JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Xi: Sjå keisarens nye klede

Vestlege folk som lograr for den kinesiske leiaren, overser tre avgjerande poeng.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kinesiske presidenten Xi Jinping etter at han hadde halde talen i det nye politbyrået i Kina 25. oktober 
i år.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping etter at han hadde halde talen i det nye politbyrået i Kina 25. oktober i år.

Foto: Jason Lee / Reuters / NTB scanpix

7514
20171103

Chinese President Xi Jinping claps after his speech as China’s new Politburo Standing Committee members meet with the press at the Great Hall of the People in Beijing, China October 25, 2017. REUTERS/Jason Lee

Ein keisar som er ein gamal sullik. Eit folk som er opiumslavar. Ein økonomi som vert hemma av byråkrati og forfallen infrastruktur. Ein kultur intenst oppteken av tidlegare stordom, men i røynda håplaust dekadent. Slik var det vestlege folk i det 18. og 19. hundreåret såg på Kina. Slik er det kinesarane (for ikkje å nemne dei fleste europearane) no ser på USA.

Trumperiet, narkotikaepidemien, den administrative stoda, stormraserte byar og fantasien om å gjere «America great again»: USA gjer i dag ein sørgjeleg figur, det er det same om ein ser på CCTC (det kinesiske statsfjernsynet) eller BBC. Ein kan gjerne samanlikne med biletet som no vert teikna av Kina i vestlege media.

Heilt sidan president Xi Jinping triumferande stod fram som forsvararen av frihandel og meisteren av globalisering i World Economic Forum i Davos i januar, har det vore ein slåande trend: Dei kommentatorane som er mest fiendtlege mot Donald Trump, tenderer mot å vere dei som er ivrigast til å hylle det kinesiske motstykket hans.

For The Economist er Xi Jinping no «verdas mektigaste mann». Xi har eit «langtidsperspektiv på Kinas ambisjonar», erklærte Financial Times for eit par veker sidan. «Denne presidenten har eit jarngrep om makta og ein strategi som kan gjere han til den fremste i verda.» Følgt av: «Beijing vert tryggare på at dei kan kombinere politisk kontroll med vekst og innovasjon.» Og så: «Utan nokon klar etterfølgjar står presidenten ved byrjinga av ein ny æra med dominans.»

Min gamle ven Fareed Zakaria i CNN skreiv nesten ekstatisk om det som kom ut av den 19. kongressen til Kinas kommunistparti (KKP), som vart avslutta for to veker sidan: «Denne partikongressen gjorde det klart at (Xi) ikkje er nokon alminneleg leiar,» skreiv han. «(Hans) grep om makta (er) langt tryggare enn det nokon av dei seinaste forgjengarane hans har hatt (...) Så lenge han lever, kjem Xi og ideane hans til å dominere Kinas kommunistparti.»

For han som skreiv The Post-American World, er implikasjonane klare. «Desse endringane skjer mot eit bakteppe av totalt samanbrot i den politiske og moralske autoriteten til USA i verda,» konkluderte Zakaria. «Kina (har) signalisert at landet no ser på seg sjølv som verdas andre supermakt, og posisjonerer seg som alternativet, om ikkje rivalen, til USA.»

Det verkar som dette poenget gjekk president Trump hus forbi, då han onsdag 25. tvitra at han hadde ringt president Xi «for å gratulere han med den eineståande opphøginga».

Men vent no litt: Det er visst meininga at vi skal vere imponerte, for å sitere The Economist, over at Xi Jinpings «grep om Kina er strammare enn nokon annan leiar sidan Mao»? Sist eg sjekka, og det gjorde eg med den eineståande historikaren som er ekspert på kommunist-Kina, Frank Dikotter, var Mao ansvarleg for titals millionar døde som følgje av katastrofar Mao sjølv skapte: 1949-revolusjonen, det store spranget og kulturrevolusjonen. Dersom Mao er førebiletet til Xi, er det meir truleg at Kina blir eit gigantisk Nord-Korea enn ein post-amerikansk koloss.

Så lat oss bringe tre ting på det reine om hendingane i Beijing for to veker sidan. Først Mao-delen. Ja, Xi er den første leiaren sidan Mao som har fått «tankane» (sixiang) sine inn i den kinesiske grunnlova medan han framleis sat i embetet. Deng Xiaopings «teori» (lilun) vart ikkje teken inn før etter at han var død. Dessutan: I Kina rangerer «tanke» over «teori».

Men kva er tanken til Xi, heilt nøyaktig? Det aktuelle grunnlovstillegget utgjer nesten 3000 ord, men i hovudsak kombinerer det det kjende («sosialisme med kinesiske særtrekk» – ein eufemisme for kapitalisme sidan 1982) med nye tema som Xi har introdusert dei seinaste fem åra: «den kinesiske draumen om nasjonal forynging», «grøn utvikling», antikorrupsjon og partiets primat over militæret.

Det er ikkje mykje her som er maoistisk. Ta dette, til dømes: «Vi skal gje spelerom til den avgjerande rolla marknadskreftene har når det gjeld tildeling av ressursar (...) fremje ekstensiv og institusjonalisert utvikling av konsultativt demokrati på fleire nivå (...) styrke den kulturelle, mjuke makta til landet vårt.» Erstatt ordet kinesisk med svensk, og det ville ikkje vere heilt feil i eit skandinavisk, sosialdemokratisk manifest.

Punkt to er politikken. Er Xi no allmektig? Nei. Han er primus inter pares (den fremste blant likemenn) i den sju medlemar store faste komiteen i politbyrået. Den nye samansetjinga av komiteen som vart offentleggjort for to veker sidan, stadfesta dette. Li Keqiang vart sitjande, og Wang Yang og Han Zheng kom inn, trass i – ifølgje folk som studerer fraksjonane innanfor kommunistpartiet – at dei vert knytte til dei tidlegare presidentane Hu Jintao og Jiang Zemin. Chen Min’er, som er Xis nære allierte og som nokre ser på som ein mogleg etterfølgjar, stod ikkje på lista. Kan hende kjem dette av at Xi har tankar om å bryte med tradisjonen ved å stille til enda ein periode etter 2022; på den andre sida respekterte han dei eksisterande reglane for pensjon da han sa farvel til antikorrupsjons«tsaren» Wang Qishan.

Det tredje punktet er at vi framleis ikkje veit kva Xi vil gjere med den styrkte, men ikkje absolutte, autoriteten. Nøkkelutnemningar innanfor økonomisk politikk og finans vil ikkje bli kunngjorde før i mars. Kanskje vil dei strukturelle reformene og nedbetalinga av gjeld som har vore venta så lenge, endeleg kome neste år. Eller kan hende vil dei private interessene i dei statseigde bedriftene syte for at oppgjerets dag vil bli halden på armlengds avstand.

For to hundreår sidan hadde Vesten rett i at Kina var stagnert. Kinesarane kan få tilgjeving for å tenkje det same om USA i dag. Likevel er det alt anna enn klart for meg at Kina i 2017 har noko i nærleiken av den vitaliteten og det potensialet Storbritannia og USA hadde i 1817. Det som framfor alt gjorde den engelskspråklege verda så dynamisk på den tida, var den eineståande økonomiske og politiske fridomen.

Etter starten på moderniseringa seint på 1970-talet vann Kina over hundreår med stillstand nettopp fordi etterkommarane til Mao skjøna at dei laut desentralisere folkerepublikken og gje økonomisk, om ikkje politisk, makt til folket. Om vestlege kommentatorar her rett, vil Xi Jinping gå i motsett retning. Viss kinesarane er heldige, vil han ende som ein opplyst absolutist, til liks med Lee Kuan Yew i Singapore. Viss dei er uheldige, vil han berre bli enda ein keisar som likte å drøyme om å kontrollere ein femtedel av menneskeslekta. I verste fall, men òg minst truleg, er han Mao 2.0.

Kan hende, berre kan hende, kan mirakla til moderne teknologi gje totalitarismen eit forlengt liv, når dei store kinesiske teknologiselskapa Baidu, Alibaba og Tencent gjev alle personlege data om alle kinesiske nettbrukarar til partiet. Og kan hende, takk vere big data, kan økonomisk planlegging lukkast der ho tidlegare slo feil. Men eg ville ikkje vedde på det. Og, skal ein døme etter omfanget av utanlandsinvesteringar rike kinesarar framleis gjer trass i strammare kapitalkontroll, ville ikkje dei gjort det heller.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi veit framleis ikkje kva Xi vil gjere med den styrkte, men ikkje absolutte, autoriteten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis