Javel, herr president
Det anonyme anti-Trump-innlegget var berre vanleg byråkrati.
Spesialiteten til Sir Humphrey Appleby (Nigel Hawthorne) (t.v.) var å blende Jim Hacker (Paul Eddington) med ordrike omskrivingar i den britiske serien Javel, herr statsråd.
Kven styrer? Bak den skinande fasaden av eit monarki eller presidentskap – bak all pompen og alt seremoniellet – kven er det som eigentleg trekkjer i makttrådane? Tanken er gamal: Makta har to lag, eitt som er godt synleg, det andre ligg i skuggen. Opprørske bønder i mellomalderen klandra ikkje gjerne kongen for problema sine, men dei vonde rådgjevarane hans. Ein standardfigur i dei kongelege hoffa i tidleg moderne tid var den grå eminensen.
På dronning Victorias tid var det allmenn oppfatning at den reelle makta i Storbritannia hadde gått frå krone til parlament – jamvel om det var likast å ikkje spørje for direkte om kor mykje makt monarken framleis sat med, som Walter Bagehot så elegant hevda. («Vi må ikkje sleppe dagslyset inn på magien.»)
Mindre elska kongelege vart ikkje handsama så omsynsfullt. Det vart sagt om Russlands siste tsar og tsarina at dei var farleg påverka av predikanten og mirakeldoktoren Grigorij Rasputin. I desember 1916 konspirerte ein aristokratisk klikk om å myrde Rasputin. Dette berga ikkje tsaren.
Framveksten av demokratiet skulle få vekk grå eminensar og hoffintrigar gjennom kravet om at regjeringar skulle veljast av folket. Det skulle ikkje vere meir magi, berre dagslys. Og likevel spela historia eitt av sine vanlege ironiske puss mot menneska. Inga mengd av røyster kunne fri sinna våre frå mistanken om at verkeleg makt framleis vert utøvd i løyndom.
Litt over halvparten (51 prosent) av 1000 amerikanarar som vart spurde i 2011, sa seg samde i utsegna: «Mykje av det som skjer i verda i dag, er bestemt av ei lita og utvald gruppe individ.» Ein dryg fjerdedel av ei større gruppe var einig i at «finanskrisa vart sett i verk i løyndom av ei lita gruppe bankfolk frå Wall Street for å utvide makta til den amerikanske sentralbanken og auke kontrollen dei har over verdsøkonomien». Og nesten éin av fem var samd i at «milliardæren George Soros står bak ei skjult samansverjing for å destabilisere den amerikanske regjeringa og ta kontroll over media og verda».
Slike ting er standard lagervare hos profesjonelle konspirasjonsteoretikarar som Alex Jones. Nettsida hans, Infowars, har blitt Konspirasjonssentralen. For fjorten dagar sidan opplevde Jones ei bonanzaveke. Ikkje berre gjekk Twitter i lag med andre sosiale medieselskap om å nekte han tilgjenge. (Tittel på Infowars: «Krise... Det fascistiske skjulte statsapparatet drep ytringsfridomen.») Enda betre: I ein anonym kommentartekst i The New York Times, skriven av ein person på innsida av Det kvite huset, avslørte det skjulte statsapparatet sjølv at det aktivt motarbeider det Donald Trump vil. Til vanleg lyt Jones leggje ut slikt stoff sjølv. For to veker sidan trong han ikkje det.
Ja, det verkar som det kan vere ei samansverjing om å stogge Jones som har vore planlagt ei tid av dei store teknologiselskapa, og sjefen for Twitter, Jack Dorsey, var den som heldt ut lengst. Og det finst verkeleg ei samansverjing for å hindre Trump i å setje ut i livet dei politiske løfta han gav under valkampen i 2016.
Nei, eg veit ikkje kven som skreiv teksten i New York Times. Alt eg veit, er at 23 høgtståande embets ikkje skreiv han, fordi dei har nekta for det. Men det etterlèt likevel nokre mistenkte, for det syner seg at tusenvis av menneske kan kalle seg «høgtståande embetsfolk i Trump-administrasjonen». (CNN reknar med at det er over 2000 personar i regjeringsapparatet som er utpeikte av presidenten, pluss minst 570 på leiarnivå.) Mannen – ja, vi veit at det er ein mann – Infowars kallar «Det kvite huset-sabotøren», var temmeleg klar. Dette, skreiv han, er «eit tospors presidentskap».
Han heldt fram: «Ta utanrikspolitikken: Offentleg og privat syner president Trump at han føretrekkjer autokratar og diktatorar, slike som president Vladimir Putin i Russland... (Men) resten av administrasjonen opererer på eit anna spor, eit spor der land som Russland får kritikk for innblanding og vert straffa i samsvar med det.»
«Til dømes var presidenten uvillig til å utvise så mange av spionane til Putin som straff for forgiftinga av ein tidlegare russisk spion i Storbritannia... Men det nasjonale tryggingsrådet hans visste betre – slike tiltak måtte gjennomførast, for å stille Moskva til ansvar.»
«Dette er ikkje noko det såkalla skjulte statsapparatet har gjort. Det er gjerninga til det stødige statsapparatet.»
Ytterlegare prov på aktivitetane til det «stødige statstapparatet» kan ein finne i Fear, den nye boka til veteranforfattaren av presidentkrøniker, Bob Woodward. Eit utvalt avsnitt har alt dukka opp. Det skildrar korleis Gary Cohn, den tidlegare direktøren for National Economic Council, «stal eit brev frå skrivebordet til Trump» som presidenten akta å underteikne, og som ville ha avslutta handelsavtalen mellom USA og Sør-Korea.
Det er to moglege reaksjonar på alt dette. Den første er reaksjonen til Infowars: på tide å kvesse høygaffelen og lade dei halvautomatiske våpena. Trump treng forsterkingar frå fortet. Det er på tide å «storme sumpen».
Alternativet er å stille med pokerandlet i stil med kaptein Renault i Casablanca og gjenta dei udøyelege orda hans: «Eg er sjokkert – sjokkert – over å oppdage at det går føre seg hasardspel her!»
Ja, eg er sjokkert – sjokkert – over å oppdage at det går føre seg byråkrati her!
Dikotomien mellom populistisk leiarskap og faktisk regjeringsverksemd er langt frå noko eineståande amerikansk fenomen. Eg var i Italia for ikkje lenge sidan, der eg høyrde ein tale av den nye italienske utanriksministeren, Enzo Moavero Milanesi. Ifølgje dei fleste engelskspråklege media sit han i ein koalisjon av paniske populistar, Lega og Femstjernersrørsla. Men talen til Milanesi var knapt til å skilje frå dei forgjengarane hans pla halde. Om noko var han ørlite grann meir proeuropeisk.
«Det er forskjell på det som vert sagt offentleg, og det som vert sagt i regjeringsrommet», sa han til meg etterpå. Tilhøvet mellom han og leiarane av populistpartia «er ikkje berre hjarteleg, men konstruktivt». Den tidlegare statsministeren Paolo Gentiloni, som høyrde på samtalen vår, var einig. «Dette», sa han, «er ein koalisjon mellom venstrepopulistane, høgrepopulistane og teknokratane».
Den nye koalisjonen vart danna i mai. Programmet var så radikalt at det førte til globalt hakeslepp. No er det tidleg i september, og storparten av det radikale stoffet er stillferdig gravlagt.
For britiske auge burde ikkje noko av dette overraske. Som ein spansk ven minte meg om ein dag, såg vi dei muntre sidene ved politikken med to andlet for snart 40 år sidan, takk vere skaparane av Javel, herr statsråd.
Spesialiteten til Sir Humphrey Appleby var å blende Jim Hacker med ordrike omskrivingar. I ein episode vert Appleby tvinga til å innrømme ansvar. «Identiteten til embetsmannen», seier han, «er ikkje sveipa i retteleg så ugjennomtrengeleg mørker som visse tidlegare oppdagingar kan ha leidd deg til å tru, men for ikkje å peike med altfor hårfin spiss, er den aktuelle personen – kan hende overraskande nok – ein som den noverande samtalepartnaren din har for vane å definere ved hjelp av det perpendikulære pronomenet». (Det engelske pronomenet I, med andre ord.)
Eg trur ikkje det er nett desse orda den anonyme embetsmannen i Trump-administrasjonen vil nytte når han tilstår eller vert røpt. Men meininga er den same. Og du veit kva alle dei andre embetsfolka vil seie når Trump gjev ordre om avretting, ikkje sant?
«Javel, herr president.»
Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.