Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Noko er ikkje rote i Danmark

Å vere eller ikkje vere eit helvetes sosialisthol, det er spørsmålet.
Beklagar, eg kunne ikkje halde meg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Danske Godtfred Kirk Christiansen fann opp legoklossane, som er kåra til det 20. hundreårets beste leiketøy. Ei oljeplattform og vindmøller er ein del av installasjonane til Legoland i Billund.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

5647
20180824
5647
20180824

For eit par veker sidan laga Trish Regan, programleiar i Fox Business, aldri så lite internasjonalt oppstyr då ho framstilte Danmark som eit døme på sosialismens skrekk og gru, til liks med Venezuela. Den danske finansministeren gjorde framlegg om at ho kunne vitje landet hans og lære nokre kjensgjerningar.

Regan kunne verkeleg ikkje valt eit verre døme – eller, slik progressive amerikanarar ser det, eit betre.

For Danmark har sanneleg følgt ein annan veg enn USA dei seinaste tiåra, ved å svinge (varsamt) til venstre der vi har svinga til høgre. Og landet har klart seg fint.

Amerikansk politikk har vore dominert av eit krosstog mot regjeringsmakt. Danmark har gjeve regjeringa ei ekspansiv rolle, med eit offentleg forbruk på meir enn helvta av bruttonasjonalproduktet (BNP). Amerikanske politikarar fryktar snakk om overføring av inntekt frå dei rike til dei som har det mindre bra. Danmark driv slik overføring i ein skala det er uråd å førestille seg her. Amerikansk politikk har i aukande grad vore fiendsleg innstilt til arbeidstakarorganisering, og fagforeiningar har faktisk forsvunne frå privat sektor; to tredjedelar av danske arbeidarar er organiserte.

Konservativ ideologi seier at dei politiske vala til Danmark skulle vere katastrofale, at gras skulle gro i gatene i København. Regan skildra faktisk det arbeidsgjevarane hennar meiner må gå føre seg der. Men om Danmark er ein helvetes plass, gjer dei ein overlag god jobb med å skjule det. Eg var der nettopp, og landet ser forskrekkeleg velståande ut.

Og data stemmer med det inntrykket. Danskar har større von om jobb enn amerikanarar, og i mange tilfelle tener dei monaleg meir. BNP per capita er litt lågare enn i USA, men dette kjem i hovudsak av at danskane har meir ferie. Ulikskap i inntekt er mykje lågare, og forventa levealder er høgare.

Det enkle faktumet er at livet er betre for dei fleste danskar enn det er for det amerikanske motstykket deira. Det er ein grunn til at Danmark stadig vekk skårar betre enn USA når det gjeld lukke og å vere tilfreds med livet.

Men er Danmark sosialistisk?

Det libertarianske Cato Institute seier nei: «Danmark har ein temmeleg fri marknadsøkonomi, men med store statlege overføringar til velferd og høgt statleg forbruk.» Det er litt av ein attest.

Det er sant at Danmark ikkje passar til den klassiske definisjonen av sosialisme, som føreset statleg eigarskap til produksjonsmidla. I staden er landet sosialdemokratisk: ein marknadsøkonomi der kapitalismens ulemper er lindra ved hjelp av regjeringsinngrep, inkludert eit svært sterkt sosialt tryggingsnett.

Men konservative i USA – som Fox’ Regan – gjer skiljet mellom sosialdemokrati og sosialisme utydeleg, og dei gjer det kontinuerleg og systematisk. I 2008 skulda John McCain Barack Obama for å vilje ha sosialisme, fordi Obama ville auke omfanget av helseforsikring. I 2012 erklærte Mitt Romney at Obama fekk ideane sine frå «sosialistiske demokratar i Europa».

Med andre ord, i amerikansk politisk tale er det slik at kven som helst som ønskjer å gjere livet i ein marknadsøkonomi mindre tarveleg, brutalt og kort, vert skulda for å vere sosialist.

Og denne svertekampanjen har hatt ein føreseieleg verknad: Om du kallar kvar freistnad på å forbetre amerikanske liv for «sosialisme», vil mange menneske før eller seinare konkludere med at sosialisme er ok.

Ei fersk rundspørjing utført av Gallup synte at fleirtalet av både unge veljarar og sjølverklærte demokratar føretrekkjer sosialisme framfor kapitalisme. Men dette vil ikkje seie at titals millionar amerikanarar ønskjer at regjeringa skal ta kommandoen over økonomien. Det inneber berre at mange menneske som har fått høyre at det er sosialistisk å ønskje at USA skal bli ørlite meir som Danmark, endar med å tru at sosialisme ikkje er så verst når alt kjem til alt.

Det same kan seiast om somme demokratiske politikarar. Det har vore mykje styr kring Alexandria Ocasio-Cortez, ikkje berre på grunn av den uventa sigeren hennar i primærvalet, men fordi ho erklærer seg som sosialist. Plattforma hennar er likevel ikkje sosialistisk i det heile teke etter den tradisjonelle definisjonen. Ho er rett og slett heilhjarta sosialdemokratisk.

Og det plasserer henne på linje med resten av partiet. Når eg les artiklar som stiller spørsmål ved kva demokratar står for, lurar eg alltid på om dei som skriv, bryr seg om kva kandidatane seier om politikk. For dagens demokratiske parti er faktisk imponerande samstemt om sosialdemokratiske mål, mykje meir no enn før.

Sant nok er det usemje om så vel politikk som retorisk strategi. Bør strevet for allmenn helseforsikring gjelde Medicare for alle eller berre retten for alle til å kjøpe seg inn i eit forbetra Medicare-program? Bør demokratane berre oversjå den republikanske bakvaskinga av dei sosialdemokratiske ideane deira, eller bør dei gjere «sosialist»-svertinga om til eit heidersmerke?

Men dette er ikkje djupe skilje, ikkje i nærleiken av skilja mellom liberale og sentrumsfolk som øydela partiet for eit par tiår sidan.

Faktum er at det er mykje meir elende i USA enn det treng vere. Alle andre avanserte land har universelt helsestell og eit mykje sterkare sosialt tryggingsnett enn vi har. Og det treng ikkje vere slik.

Einerett: The New York Times /
Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det har vore mykje styr kring Alexandria Ocasio-Cortez, ikkje berre på grunn av den uventa sigeren hennar i primærvalet, men fordi ho erklærer seg som sosialist.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis