JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nye bakvegar til Europa

Spania får atter hovudtrykket av migrantar frå Afrika.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Migrantar spring i land på ei badestrand ved Taria sør i Spania etter å ha kryssa Gibraltarsundet 27. juli.

Foto: Jon Nazca / Reuters / NTB scanpix

6345
20180810
6345
20180810

Spania har langt frå fått så mange migrantar og båtflyktningar som Italia og Hellas dei siste åra. Men dei sju fyrste månadene i år har landet teke imot 22.000 menneske, dei fleste i Valencia-regionen, dit skipet «Aquarius» kom med 629 passasjerar frå Afrika i midten av juni.

Sidan har skip på skip lagt til. Laurdag 28. juli kom «Salvamar-Arcturus» til den vesle hamna Tarifa ved sørspissen av Spania. Det hadde teke opp 85 menneske midt ute i Gibraltarsundet, 72 menn, 12 kvinner og eit barn. Raudekrossen tok seg av dei og fann skadar så som beinbrot. Sidan tidleg på sommaren har det fløymt inn migrantar denne vegen frå Marokko. Hundrevis av menneske har kome kvar dag til Tarifa, Algésiras, Barbate, Almeria, Motril og Valencia. I byrjinga ønskte både lokale og sentrale styresmakter migrantane velkomne, men no melder problema seg. Mottakssentra er overfylte, dei mange småbyane sør for det relativt rike Catalonia og Valencia veit ikkje kva dei skal gjere for å innkvartere og fø dei nykomne og samstundes klare andre utgifter.

Spanske enklavar

Det kom ikkje «berre» 629 menneske til Valencia den dagen «Aquarius» klappa til kai, det kom kring 2000 migrantar til hamnebyen. Slik har det halde fram, og ikkje berre over Gibraltarsundet. Spania har to enklavar i det nordaustlege Marokko, dei fristilte byane Melilla og Ceuta. Kong Muhammed VI godtek ikkje at desse enklavane skal vere spansk territorum. Spania reiste ein «berlinmur» kring Melilla og Ceuta i 2005 med barberbladskarp piggtråd («cuchillas»). I sommar har flokkar av migrantar sørfrå prøvd å forsere sperringane, dei har teke med seg stokkar og stigar for å kome seg over dei seks meter høge gjerda, klatra opp på kvarandre og kome seg over så godt dei kan. Mange har blitt oppskorne på piggtråden eller hardt skadde i samanstøytar med grensevaktene.

Opne grenser

Den sosialistiske statsministeren i Spania, Pedro Sanchez, kunngjorde 3. august at det skulle opprettast eigne innsatsstyrkar for nye innvandrarar. Men det finst ikkje transportmiddel til å frakte dei innkomande, det finst ikkje nok mottaksstasjonar – garasjar for landbruksmaskinar eller gamle flyhangarar har blitt utstyrte med flatsenger og improviserte naudkjøkken, det finst ikkje helsepersonell nok og slett ikkje nok tolkar og anna ein treng for å kunne sluse folk inn i det spanske samfunnet.

EU-kommisjonen gav ei løyving på 55 millionar euro for å opprette mottakssentralar på sørgrensene til Marokko og Tunis. Problemet med dette er at især Marokko er sterk motstandar av slike leirar eller sluser, og marokkanarane har heller ikkje prøvd å stengje grensene sine for migrasjon nordover, noko dei gjorde fram til 2001 og dermed, saman med Libya, prova at det var mogleg å stagge migrasjonen.

Mafia og migrasjon

Den franske historikaren Pierre Vermeren har i ein serie artiklar og intervju peika på fylgjande: Marokko og Libya klarte før Gaddafis fall å halde grensene sine stengde for innvandring sørfrå. Dei politiske omstenda i EU gjer at mange krefter kan utnytte usemja og organisere frakt av migrantar som i realiteten er menneskehandel, meiner Vermeren. No ser Marokko seg tent med å bli kvitt tiggarane frå sørenden av landet, og det kan verke som både den marokkanske staten og ei mengd spekulantar plukkar opp folk og får dei frakta nordover, skriv han.

At nasjonalistregjeringa i Italia i samarbeid med regjeringa på Malta no arresterer eller avviser bergingsskip for migrantar som nærmar seg kystane deira, gjer at menneskesmuglarane lyt finne seg andre innfallsportar til Europa. Maltesarane er jamvel så strenge at om dei finn det minste irregulært i dokumenta til hjelpeskipa, tek dei arrest i skipet og tvingar dei ansvarlege til å betale underhaldet for dei som er om bord – som ikkje får gå i land.

Nye vegar

Då finn migrantane nye vegar gjennom Marokko og Libya, eit land oppstykka i tre krigsherreregime, og gjennom ingenmannslanda mellom dei. Og Pierre Vermeren og mange andre har peika på fleire overhengande farar: Kva om islamistane vinn fram i Marokko, der kongen og det noverande regimet ikkje er særleg populære, men er dei aller siste garantistane for eit nokolunde rasjonelt regime? Kva om det så strikt styrte algeriske samfunnet bryt saman i nye borgarkrigar? I tillegg er statsformasjonen i Mali i ferd med å krakelere, og snart har landet kanskje inga effektiv statsforvaltning i det heile. Tsjad har lenge vore omtala som ein statslaus stat, det skjer urovekkjande ting i Den sentralafrikanske republikken, og så bortetter. Om alle desse styringsordningane knekk saman i Maghreb og Sahel, er det berre å vente flodbylgjer av flyktningar og migrantar nordover.

Uorden i EU

Marokko ser ikkje ut til å vilje kontrollere grensene sine, og den uviljen speglar EUs mangel på orden i slike saker. Nyss har Austerrike forkynt at landet ikkje vil ta imot ein einaste asylant meir. Likevel ønskjer EU å fordele såkalla asylantar, som i realiteten er 90 prosent migrantar utan asylrett, kringom i medlemslanda. Men dei austlege EU-landa og Frankrike er djupt uviljuge, og no har Italia sagt stopp. Italia skal faktisk ha teke til å betale krigsherrane i Libya for å styre straumen bort frå øya Lampedusa og andre italienske kystar. Dette skal ha byrja alt før regjeringsskiftet – og det har skapt ein heilt ny vri i den mafiose økonomien.

Macrons kamp

Finst der ei siste von? Ja: Emmanuel Macron driv intens reiseverksemd og omfattande freistnader på å lage ein allianse mellom Frankrike og åtte land i Maghreb- og Sahel-områda. I London, i Berlin, i Brussel, i Roma, overfor Washington og alle stader han kjem til, seier han at Frankrike treng hjelp til å stabilisere det franskspråklege området i Vest-Afrika. Han vil inngå handelsavtalar, utdanningsavtalar og kulturavtalar, og han har jamvel prøvd å få etablert sams hæreiningar. Men desse gamle koloniane er uhyre skeptiske til Frankrike og ein eventuell nykolonialisme.

For USA og EU har desse landa for lite ressursar til å vere økonomisk interessante og lønsame å investere i. Men det kan løne seg langt mindre å avvise dei desperate forsøka til den franske presidenten på å få dei afrikanske statane til å ta ansvar for eigne innbyggjarar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Migrantane finn nye vegar gjennom Marokko og Libya, eit land oppstykka i tre krigsherre-
regime.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis