JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk maskeball

Inntil nyleg var bodskapen frå norske styresmakter krystall­klar: Bruk av munnbind ute i samfunnet bremsar ikkje infeksjonar som covid-19. No
er ikkje råda like klare lenger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I ei rekkje europeiske land er munnbind tilrådd eller påbode for dei som rører seg rundt i byane. I Noreg har ikkje styresmaktene tilrådd det, og få vel å bruke munnbind, slik Roar Njie Petajamaa gjorde på T-banen i Oslo 16. april.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

7730
20200710
7730
20200710

Helse

peranders@dagogtid.no

For ein nordmann kunne det lenge vere freistande å smile overberande av kinesarar, japanarar og andre asiatar som prøvar å verne seg mot smittsame sjukdomar med munnbind. Her i landet har det lenge vore ei vedteken sanning at slike masker ikkje hindrar infeksjon, at dei berre gjev falsk tryggleik, og at dei i verste fall kan auke smittefaren fordi folk tek seg oftare til andletet når dei har slike masker på. Dette har helsestyresmaktene fortalt oss lenge.

Den 30. januar i år var overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet (FHI) kategorisk i eit intervju i VG: Munnbind som vern mot infeksjonar «er en kulturell greie i deler av Asia», sa Aavitsland til VG. FHI har aldri anbefalt folk i Noreg å bruke munnbind, «og det kommer vi heller ikke til å gjøre», slo overlegen fast.

Nye tider

Men sidan da har det skjedd mykje. Covid-19-pandemien har rulla over verda, millionar av menneske har blitt smitta, eit hundretusental har døydd, og andletsmasker er ikkje lenger berre ei kulturell greie i Asia. Også i ei lang rekkje vestlege land har styresmaktene i våre rådd folk til å bruke munnbind. Mange stader har det til og med vore påbod om å dekkje munn og nase når ein rører seg ute i samfunnet. I Tyskland, som slett ikkje er blant dei hardast råka landa i Europa, kom det i april påbod om bruk av munnbind i butikkar og på offentleg transport, og brot på reglane kan straffast med bøter på opptil 10.000 euro.

Knapt nokon hevdar at munnbind i seg sjølv gjev tilstrekkeleg vern mot smitte, men i land etter land har masker fått status som eit viktig supplement i kampen mot koronaviruset. Ein av grunnane til det endra synet på munnbinda er kunnskapen om at covid-19 kan smitte før ein berar av viruset har utvikla symptom. Dermed er kanskje den største verdien at munnbindet kan verne andre enn den som har det på seg, dersom vedkomande er smitta utan å vite det. Dette var ein viktig grunn til at Center for Disease Control and Prevention i USA (CDC) endra smittevernråda sine i byrjinga av april. Senteret gav før liknande råd som norske styresmakter, men gjekk da over til å tilrå bruk av masker ute i samfunnet for å bremse covid-19-smitten.

Att og fram

Kva så med Folkehelseinstituttet? Den 5. april gjekk dei først eit lite steg i motsett retning av det CDC gjorde. I ein revisjon av pandemiråda sine la FHI inn setninga: «Dersom man til tross for anbefalingene velger å bruke munnbind, er følgende forhold viktig.» Ifølgje FHI sjølv vart endringa gjord «for at rådet til befolkningen om ikke å bruke munnbind skal bli tydeligere». Men i den siste revisjonen av råda vart denne innskjerpinga teken ut att.

FHI tilrår i skrivande stund framleis ikkje generell bruk av munnbind, men forklarer det no med at smitten i Noreg for tida er så avgrensa, og instituttet opnar for at rådet kan bli endra: «Hvis den epidemiologiske situasjonen forverres vesentlig i et geografisk område, bør bruken av ansiktsmasker som et forebyggende tiltak vurderes på nytt.»

At FHI ikkje tilrår munnbind når smittenivået i Noreg er så lågt som no, er lett å skjøne. Men i det nye rådet frå instituttet ligg det ei erkjenning av uvisse. Og når smittevernråda frå norske styresmakter no er i rørsle, opnar det for eit anna spørsmål: Når det viser seg at kunnskapen om dette feltet faktisk er usikker, kvifor var da Folkehelseinstituttet før så skråsikre på at utbreidd bruk av munnbind var bortkasta som vern mot virus?

Mangel på munnbind

Det er fleire grunnar til at FHI ikkje ville tilrå allmenn bruk av munnbind i vår, og ein av dei handla meir om pragmatisme enn om smittevern: Instituttet frykta at Noreg skulle gå tomt for munnbinda som er godkjende til medisinsk bruk, og sa rett ut i risikovurderinga si i vår at dette omsynet spela ei rolle: «Vedvarende mangelsituasjon på munnbind må også være en del av vurderingsgrunnlaget», skreiv FHI.

Assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet peika på det same: «Dersom 4,5 millioner nordmenn skulle begynt å bruke kirurgiske munnbind, ville vi gå tom i helsetjenesten i løpet av et par dager. Det har absolutt en betydning i vurderingen», sa Nakstad.

I veke 11 hadde det norske helsevesenet berre fire vekers normalt forbruk av godkjende medisinske munnbind, og verdsmarknaden var støvsuga for masker. Da ønskte ikkje styresmaktene å stimulere privat etterspurnad etter munnbind i tillegg.

Lite forsking

Men kva med smittevernargumenta? FHI har lagt fram ei ganske lang rekkje argument mot å tilrå bruk av munnbind ute i samfunnet. Det sentrale poenget har vore at det ikkje finst god vitskapleg dokumentasjon på at slik bruk reduserer smitten. Dei studiane som finst, sprikjer enormt i vurderinga av effekten.

At godkjende medisinske munnbind gjev vern mot smitte om ein bruker det korrekt, er det god dokumentasjon på. Men det er langt mindre forsking på effekten av allmenn bruk av munnbind av lågare kvalitet. Og det er ikkje så rart: Det er uhyre vanskeleg å lage gode studiar av ein slik effekt, sidan resultatet kan bli påverka av så umåteleg mange variablar som ein ikkje har kontroll over. Det er heller ikkje lett å seie kor stor rolle munnbinda spela for at land som Sør-Korea og Kina klarte å stagge smitten så raskt.

Men på den andre sida er det heller ikkje mykje vitskapleg dokumentasjon bak somme av dei andre argumenta FHI har brukt mot munnbind – til dømes at folk blir mindre forsiktige fordi maskene gjev falsk tryggleik, eller at smittefaren aukar fordi munnbind gjer at vi tek oss oftare til andletet. Kravet om evidens ser ikkje ut til å vere heilt konsistent.

«Evidensbasert»

Kan hende er sjølve evidenstenkinga utilstrekkeleg i møte med ein pandemi av eit slikt omfang som covid-19? Statsepidemiolog Anders Tegnell i Sverige har heile vegen hevda at ein ikkje skulle møte koronaen med tiltak som det ikkje var solid vitskapleg grunnlag for, og strategien hans ser ikkje ut til å ha vore vellukka. Og i Storbritannia har medisinprofessor Trisha Greenhalgh ved Oxford-universitetet vore svært kritisk til kravet om at koronatiltaka skulle vere «evidensbaserte».

I vår var Greenhalgh ein sterk pådrivar for allmenn bruk av munnbind på kollektivtransport i Storbritannia, sjølv om det ikkje fanst verkeleg gode studiar av effekten. Grunnleggjande kunnskap om viruset tilsa uansett at munnbind var fornuftig, påpeika Greenhalgh i eit intervju med Morgenbladet 12. juni: «Vi vet jo at det spres ved dråpesmitte. Vi vet at tøy foran ansiktet stanser 90 prosent av dråpene.» Alt i alt veit vi nok til at alle bør oppfordrast til å bruke munnbind, sa Greenhalgh. Og ho fekk viljen sin til slutt: Den 15. juni vart munnbind påbode på kollektivtransport i Storbritannia.

Råd frå WHO

Kva munnbindpolitikk Noreg kjem til å føre dei neste månadene, kjem truleg an på korleis smittesituasjonen utviklar seg. Råda frå Folkehelseinstituttet brukar å bli lagde tett opptil råda frå Verdshelseorganisasjonen (WHO). Og etter ein revisjon i vår er rådet frå WHO til regjeringane i verda «å oppfordre allmennheten til å bruke masker under gitte forutsetninger» – mellom anna der det er vanskeleg å halde ein meters avstand til andre. Om samfunnet skal fungere nokolunde normalt i tida som kjem, på kollektivtransport og på arbeidsplassane, blir det mange slike situasjonar for svært mange av oss. Og dersom smitten blussar opp att for alvor i Noreg, kan det fort bli asiatiske tilstandar i gatene og på bussane også her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ifølgje FHI sjølv vart endringa gjord «for at rådet til befolkningen om ikke å bruke munnbind skal bli tydeligere».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis