Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

R.I.P.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1966
20171006
1966
20171006

«Den ein ikkje kan lita på i det vesle, kan ein ikkje lita på i det store heller», brukte Claire å melda. Dei ho ikkje kan lita på i det vesle, er slike som ikkje stiller opp og forsvarer alliansen Sparta når me er under åtak frå rivalar i mobilspelverda. Slike folk kan altså vera tvilsame i det verkelege livet òg, meinte Claire.

No er det hennar behemot og succubus som står ribba til skinnet i ruinane av det vesle imperiet. Claire har vore alvorleg sjuk og forsvunne for oss før, men ho har alltid kome att frå slaga i det røynlege livet for å ta del i dei virtuelle med nytt mot. Men ho har aldri vore vekke så lenge som no.

Eg er til å stola på, og stiller opp for Sparta og spartanarane når eg kan. Det gjer seg ikkje sjølv.

«Kan du leggja vekk mobilen», får eg stundom høyra, ved middagen, i selskap eller på jobb. Nei, eg kan faktisk ikkje det. Det er no slaget står, mellom opptil 80 deltakarar – menneske av kjøt og blod over heile verda – på eit tidspunkt som blei avtalt mellom partane i førre veke. Midt på natta for somme, medan dei i andre verdsdelar er på jobb, og nokre et middag i Brunei.

Å leggja vekk mobilen då ville vera som å leggja korta i bordet midt i eit slag bridge for å gjera noko anna (som i og for seg kan vera viktig nok), og gløyma både makker og motspelarar. Kven går på butikken under eit sjakkspel?

Slike er truande til kva som helst, melde altså Claire. Om det då er det ho heiter i det røynlege livet, om det er der ho er.

Ein skal ikkje ta dauden på forskot, sjølv her i speleverda kor suksess er uttrykt i talet på drap per liv brukt. Då eg leitte i skotske lokalaviser på nett etter dødsannonse for KingJamesy, mentoren min som brått forsvann frå spelet, var det falsk alarm. (Han hadde lagt mobilen på hjulet medan han mellom slaga fylte diesel på lastebilen, og køyrd over telefonen.)

Kvil deg, Claire, me passar på fortet ditt, like til Old Camel ein dag dreg ut kontakten til den store, kinesiske serveren.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis