Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Zarathustra og persisk kjærleik

Vondskapens akse er eit dragande reisemål når ein finn seg i å bruka skylappar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grava til Hafez ved minnehallen i den nordlege enden av Shiraz i Iran.

Foto: Diego Delso / Wikipeida

5161
20180810
5161
20180810

hompland@online.no

Per Sandberg frå Skogn og mange andre stader, men likevel ikkje Mandal, er ein kresen mann. Han har late mykje fara og forelska seg i ei honningsøt miss frå Iran. Som medgift har han fått kjærleik til landet og folket, men ikkje til regimet i den islamske republikken.

Eg forstår han godt. Nyansar forsvinn når eit land er stempla som del av vondskapens akse. Iran har eit ekkelt teokratisk regime, men Persia er eit storslått reisemål med variert natur, overveldande historie, mektige kulturtradisjonar og vennlege folk. Eg unner alle ein tur dit, utan å bruka CIA, Saudi-Arabia, Trump og PST som sanningsvitne.

SPALTISTEN vedgår at han har vore der. Det var godt å vera norsk mann i Iran, men meir krevjande for kvinnene, som var hemma av slør og sømmeleg kjortel. Me blei passa godt på, men med diskresjon. Via guiden, som hadde doktorgrad i Shakespeare, fekk me klage på at trusa til ei av jentene kunne anast gjennom kjolen. Då eg gløymde kameraet ved ein attraksjon, kom ein kar etter meg på sykkel og leverte det tilbake. Eg takka og ville betala for hjelpa, men det avviste han vennleg: Det var jobben hans å passa på turistar.

Persepolis er eit underverk, og Shiraz og Isfahan er fantastiske byar. Den kolossale Nasqsh-e-Jahan plassen i Isfahan, som blei bygd på 1600-talet for nasjonalsporten hestepolo, er omgitt av moskear, palass og basarar. Der hadde me hordar av unge jenter og gutar etter oss, men dei skulle ikkje tigga eller selja noko; dei ville praktisera engelsken sin.

I SKUMRINGSTIMEN er det dragande ved mausoleet for Saadi (død 1291) i Shiraz. Rosenhagen er eit sentralt verk i verdslitteraturen, frå den tida islamsk kultur og vitskap inspirerte renessansen i Europa.

Unge og gamle strøymde også til parken til ære for Hafez (død 1389). Goethe lærte seg persisk for å lesa han. Hafez-dikt blir stadig lærte utanboks og brukte som heilage tekstar. Etter eit vers med to fingrar på kista trekker pilegrimane seg tilbake til den verdige roa i tehuset med tradisjonell iskrem eller vasspipe. Sjølv la eg handa på marmorskrinet og sa fram eit vers av Hafez:

Å, mitt hjarta,

dersom du elskar,

søk den elska.

Ved hjartas dør,

dag og natt,

vent på den elska.

MIDT OPPI DETTE har Per Sandberg hamna med kropp og sjel. Han er ikkje noko overmenneske, så statsministeren mumlar om at han må ta lærdom og lytta til erfarne tryggleiksfolk flest. Før han skal ut på neste odyssé i rom og tid, er det mykje å henta i Also sprach Zarathustra – både det filosofiske og litterære verket av Friedrich Nietzsche og det symfoniske diktet av Richard Strauss. Zoroaster, som han blir kalla på gresk, skapte den eldfulle religionen som dominerte i Persia i eit par tusen år før riket blei erobra av arabiske muslimar.

Strauss-komposisjonen er i ni delar, og namna kan høyrast ut som eit mogleg scenario for Per Sandbergs politiske karriere og kjærleiksliv: Soloppgang. Himmelstrevaren. Den store lengten. Lidenskap og skapande lyst. Gravsongen. Vitskapen. Rekonvalesenten. Dansevisa. Den drukne songen – på tysk: Nachtwandlerlied.

VERTINNA har sans for den ustyrlege Sandberg og trur han har ein interessant personlegdom. Byråsjefen fnyser, for Sandberg bryt med dei fleste fjellvettreglar for ein statsråd som skal ut på tur. For forvaltninga er det eit stort problem med ein engasjert villstyring som manglar impulskontroll, handlar ad hukk og ikkje held styr på skiljet mellom private og offentlege affærar.

PER SANDBERG kan godt vera rett mann, men er på feil plass som statsråd, og det har han nok ei kjensle av sjølv også. Etter valsigeren i 2013 sa nestleiaren at han kunne ha fått kva post han ville i regjeringa, men valde å bli på Stortinget for å halda fram i rolla som seg sjølv. Då han skifta meining, bar det rett inn i Solbergs kabinett. Der skaper han skrekk som privatpraktiserande urokråke og laus kanon på dekk.

Men Sandberg er relativt usårbar. Solberg må tilgje og ta alt i beste meining. Det er fordi han har fripass i Framstegspartiet. Då Carl I. Hagen abdiserte og skulle kåra sin arvtakar, stod det mellom den rå og uregjerlege Sandberg og den meir formbare Jensen. Loddet fall på Jensen. Til gjengjeld fekk Sandberg varig verna posisjon som talsmann for folk flest i partiet, som politisk friryttar og personleg rabagast.

Dei rollene har han dyrka med glans, men det lar seg dårleg kombinera med å vera underlagd partileiar og regjeringssjef, sjølv om dei lar han strekka strikken. Byråsjefen meiner det beste hadde vore om Sandberg hadde halde fram som fagforeiningsmann på Norske Skog i Skogn, for der treng dei hardbalne tillitsvalde.

Sandberg får neppe oppfylt draumen om å kosa seg som privatpraktiserande ambassadør i Teheran. Synd, i grunnen, for han er omgjengeleg, men ikkje diplomatisk. Honorær konsul, med fotfeste i eksport av fiskefarse, er eit meir nærliggande framtidsbilete. Dersom ikkje karmaen bit han bak.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I Solbergs kabinett skaper Per Sandberg skrekk som privat-
praktiserande urokråke og laus kanon på dekk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis