JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Petroleumstilsynet trur på dialog, ikkje på bøter

Oljeselskapa har sterk eigeninteresse av å unngå ulukker. Å gi bøter er ikkje naudsynt, meiner direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anne Myhrvold, direktør i Petroleumstilsynet, under høyringa om Riksrevisjonens rapport om tilsynet i 2019. Rapporten var svært kritisk og konkluderte med at praksisen til Petroleumstilsynet hadde liten påverknad på oljeselskapa.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

4081
20210115
4081
20210115

peranders@dagogtid.no

Trass i fleire alvorlege hendingar i fjor er det ikkje grunnlag for å slå fast at tryggleiken er svekt i petroleumsnæringa, meiner Anne Myhrvold, administrerande direktør i Petroleumstilsynet.

– Først når vi får gått grundig gjennom talmaterialet, kan vi seie noko klart om utviklinga. Det gjer vi i den årlege rapporten om risikonivå i norsk petroleumsnæring, som vi legg fram i mars, seier Myhrvold

– Om vi ser på utviklinga over lang tid, har det blitt færre uhell med storulukkepotensial. Men i fjor var det nokre alvorlege hendingar, og det uroar oss.

– Fagforeiningane hevdar at kostnadskutta dei siste åra har svekt tryggleiken. Kva meiner Petroleumstilsynet?

– Indikatorane som viser faren for ei storulukke, tyder på at den risikoen var på sitt lågaste nokon gong i 2019. Det kan ha vore einskildhendingar der kostnadskutta har vore ei medverkande årsak, og i så fall er det ikkje akseptabelt. Men vi har ikkje grunnlag for å seie det generelt.

– Om verneomboda i petroleumsindustrien har fått mindre tid til å vere verneombod, korleis påverkar det tryggleiken?

– Verneomboda har ei viktig rolle i tryggleiksarbeidet, og det er ikkje bra om dei ikkje får nok tid til å gjere den jobben dei skal gjere.

– Riksrevisjonen skreiv i 2019: «Regelverksavvik og pålegg følges i flere tilfeller ikke opp av selskapene.» Var det korrekt?

–?Riksrevisjonen undersøkte berre fire casar, og det er rett at nokre avvik ikkje var følgde opp. Men det er ikkje slik at selskapa blæs i avvika vi påpeikar.

– Equinor har late vere å følgje opp fleire pålegg frå Petroleumstilsynet i årevis. I somme tilfelle har selskapet sagt at feil er retta opp, men så er dei ikkje det. Det verkar frekt?

– Da er det ofte jobba mykje med å rette avvika, men ikkje nok. Det er veldig få tilfelle der selskapa har late vere å gjere noko. Men det er ikkje akseptabelt når vi kjem att og finn same avvik som før.

– Om selskapa ikkje har grunn til å vente seg reaksjonar som svir, har dei vel ikkje så sterk motivasjon til å bry seg om avvika de påpeikar?

– Det å unngå ei ulukke er jo ein veldig sterk motivasjon i seg sjølv. Ei storulukke er ein katastrofe både for dei som blir råka, og for selskapet. Dette er ein bransje som sjølv er oppteken av å jobbe sikkert.

– Men den som køyrer bil, har sterk motivasjon for å unngå å krasje. Likevel får folk straff om dei køyrer for fort eller i fylla.

– For petroleumsindustrien kan ei alvorleg hending bli eit vere eller ikkje vere. Deepwater Horizon-ulukka velta nesten eit gigantisk selskap som BP. Forståinga for risiko er til stades. Men vi ser at det innimellom sviktar.

– De har aldri gjeve bøter?

– Nei, det har vi ikkje gjort. Men vi har vore tydelege på at om pålegga ikkje blir følgde opp, vil vi bruke sterkare middel.

– Er det ikkje rart at de aldri har bøtelagt nokon?

– Om vi får selskapa til å korrigere feil utan det, er det bra.

– Konkurransetilsynet deler ut milliardbøter til matvarebransjen for prissamarbeid. Slurv med tryggleiken i petroleumsindustrien har potensielt langt verre konsekvensar. Oljeselskapa har sloppe billeg unna?

– Om bøter skal ha effekt i petroleumsbransjen, må det vere svært høge bøter. Men det viktigaste er ansvaret selskapa har. Regimet vårt har gjeve gode resultat for tryggleiken.

– «Det er alvorlig at Petroleumstilsynets tilsynspraksis i liten grad har hatt ønsket effekt», skreiv Riksrevisjonen i 2019. Er det annleis no?

– Eg meiner at arbeidet vårt har effekt. Men når ein jobbar førebyggande, er det vanskeleg å dokumentere kva som er årsak til ei positiv utvikling.

– Stemde ikkje framstillinga til Riksrevisjonen?

– Etter mitt syn var det ei litt forenkla framstilling. Eg meiner arbeidet vårt har effekt, og det meinte eg da òg, seier Anne Myhrvold.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det å unngå ei ulukke er jo ein veldig sterk motivasjon i seg sjølv.

Anne Myhrvold, direktør i Petroleumstilsynet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis