Twin Peaks har vakna til nytt liv, James Baldwin har endeleg fått filmen han fortener, og Roger Moore er død. Ein parentes i den store samanhengen, men etter at både truande og ikkje truande har halde Kristi himmelfart heilag, verkar det også som sommaren vender attende til våre kalde strok. Dei største forventningar så langt er knytte til Twin Peaks, som etter ha lege i dvale blir vekt til liv med dei fleste hovudrollene intakt. Dei fire første episodane er tilgjengelege på ein betalingskanal, og hovudgrepet er at David Lynch har stramma grepet, med seg sjølv som einveldig regissør. Kyle Machlanan, Laura Dern, Michael Cera og Jennifer Jason Leigh er framleis hovudpersonane, men kva med «the log lady» ? Ho som spela kvinna som bar eit stykke ved som om det var ein unge, er død. Rolla er også ute av soga, og eg vil sakne henne djupt.
Filmen I Am Not Your Negro er ein amerikansk dokumentarfilm basert på James Baldwins ufullførte manus Remember This House. Ifølgje skodespelaren Samuel Jackson i filmen er det første gong ein film blir basert på Baldwins eiga forteljing, i arkiv som lenge har vore løynde. Sjølv har eg levd med romanane til Baldwin sidan den første, Go Tell It on the Mountain, kom på norsk. Baldwin var homofil, noko som gjenspegla seg i romanen Giovannis rom, som han skreiv i Paris, der han flytta til då han var 24 år. Et annet land, Ilden neste gang og fleire glødande essaysamlingar kom på rad, frå ein forfattar som var politisk aktiv til han døydde i 1987.
Roger Moore døydde tysdag, 89 år gammal. Han starta karrieren som Simon Templar i Helgenen, men skulle etterpå bli den som spela rolla som James Bond lengst. Å ta over etter Sean Connery var ingen spøk, Pierce Brosnan var på det jamne, Timothy Dalton meistra det slett ikkje, men Daniel Craig lever. Når det gjeld verdssituasjonen, stilte Storm P det skarpt. «Kva meiner du om verdssituasjonen? Eg veit ikkje, for eg har rusk i auget.»
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.