Foto: Toby Melville / Reuters / NTB scanpix
Nederlag for corbyn
Den mest legendariske debatten i det britiske parlamentet i moderne tid var den såkalla Norway-debate i mai 1940. Den førte til at Winston Churchill vart statsminister. No har Noreg rota det til att i London.
Onsdagskvelden gjekk seks, i mangel av eit betre ord, frontbenkarar av frå posisjonane i Labour. Labour-leiaren Jeremy Corbyn gjekk på sitt største nederlag så langt. Han hadde nemleg forlangt at alle Labour-MP-ar skulle avstå frå å røysta over eit framlegg om at Storbritannia skulle gå med i EØS etter at dei gjekk ut av EU. 89 nekta å lystra, 15 sa dei støtte regjeringas posisjon om at øystaten skulle heilt, eller neste heilt, ut, 74 sa dei ville inn i EØS. Corbyn både vil og ikkje vil at Storbritannia skal vera ein del av tollunionen til EU, men ikkje vera ein del av fellesmarknaden. Det er ein umogleg ting å få til, men samstundes vil EØS-avtalen føra til fri rørsle og at EU, om Storbritannia samstundes går inn i tollunionen, som EØS-landa ikkje er ein del av, forhandlar fram handelsavtalar på vegner av London.
Corbyn takka desse seks som hadde vore medlemer av den såkalla «skuggeregjeringa», men han er sjølvsagt bitter over at han no ikkje kan utnytta kaoset som er i regjeringa og i Tory-partiet. Det vi på utsida kan slå fast, er at båe dei to store partia no er splitta, og ingen tek ansvaret for å tinga fram ein realistisk avtale med EU. Britane sa under folkerøystinga at dei ville ut, men ingen ser ut til å forstå kva det eventuelt skal tyda.
Lægre IQ
Nordmenn har fått merksemd i utlandet. PNAS er eit av verdas mest prestisjetunge forskingstidskrift, som berre tek inn det beste frå stor sett alle område. Det vert gjeve ut av Det amerikanske vitskapsakademiet. Bernt Bratsberg og Ole Røgeberg frå Frisch-senteret på Blindern har sett på samanhengen mellom IQ til foreldre og IQ-en til borna.
Som vi veit, gjekk IQ opp i Noreg fram til 1975, betre næring, betre skular og meir tilgang til informasjon har vore forklaringa. Sidan då, dokumenterer dei to, har borna vorte dummare enn foreldra. Dei kjem til at det ikkje kan forklarast med genar og DNA, men med endringar i miljø. Dei unge les mindre, driv på med data og møter ikkje same krava som foreldra. Dette er ei vulgær oppsummering, men dei finn at IQ no går ned med heile 7 poeng per generasjon om utviklinga held fram. 730.000 testar frå sesjon vart nytta.
jon@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.