Øyrekviskraren har fått sparken
Når politikken lener seg tyngre på retorikken, blir innsalet viktigare enn innhaldet.
Tidlegare stortingsrepresentant Jon Leirfall (t.v.) og illustratør Audun Hetland med boka som handla om lekkasjar regjeringsskiftet i 1971.
Foto: NTB scanpix
hompland@online.no
Nå gjer eg Trumps kjernereplikk til min og seier til min hjelpeskrivar Øyrekviskraren: You are fired!
Det er ikkje det at øyrekviskrarane ikkje gjer jobben sin; dei gjer jobben sin altfor godt, dei er dyktige og dei blir fleire: Eit middels stort parti på Stortinget har statsstøtte til å halda seg med fleire rådgjevarar og pressekontaktar enn det er politiske journalistar att i norsk presse. Legg så til informasjonsmedarbeidarar i private og offentlege konsern, etatar og departement – dei siste blir dratt stadig nærare den politiske leiinga, med Ketil Solvik-Olsen som pådrivar.
ØYREKVISKRARANE er meir utkropne i å selja inn sakene sine, medan det blir færre journalistar med kunnskap og oversyn til å stå imot eksklusiv tilgang til vinkla utspel, godt planlagde lekkasjar, artige påfunn, photo-ops, sladder og ferdigtygd drit. Eg har ei kjensle av at øyrekviskrarane vil overta jobben min, og at dei meiner dei kunne gjere han myke betre. Til og med gratis, for dei er godt betalte av andre, noko som er lokkande for bladstyrarar som ser klikka stagnera og annonseinntektene svinna, som må skjera ned på alt og lokka med stadig tynnare sluttpakkar.
Det er ikkje det at Spaltisten ikkje kan ha hatt nytte og glede av denne hjelpeskrivaren av og til, men han lurer ofte på om han er ein nyttig idiot som blir utnytta i overlagt spinn av profesjonelle doktorar med kurs i forteljarkunst, regi, dramaturgi og iscenesetjing. Øyrekviskraren blir sagt opp for å skapa distanse til denne utviklinga
DET ER MEIR. Innsalet blir viktigare enn innhaldet i takt med at politikk blir meir retorikk. Det har Sylvi Listhaug tatt med seg frå First House – talepunkt for talepunkt, del for del, like for like. Då er det berre rimeleg at øyrekviskrarbransjen får ei tyngre hand med i mogeleg politikk som formidlingskunst på alle plattformer.
Øyrekviskrarane blir rimelegvis meir sjølvmedvitne og treng ikkje gøyma seg bort med veska to steg bak. Dei som har tenkt seg vidare til betre betalte lobbyar, vil bli intervjua og ta sin del av æra for suksessar; taparane har ikkje lytta godt nok eller hatt for dårlege advokatar. I A-Magasinet under valkampen stod fem sentrale øyrekviskrarar fram og skrytte av korleis dei trekker i trådane – med Erna Solbergs ustoppelege Sigbjørn Aanes som posterboy. Forgjengaren hans, Julie Brodtkorb, som var eit idealtypisk forbilde, hadde ei sikker hand med i forminga av den nye Erna. Nå har ho meldt overgang til maskinentreprenørane og meiner ho skal klara å gjera store gravemaskinar sexy.
EG MÅ TAKKA Jon Leirfall (1899–1998) for lånet. Den innfule og ordhage bondepartipolitikaren fann opp «øyrekviskrar» i dei satiriske sogebøkene som vekte stor åtgaum og var ein salssuksess på 1970-talet, vågalt illustrert av Audun Hetland.
Ein gjennomgangsfigur hos nordtrønderen Leirfall var sørtrønderen, partifellen og rivalen Per Borten. Han fekk namnet Borte-Per fordi han ofte ikkje følgde heilt med. Han vingla også meir enn vinglemennene i Venstre, men klarte å få vinglinga til å framstå som stor klokskap. Når nordtrønderen Leirfall blanda seg sjølv inn i soga, var det som Jon Kvasstunge.
Seinare kom fleire figurar til: Kjell Kristbonde, Finn Framfuse, Andris Hundefostrar, Kåre den djupøygde og djuptenkte, Tryggve den tagale frå Brattalid, Reiulv Lausmunn, Gro Fagerskinn og Oddvar Rådvill. Dei heldt til i Mykletinget, og når dei av og til våga seg over gata til mjødlag i Tørrstrupkjellaren, blei dei lurde opp i stry av Lurbjørn Sørebøen frå allmannaluren og Lars Jakup Krokfot frå langsynsskåpet.
«SVARAR VEL TIL det som no kallast statssekretær», skreiv Leirfall i ein fotnote om Tryggve Tambur som var øyrekviskrar for Bjart Oljeherse. Kjell Kristmann den unge dukka opp som øyrekviskrar hos Korvald Kyrre. Det blei stadig fleire av dei, til dømes By-Ronald som øyrekviskrar i træleflokken etter Håkon Hardkjefte. I «Soga om det store mannefallet» tok det heilt av med «øyrekviskrarar og rådgjevarar som visste mykje om lite og lite om alt». (I ein fotnote til «rådgjevarar» heiter det: «Det som no kallast ekspertar.»)
Då det stunda til Mykletingsval, fløymde det over av øyrekviskrarar som spann rundt og lokka bodstikkemennene til å tala vel om hovdingane deira, ta alt i beste meining og løyna mistaka deira. Til slutt var det så mange øyrekviskrarar, som alle kom frå eller tenkte seg til det same fyrstehuset, at alle hovdingane prøvde å seia det same: «Men det skilde noko på kor ordhage dei var til å seia det fram, og kor gode øyrekviskrarar dei hadde hatt til å setja opp runer om det.»
Slik enda Leirfall rapporteringa si frå utgravne gamle skinnbrev, men soga om øyrekviskrarane rullar vidare og politikken går i spinn.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Soga spinn stadig vidare, og bakom syng Jon Leirfall.»
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.