram når partiets framandkulturelle talsmenn opptrer i fri dressur.

Helgheim frå Drammen, som vil bli Kongen av Bastøy, er førsteherold i kampen mot «godhetstyranniet», medan andre senkar stemma for å halda regjeringas kviledag heilag. (Er det forresten nokon som veit kvar det er blitt av Per Sandberg? Kan han ha kome i havsnaud og må fiskast opp av luftambulansen på flyttefot frå Senja til Mandal?)

FØR VAR SKYTESKIVA slabbedaskar, unnalurarar, samar, einslege mødrer og andre uverdig trengande. Så kom innvandrarar og flyktningar syklande på gullstol og i usertifisere fartøy for å leva på trygd og snikislamifisera det landet Gud og Gerhardsen gav oss. Då stod Frp fram som det nye arbeidarpartiet for dei verdig trengande som bygde landet.

HEGE ULSTEIN og Dagsavisen har kjempa energisk for at det traumatiserte offeret skal få tatt opp att Søviknes-saka. Den gong stod Siv Jensen gråtande ved hans side, og Carl I. Hagen kalla overgrepa «løsaktige påstander». Då det kom ut frå dei mørke romma at Ulf Leirstein ville driva underfundig seksuell åtferd med mindreårige i partiet, fekk Siv Jensen og Espen Teigen akutt anfall av dårleg minne. Dei har det med å trekka fram «gjerningsmenn av utenlandsk opprinnelse». Kanskje var det ikkje anna å venta av menn frå mellomalderkulturar i Framstegspartiet? Som Sylvi Listhaug har sagt om dei framandkulturelle: «De må tilpasse seg den norske måten å leve på, men da må de få opplæring, og det er vårt ansvar.»

Ho har mykje svineri å ta fatt i på eigne partiteigar om ho tar ein kristeleg pause frå å tvetta hendene sine og spreie falske vitnemål om politiske motstandarar. For det skal trollet ha: Ho er god på å sjå bjelkar i andres auge og dikta ei røynd som blir likt og delt. Den dama eig ikkje skam.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Sylvi Listhaug eig ikkje skam. Ho er god til å sjå bjelkar i andres auge og dikta ei røynd som blir likt og delt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis