JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Når folket set grenser

Få hadde spådd at striden om storfylket Innlandet skulle utvikle seg til ein politisk thriller.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Kart frå Norsk Allkunnebok Atlas, Fonna Forlag

13490
20220211

Innlandet

Slått saman av Oppland og Hedmark og etablert 1. januar 2020

Rommar 46 kommunar og 10 regionar

370.905 innbyggjarar (per 1. kvartal 2021)

Nærmare ein tredel av befolkninga er busett i dei fem største byane Hamar, Gjøvik, Lillehammer, Elverum og Kongsvinger.

Kjelde: Innlandet fylkeskommune

Regionreform

christiane@dagogtid.no

Det starta kontrollert. Då fylkestingsrepresentantane i Innlandet skulle ta stilling til fylkeskommunens framtid den 7. desember i fjor, trudde dei fleste at resultatet var gjeve på førehand. 

Sjølv om storfylket Innlandet vart skipa mot fleirtalets vilje i både Hedmark og Oppland, var Arbeidarpartiet no samd med  Høgre, Venstre og KrF i at blikket skulle rettast framover. Dei ville ikkje reversere fylkessamanslåinga, men halde stø kurs. 

Klart råd

I sakspapira gav fylkeskommunedirektøren dei til saman 57 representantane eit krystallklart råd om kva dei burde vedta: «Innlandet fylkeskommune setter ikke i gang en prosess med søknad om oppdeling av Innlandet fylkeskommune.»

Ap, Høgre, KrF og Venstre ville følgje dette rådet, og dermed talte dei som no ville halde Innlandet samla, 29 representantar. Dei som kan rekne, ser at fleirtalet var skjørt. Eit einaste avvik kunne vippe det, men kva var sjansane for noko slikt?

På motsett side kravde Senterpartiet folkerøysting, og hadde fått fleire av dei mindre partia med seg. Framstegspartiet fekk ein politisk godbit med i forslaget. Dei ville også be regjeringa greie ut fylkeskommunen som forvaltingsnivå. 

Stillinga var 28 mot 29 representantar. På overflata verka situasjonen roleg. Så kom voteringa. Og etterspelet.

Utbrytar avgjorde

«Drama på Fylkestinget: Utbrytar sørga for folkeavstemming om Innlandet», laud overskrifta på NRK.no etter møtet. Utbrytaren er dokumentert på biletet, der han, som den einaste Ap-representanten, rekker voteringsarket sitt opp i vêret saman med representantane frå Senterpartiet, SV, MDG, Raudt, Pensjonistpartiet og Frp. 

Erik S. Winther, står det på arket, eit namn som ikkje er kjent på riksplan, men som bør vere godt kjent i regionen. Winther var i perioden 1985–1995 ordførar i Ringebu kommune og har to periodar bak seg i Oppland fylkesting. Han har vore med i Arbeidarpartiet i 48 år. No vart Winther kalla illojal av partikollegaer og truga med ein eksklusjon, som det aldri vart noko av.

Men eit vedtak er eit vedtak. No skulle folk i Innlandet få seie meininga si i ei rådgjevande folkerøysting, og der, er det lett å tenkje, kunne striden ha stoppa. Vi kunne ha venta i spenning på folkets dom. Men slik er det på ingen måte. Framleis er det nemleg svært uklart kva som vil skje dersom fleirtalet røystar for å splitte opp storfylket. 

Knappe fleirtal

– Vi har vore pådrivarar for å få saka til folkerøysting. Då er det nærliggjande å følgje rådet som kjem, seier gruppeleiar for SV, Hans Olav Lahlum, for dei fleste nordmenn meir kjend som forfattar.

Sjølv røystar Lahlum for oppløysing i folkerøystinga, men internt i SV er meiningane delte. 

– Så må eg også, som hadde eg nær sagt alle andre, ta eit lite formelt atterhald for at det kan oppstå situasjonar med eit knipe ja i eit av dei tidlegare fylka, eit knipe nei i det andre og låg deltaking. Ein må sjå litt på kor sterkt og klart rådet vi får, er, held han fram.

I fylkestinget tolkar Lahlum dei politiske makttilhøva som asymmetriske i den forstand at eit knapt fleirtal for vidareføring utvilsamt vil føre fram, medan eit knapt fleirtal for oppløysing ikkje treng gjere det. 

– Vert det eit lite fleirtal for å halde på Innlandet, er det ikkje noko spørsmål. Då vert Innlandet vidareført. Også om vi får eit delt resultat der eit tidlegare fylke seier ja og eit anna nei, vil Innlandet mest truleg verte verande, seier han.

Mange atterhald

SV er ikkje aleine om å ta atterhald. Dag og Tid har spurt representantar frå alle parti i fylkestinget korleis dei vil stille seg til resultatet av folkerøystinga, og med unntak for den eine representanten frå Pensjonistpartiet som ikkje har svart, er alle svara prega av større eller mindre atterhald. 

Svara har éin fellesnemnar: Det er ikkje eit éin-til-éin-forhold mellom folkets svar og kva politisk avgjerd dei sjølv vil fatte. 

Enkelte av dei er grunngjevne med den prosessen fylkespolitikarane sjølv har sett i gang. Ved sida av folkerøystinga gjennomfører dei nemleg både ei høyring blant kommunar og organisasjonar, og ei spørjeundersøking blant dei 4000 tilsette i fylkeskommunen. 

– Heilskapeleg vurdering

Partia Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og KrF oppgjev alle at resultatet av folkerøystinga må sjåast opp mot høyringa når vegen vidare skal stakast ut.

– Vi vil høyre på den rådgjevande folkerøystinga, men òg på dei andre som uttaler seg, seier Hanne Alstrup Velure i Høgre.

Når NHO Innlandet åtvarar fylkestinget mot å kaste bort tid og pengar på omkamp, vil det altså bety noko. Det vil det også når Fagforbundet i Innlandet støttar ei vidareføring, for å trekke fram eit par døme. 

Styrkt fleirtal

– Lahlum seier han er sikker på at fylket vert vidareført med eit knapt fleirtal for Innlandet, men ikkje sikker på at fylket vert splitta med eit knapt fleirtal for oppløysing. Er du samd i analysen?

– Ja, fordi det også er eit relativt tydeleg fleirtal for vidareføring i høyringssvara, så då vert det fleirtalet styrkt av ei folkerøysting, uansett om fleirtalet er aldri så lite. Om det vert eit stort fleirtal for deling og låg deltaking – lat oss seie at 40 prosent har røysta og 60 prosent av dei vil dele fylket – då er det framleis 60 prosent som ikkje har sagt noko, seier Velure.

Eitt fleirtal er nok

I Raudt og Senterpartiet rår det eit strengare syn på kva føringar resultatet av folkerøystinga bør leggje. Men også desse partia kan kome til å røyste mot fleirtalet i Innlandet, dersom det i eit av dei tidlegare fylka er fleirtal for deling. 

– Vi har vore tydelege heile vegen på at vi vil fylgje folkerøystinga. Vi kjem også til å ta omsyn til om det eine fylket, Oppland eller Hedmark, ønskjer oppløysing og ikkje det andre, seier fylkesvaraordførar Aud Hove (Sp). 

Ho meiner Innlandet fylkeskommune alt har forsterka sentraliseringa i regionen.

Ekko frå 90-åra

Er det nokon som ser parallellar til EU-kampen i 1990-åra og debatten om folkerøystinga som gjekk på den tida? Det gjer Hans Olav Lahlum.

– Eg ser fleire og fleire likskapar med EU-striden, seier han. 

– På den eine sida har du Høgre og Ap som til vanleg er hovudmotstandarar, men som her er samde og utgjer ein urban koalisjon. Dei fører ein elitistisk og sentraliserande argumentasjon basert på rasjonalitet, med sterkt fokus på påstått økonomisk innsparing og rasjonelle administrasjonsløysingar. 

På den andre sida ser Lahlum ein meir kjenslebasert argumentasjon, sterkt prega av eit distriktsopprør og med eit meir folkeleg grunnfjell.

– Dei som ønskjer oppløysing, er, som nei-sida i EU-striden, meir opptekne av desentralisering og lokaldemokratiet. Her har vi ein koalisjon kring Senterpartiet, med base i distrikta og til venstre for Ap i byane. 

Som i EU-striden er også Innlandet-striden ei sak der mange veljarar ikkje vil følgje linja til partiet dei normalt støttar, og der det er monalege geografiske skilnader, ifølgje Lahlum.

Geografiske skilnader

Den 1. februar publiserte dei lokale media Østlendingen, NRK Innlandet, Hamar Arbeiderblad, Oppland Arbeiderblad og Gudbrandsdølen Dagningen ei meiningsmåling utført av Sentio. 

I heile Innlandet svarte 50 prosent av dei spurde at dei ønskjer at storfylket skal delast opp att, medan 44 prosent svarte nei, 6 prosent veit ikkje.

Det samla talet gøymer relativt store geografiske skilnader. I Oppland vil 56 prosent av dei spurde skilje lag med Hedmark, medan 34 prosent vil halde på Innlandet. I Hedmark er dei meir positive, og halvparten av dei spurde vil halde på storfylket. 44 prosent av hedmarkingane vil splitte det. 

Mest positive til Innlandet er veljarane i dei folkerike kommunane på Hedmarken. I Hamar, Ringsaker, Stange og Løten føretrekkjer 62 prosent å halde på Innlandet. I Gjøvik og Vest-Oppland finn ein flest som vil dele fylket i to att. Her vil berre 42 prosent halde på Innlandet.

– Uheldig

Professor emeritus Jon Helge Lesjø ved Høgskulen i Innlandet seier det er eit generelt mønster at befolkninga i dei minste einingane i ei samanslåing er dei som er mest skeptiske, medan dei som bur meir sentralt, er meir positive eller likegyldige. 

– Vi ser dette mønsteret også i Innlandet, i at folk er mest positive på Hedmarken og i Hamar, som utgjer sentrum i det nye storfylket. Veljarane i Oppland og periferikommunane er meir skeptiske, sjølv om mønsteret i dei minste kommunane ikkje er heilt eintydig.

 Lesjø meiner den politiske prosessen har problematiske sider.

– Eg synest det er uheldig at det er sett i gang ein høyringsprosess og ei spørjeundersøking blant dei tilsette. Ein kan få ei kjensle av at politikarane heilgarderer seg, seier han. 

– Kjem dei til dømes i ein situasjon med knapt fleirtal for å splitte opp, men der organisasjonane er positive til det noverande fylket, vert det spørsmål om dei skal trumfe folkerøystinga. Det vert hyperaktuelt dersom valdeltakinga er låg eller mellomstor.

Manglar ID

Det gjer ikkje situasjonen enklare at fylkestinget har gått inn for ein folkerøysting som bryt med tradisjonen. Av omsyn til koronasmitta er folkerøystinga heildigital. I tillegg er alle innbyggjarar som fyller 16 i 2022, inviterte til å røyste. 

Ein veit lite om kva dei yngste vil røyste, men i meiningsmålinga frå førre veke var veljarar under 30 år dei klart mest villige til å løyse opp Innlandet, heile 65 prosent støtta ei reversering.

At røystinga er heildigitalt, vil etter alt å dømme føre til at ein del eldre ikkje får stemt. Tidlegare denne veka skreiv Østlendingen at 312.084 personar kan røyste ved valet, og at 13.854 av dei ikkje har elektronisk ID. I tillegg er det grunn til å tru at eit større tal berre har logga inn elektronisk éin gong og kanskje ikkje eingong veit at dei har ein slik ID.

Det manglande høvet til å røyste fysisk, utan digital ID, har vorte sterkt kritisert av interessegrupper for eldre. Eldreombodet har i avisa Glåmdalen kalla ordninga for aldersdiskriminerande og fullstendig uakseptabel. 
Det er mindre enn to år sidan vallovutvalet la fram ein offentleg rapport (NOU) der digitale val vart fråråda, mellom anna fordi det kan stå i motstrid til kravet om at val skal vere hemmelege og kunne utførast utan press frå andre. 

Hemmeleg val

Også Lesjø meiner den heildigitale forma kan utfordre prinsippet om hemmeleg val. Samstundes minner han om at avgjerda vart teken i ei tid der ein var uroa for at omikronvarianten skulle vere utstyrleg.

Ifølgje Lesjø er utforminga av lokale val ein lite lovregulert prosess.

– Det er innanfor det lokale sjølvstyret å avklare vilkåra. Partia har vore forsiktige med å problematisere at folkerøystinga er digital, seier han. 

– Kva gjer dette med tilliten til valet og valresultatet?

– I Noreg er vi vande med at spelereglane er klare, og det gjev tillit. At det vert stilt spørsmål ved prosessen i seg sjølv, er ikkje heldig, sjølv om vi ikkje skal overdrive alvoret. Så vil det også vere ein samanheng mellom prosess og resultat. Vert det høg valdeltaking og eit klart resultat, vil det nulle ut haldningane ein sat med på førehand. 

Kritisk utbrytar

Politikarane har ikkje mykje tid til å bestemme seg for kva veg dei skal gå, etter at folkerøystinga vert avslutta klokka 15 neste torsdag. Kvar for seg vil partia ha eigne møte før fylkestinget endeleg skal avgjere Innlandets framtid den 23. februar. Den 1. mars går fristen for å søke regjeringa om reversering ut. 

Partia vil også måtte ta stilling til om dei vil binde fylkestingsrepresentantane til å røyste i tråd med vedtaket partia fattar. 

Winther, som braut med Aps syn i desember, vil ikkje utelukke at han kan gjere det same igjen. Han meiner politikarane må følgje rådet frå veljarane og er sterkt kritisk til høyringsprosessen som vert køyrd parallelt med folkerøystinga.

– For meg er svaret heilt greitt. Vert det eit fleirtal hit eller dit, skal ein sjølvsagt følgje fleirtalet, seier han.

– Når eg høyrer sterke krefter, sjølv fylkesordføraren, seie at han skal lytte til dei tilsette og diverse andre, som fagorganisasjonar og næringsmiljø i tillegg til folkerøystinga, då oppfattar eg det som manipulering. Dei får då to røyster – éi i folkerøystinga og éi i høyringa. 

Like kritisk er han til at valet er heildigitalt. 

– Alle skal ha rett til å få røyste – det gjeld om ein ligg på sjukeheim eller er sjuk heime. Men her vert ei gruppe pensjonistar og eldre utelukka. 

Fylkesordførar Even Alexander Hagen (Ap) svarar på Winthers kritikk.

– Det er eit einstemmig fylkesting, inkludert Erik Winthers stemme, som har sagt at vi i tillegg til ei rådgjevande folkerøysting skal gjennomføre høyring og medarbeidarspørjing. Det betyr ikkje at nokon får fleire røyster i folkerøystinga, men det gjev fylkestinget eit betre underlag for å fatte eit godt vedtak 23. februar. Når det gjeld kva fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet landar på, vil vi ta stilling til det i representantskapet i fylkespartiet, seier Hagen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg ser fleire og fleire likskapar med EU-striden.

Hans Olav Lahlum (SV), fylkestingsrepresentant i Innlandet

– For meg er svaret heilt greitt. Vert det eit fleirtal hit eller dit, skal ein følgje fleirtalet.

Erik S. Winther (Ap)

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis