JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Visjonen om Viken

Fanst han nokon gong?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fire smilande fylkesordførarar vart samde om eit sams fylkesnamn ein vakker dag i 2016.

Foto: Østfold fylkeskommune

13222
20220204

Bakgrunn

Viken

Oppretta i 2020 etter stortingsvedtak i 2017

Rommar dei tidlegare fylkeskommunane Akershus, Østfold og Buskerud

Har 1.252.384 innbyggjarar, det vil seie 23 prosent av landets befolkning 

Samansett av 51 kommunar frå Halden i sør til Hemsedal i nord

Kjelde: Viken fylkeskommune

Regionreform

christiane.larsen@dagogtid.no

Det finst eit fotografi av fire smilande fylkesordførarar frå Austlandet i blankpussa sko på ei bryggje ved Oslofjorden. I hendene held dei opp eit rektangulært svart skilt med store kvite bokstavar: VIKEN. 

Himmelen er blå, journalistane har møtt opp, og fylkestoppane har lukkast i å finne eit kjappare og finare namn til barnet sitt enn for eksempel Østfold-Akershus-Buskerud-Vestfold. I Østlandets blad kan vi lese at dei alle dreg i same retning, mot ei samanslåing, med unntak av éin, fylkesordføraren frå Vestfold, som tvilar. Det heile ser velregissert ut, og personane på biletet kan ha vore samde om at det hadde vore ein fin dag. 

Giganten

Vi skriv september 2016, nær tre og eit halvt år før storfylket Viken skulle verte ein realitet, i januar 2020. Viken, som husar over 1,2 millionar innbyggjarar eller om lag 23 prosent av landets befolkning, som rommar ein kommune som Flå med litt over 1000 innbyggjarar og Bærum med nærmare 130.000.

Viken, som strekkjer seg frå Halden i sør til Hemsedal i nord, og som ligg som ein utflytande smultring kring hovudstaden. Viken som har vore omstridd frå første stund, og som kan sjå ut til å verte oppløyst så snart råd er, etter fleire veker med politisk spel og partipolitisk sjølvskading. 

Laurdag avgjer Viken Arbeidarparti endeleg om partiet går inn for å oppløyse eller verne om storfylket. Utfallet avgjer i praksis også kva vedtak Viken fylketing vil fatte i slutten av februar.

Fanst det nokon gong ein visjon for denne konstruksjonen? Og om han fanst eller framleis finst – har han ein skapar eller arkitekt? Og kan vi sjå ein politisk visjon her, på dette biletet?

Kryssande interesser

Eit fotografi frys tida ein bitte liten augneblink og treng ikkje seie meir enn ein brøkdel av sanninga. Som alle andre bilete har også dette ein kontekst. 

Halvtanna år tidlegare oppmoda kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) fylka til å «ta nabopraten». Med oppmodinga følgde det både ein pisk og ein frist. Hausten 2016 måtte fylka ta stilling til samanslåing. Om dei ikkje sjølve tok regi, ville Stortinget gjere det. 

Ole Haabeth, dåverande fylkesordførar og arbeidarpartipolitikar i Østfold, kallar det ein marsjordre. Og når eg spør han kven som først fekk visjonen om fylkeskommunen som vart til Viken, peiker han ikkje på seg sjølv, men på Sanner. Når han forklarar kvifor storfylket kom til å romme nett fylka Østfold, Akershus og Buskerud, peiker han på ei rekkje kryssande interesser. 

Hadde trua

For Østfold var det naturleg å ta kontakt med Akershus, den einaste fylkeskommunen østfoldingane har landegrense mot. Men Akershus hadde som kjent ei austleg og vestleg del, skilt frå kvarandre av Oslo i midten. I den vestlege delen av Akershus følte dei slektskap med Drammen og Buskerud, og i Buskerud ønskte dei Vestfold med på laget. I Vestfold sleit dei ei stund med valet mellom Buskerud og Telemark, og dei forsvann etter kvart ut av planane for Viken. I Akershus ønskte dei sterkt Oslo inn i folden. 

– De verka ei tid optimistiske?

– Ja, det gjorde vi jo for så vidt. Vi hadde fått ein marsjordre som vi lojalt følgde opp. Vi såg absolutt utsikter for Viken, føresett at ein gjorde noko med heile fylkesinndelinga i Noreg, slik at ein kunne få generelt større regionar som kunne få overført monaleg større oppgåver. Det var det som dreiv oss, seier Haabeth.

Oslo i midten

– Fanst det ein visjon bak Viken?

Eg spør ei anna på biletet, dåverande fylkesordførar i Akershus, Anette Marie Solli, som i dag er gruppeleiar for Høgre i Viken fylkesting.

– Ja, det kan ein lure på, sånn som ting framstår. Om du spør om visjonen eg og Høgre har, er det at vi står sterkare saman, og det gjer oss betre i stand til å løyse dei fylkeskommunale oppgåvene.

Solli er mellom dei som gjerne ser at Viken fylkeskommune lever vidare, og ho vektlegg særleg høvet til å planleggje løysingar innan samferdsle og kollektivtrafikk.

– Skal ein til dømes frå Follo inn til Oslo, er det viktig kva trafikk som kjem sørfrå. Det same gjeld for trafikken frå Asker og Bærum inn til Oslo. Ein er nøydd til å sjå dette i samanheng for å gjere ting så effektivt og bra som mogleg. Og det er fleire enn ein skulle tru som reiser frå Oslo til Viken på jobbreise.

Men så var det Oslo, då. Heller ikkje Solli fekk det storfylket ho helst ville ha.

– Vi registrerte tidleg at Oslo ikkje ville, og på Stortinget ønskte dei ikkje å tvinge Oslo på plass. 

– Toppstyrt

Og korleis såg prosessen ut sett frå Buskerud? Der ønskte ein som nemnt Vestfold med, men Vestfold såg òg til Telemark. Tidlegare fylkesordførar Roger Ryberg (Ap) sit i dag med ordførarkjeda i Viken, og han meiner andre i partiet betre kan svare på spørsmål om den tidlege visjonen om Viken. 

(Ryberg bur forresten sjølv i Hurum kommune, som før 2020 låg i Buskerud, men som den 1. januar 2020 vart ein del av Asker kommune i tidlegare Akershus fylkeskommune.)

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) frå Buskerud ser på Viken som eit toppstyrt ideologisk prosjekt utan lokale eldsjeler. 

– Buskerud er eit sosialt og økonomisk fellesskap som har vorte etablert over mange hundre år. Så har ein fått ein frivillig sektor med idrettskrins og Røde Kors. Det er ein einskap som har vakse fram. Det vil alltid vere somme som vil sjå grensene litt annleis, men slikt må vekse fram naturleg, nedanfrå. Det har ikkje vore noko krav nedanfrå om Viken, seier han. 

Frå to nei til tre

Med eller utan visjonære fylkespolitikarar starta parallelle prosessar i dei mange fylkespartia og i dei tre fylkestinga. Alle skulle seie meininga si om fylkessamanslåing – og mange sa nei. 

Då regjeringspartia Høgre og Frp skulle forhandle med støttepartia KrF og Venstre om den endelege fylkesinndelinga, hadde fylkestinga i både Østfold og Akershus vendt tommelen ned. Buskerud fylkesting vende han opp, men ombestemte seg etter at reforma var lagd fram. Oppgåvene stod ikkje i stil med fylkesinndelinga, var oppfatninga. No meinte også Buskerud fylkesting at Viken burde reverserast.

Men på Stortinget hadde dei tru på og visjonar om Viken – eller?

Kompromisset

Det finst ein del bilete av dresskledde menn i vandrehallen på Stortinget. Ein del av desse bileta viser mennene i kommunalkomiteen som fortel pressa om status for regionreforma. Men kvar er bileta der representantar med stolte smil peiker på eit fargelagt kart over Noreg med nye strekar teikna opp? Dei finst truleg ikkje. Utgangspunktet var vanskeleg og forhandlingane harde. 

I april 2017 kom lekkasjane litt etter litt. Dei nitten fylkeskommunane skulle reduserast til elleve, og eitt av fylka bar namnet Viken.

Partia hadde svært ulike utgangspunkt. KrF og Venstre ville styrkje det regionale nivået og hadde store tankar om kva oppgåver dei etter kvart kunne ta på seg. Høgre og Frp interesserte seg meir for større kommunar, dei ville uansett helst fjerne fylkeskommunen. I regjeringspartia snakka fleire om å redusere talet på fylke heller enn å styrkje dei. Regionreforma såg ut til å leve opp til ein viss definisjon på eit kompromiss, ei løysing ingen er nøgde med. 

Bak lukka dører

Politiske journalistar har prøvd å fiske fram den heile og fulle sanninga om korleis det nye fylkeskartet vart teikna, bak lukka dører. Ingen har lukkast heilt, så forteljinga har vorte fortalt drypp for drypp. 

Til Dagsavisen har Geir Toskedal, som forhandla for KrF, sagt at regjeringa gjekk med på regionreforma fordi KrF og Venstre gjekk med på kommunereforma. Det var ein politisk hestehandel som også innebar at reforma burde redusere talet på fylka til ti–elleve. 

I ei anna sak spurde Dagsavisen kvifor Oslo fekk stå åleine. Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) svarte. Frp ville ikkje slå Oslo saman med Viken-fylka fordi Frp ønskjer ein tonivåmodell. Då kunne dei jo ikkje øydeleggje den einaste strukturen med ein slik modell. Oslo er som kjent både kommune og fylkeskommune. Njåstad kallar også reforma ein «gedigen hestehandel». 

KrF og Venstre hadde andre grunnar til å halde Oslo utanfor Viken. Med Oslo innanfor ville fylket vere nær ved å huse halve befolkninga i Noreg. 

– Som vestlending var eg motstandar av det, sa Toskedal til Dagsavisen.

Hestehandel

Lundteigen seier til Dag og Tid at han kjenner til nok ein hestehandel: Høgre godtok at Møre og Romsdal fekk stå åleine, mot at Frp godtok Viken. Personane bak var, ifølgje Lundteigen, dei dåverande parlamentariske leiarane Trond Helleland frå Buskerud og Harald T. Nesvik frå Møre og Romsdal. 

Dag og Tid får ikkje denne versjonen stadfesta av primærkjeldene. Nesvik er kortfatta når Dag og Tid ringjer. 

– Ingen kommentar, men det er vel ikkje nødvendigvis slik ting går føre seg.

Helleland kommenterer påstanden slik per e-post: 

«Eg har som parlamentarisk leiar for Høgre i åtte år delteke i svært mange forhandlingar, men Per Olaf Lundteigen har aldri delteke i nokon av dei. Han har presentert denne påstanden også i valkampen, og eg svarer deg som eg svarte han: Eg kommenterer ikkje kva som blei sagt i interne forhandlingar mellom Høgre, FrP, V og KrF. Men at Nesvik og eg skulle ha bestemt dette aleine, utan å involvere dei to partia, KrF og V, som me forhandla med, eller regjeringa, fell på steingrunn. Alle avgjerder vart diskuterte på gruppemøta til dei fire partia og internt i regjeringa. Ideen om Viken kom frå Ap-fylkesordførarane Ryberg i Buskerud og Haabeth i Østfold.»

Skuffa

Men korkje Haabeth eller Ryberg ville altså ha Viken når storfylket hadde vorte nedstemt i heimfylka og vedteke på Stortinget. 

– Eg vart skuffa seier Haabeth, når han skal skildre reaksjonen på stortingsvedtaket.

– Inndelinga var skuffande i seg sjølv, og så kom tildelinga av oppgåvene, som var ein gedigen skuffelse. 

Buskerud fylkesting svarte med å vedta ei reversering.

Starten

Ei forteljing kan starte på ulike stader. Kanskje starta ikkje ideen om Viken med fire fylkesordførarar på ei kai ved Oslofjorden. Kanskje var det trøndarane som sådde eit frø, då dei, med fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i spissen, slo seg saman frivillig og la for dagen eit stort engasjement for sterkare regionar. Det førte til debatt også på Austlandet, i området som i dag er kjent som Viken. For kort tid sidan tok Sandvik til orde for å reparere regionreforma heller enn å reversere ho.

Eller kanskje var Senterpartiet fødselshjelpar då dåverande partileiar Åslaug Haga (Sp) talte varmt om ei regionreform i den raudgrøne regjeringa, før arbeidet vart for vanskeleg og dermed skrinlagt i 2008. Den som grev bakover, vil truleg finne andre frø. Namnet Viken er ifølgje Wikipedia brukt om område på Austlandet sidan vikingtida. 

Viken-politikar Anette M. Solli (H) hugsar framleis prosessen i den raudgrøne regjeringa. Også den gongen var Akershus i dialog med Østfold og Oslo, men heller ikkje då ville Oslo vere med, og derfor tenkte ho denne gongen at Oslo ikkje skulle få sitje med eit veto. Fylka omkring kunne skipe eit storfylke utan Oslo. 

No meiner ho, som Sandvik, at regjeringa bør reparere heller enn reversere. 

– La oss tilføre nye oppgåver. Det er eit nytt fleirtal, berre set i gang og gjer det, seier ho. 

Spikaren i kista

– Når trur du vi vil sjå ein ny visjon om Viken, om fylket vert oppløyst?

– Det trur eg ikkje vil skje. Eg trur dette vert spikaren i kista for fylkeskommunen. Eg trur ikkje lenger vi vil verte tekne på alvor, korkje av media eller av våre eigne veljarar. Så eg trur dette er eit steg på veg mot å avvikle fylkeskommunane. Men om ein skulle avvikle dei, burde ein ikkje gjere det på denne måten, for det som ligg i potten, er tenestene til innbyggjarane. 

Stortingsrepresentant André Skjelstad (V) seier han er uroa for at eit oppløyst Viken gjev vind i segla til dei som vil leggje ned fylkeskommunen. Han har ikkje gjeve slepp på det han skildrar som grunntanken i KrF og Venstre: sterke regionar som er motmakt til dei store byane, og som kan tilførast fleire og tyngre oppgåver. 

Lundteigen meiner på si side at det er heilt nødvendig å oppløyse ein konstruksjon som, slik han ser det, trugar folkestyret. Han seier fylkeskommunen alt har problem med å handtere til dømes plansaker frå dei 51 kommunane, med alle sine folkevalde, og i større grad enn tidlegare er i kontakt med paraplyane, regionråda. 

– Viken-konstruksjonen er ikkje mogleg å styre utan ei radikal endring i kommunestrukturen, heilt i tråd med Høgre-ideologien om sentralisering av makt, seier han. 

Viken-visjonen

Om det er vanskeleg å finne menneske med ein visjon for Viken, er det lettare å finne visjonar og tankar om kva forvaltingsområde Noreg skal ha. Om at to nivå er meir enn nok, eller om at regionane kan spele ei rolle som samfunnsutviklarar.

Og ein visjon finst faktisk svart på kvitt, og det er visjonen vedteken for Viken sjølv: 

«Viken viser vei.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg trur dette vert spikaren i kista for fylkeskommunen.

Anette Marie Solli (H),
fylkestingsrepresentant i Viken

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis