Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Øyrevoks

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1931
20180615
1931
20180615

Det er ingenting dramatisk, men høgre øyregangen min er for trong. Difor må eg av og til innom eit sjukehus for å få han staka opp. Glad og nøgd køyrde eg til Drammen sjukehus sist tysdag. Særleg nøgd vart eg då det synte seg at lækjaren var ei ung og fager kvinne frå Troms. Eg fekk henne til å le minst sju gonger medan ho sat der og staka.

Men det med parkering synte seg å vera eit problem. På parkeringsplassen var det ein stor og ny monitor som eg skulle trykkja på. Eg trykte for to timar, men las samstundes at eg måtte nytte kortet mitt til å sjekka ut. Men då eg kom attende, var eg så nøgd med å ha fått at høyrsla at eg gløymde å sjekka ut med kortet mitt.

Vel heime i Asker greip otta meg, tenk om kortet berre gjekk og gjekk? Eg byrja i panikk å ringja ulike parkeringsselskap. Men tenk, dei kunne ikkje hjelpa meg, kor sjokkerande! Eg ringte så banken, dei kunne fortelja meg at det var reservert pengar frå kontoen min via Visa, men at dei ikkje kunne sjå kven som hadde reservert. «Men det går nok bra. Jeg hadde ikke kjørt tilbake», sa bankkvinna.

Eg køyrde attende. Men samstundes var eg heilt medviten om at eg ikkje ville inn att i parkeringssystemet. Eg parkerte på Esso-stasjonen 200 meter frå inngangen. Så sprang eg opp til automaten og stakk inn kortet. Alt var i orden. Dei som kjøpte ei fast tid – eg hadde kjøpt to timar – trong ikkje sjekka ut med kort.

Eg var sånn passe lukkeleg då eg gjekk attende til bilen. Nei, eg måtte ikkje betala ekstra, men eg hadde kaste vekk to timar på otta og ein time i bilen. Nede på Esso stod ein eldre kar og skreiv på eit blokk. Han spurde med tung serbisk aksent om det var min bil. Jau, det var då det. «Du har ikke kjøpt noe her. Da må du få bot.» Eg burde ha grine, men det var tullfliren som tok meg. Serbaren berre gav meg bota og såg undrande på meg: «Jeg kommer aldri til å forstå dere nordmenn.» Men så har han sikkert ikkje tronge øyregangar.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis