PST bløffa kontrollutvalet
Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) er fleire gonger ført bak lyset av Politiets tryggingsteneste (PST).
Kritikken råkar den nyleg avgåtte PST-sjefen Benedicte Bjørnland, som underteikna breva med dei ukorrekte opplysningane til EOS- utvalet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
PST
vidar@dagogtid.no
Dette går fram av den særskilde meldinga som EOS-utvalet leverte til Stortinget i førre veke. Kritikken mot PST i meldinga er den hardaste utvalet har kome med nokon gong sidan det vart oppretta i 1996. Rapporten påviser at PST i fleire tilfelle har gjeve urette opplysningar når EOS-utvalet har stilt spørsmål om praksisen til PST ved registrering av opplysningar om flypassasjerar. Dette har EOS-utvalet avdekt gjennom inspeksjonar etter at utvalet først har fått skriftlege svar frå PST.
Kritikken råkar den nyleg avgåtte PST-sjefen Benedicte Bjørnland direkte, ettersom det er ho som har signert breva med dei urette opplysningane til EOS-utvalet. Å gje urette opplysningar til EOS-utvalet er det same som å lyge for Stortinget. Det er ikkje unaturleg å reise spørsmål om kva konsekvensar dette kan få for Bjørnland, som no er politidirektør og øvste sjef for norsk politi. Som sjef i PST var ho øvste ansvarlege både for den ulovlege praksisen PST har drive i fleire år, faktisk i heile hennar periode frå 2012 til 2019, og dei bortforklaringar og usanne opplysningane PST har gjeve til EOS-utvalet.
– Skarp kritikk
Her er eit knippe sitat frå rapporten:
«EOS-utvalget retter skarp kritikk mot PST for tjenestens innhenting av en stor mengde opplysninger om norske statsborgeres flyreiser.» «Utvalget finner det lite tillitvekkende at PST…» «Kritikken skjerpes av at praksisen har foregått over flere år og virker å ha vært godt kjent innad i PST.»
EOS-utvalet slo alt i 2014 ned på praksisen PST fylgde med innhenting av passasjeropplysningar. PST hevda å ha heimel i utlendingslova til å hente inn personopplysningar om ein flypassasjer som var norsk statsborgar. EOS-utvalet uttala at utlendingslova ikkje gav PST heimel til dette, kritiserte PST og venta at tenesta sytte for å avklare heimelsgrunnlaget for innsamling av opplysningar om flyreiser norske borgarar gjorde til utlandet.
I brev til EOS-utvalet gav PST inntrykk av dels å vilje leggje om praksisen, dels å avklare heimelen for informasjonsinnhentinga og å ta dette opp med Justisdepartementet. EOS-utvalet la dette til grunn.
I 2017 gjorde EOS-utvalet nye søk som viste at PST framleis samla inn omfattande opplysningar om flypassasjerar. Det galdt også utanlandsreiser som norske flypassasjerar gjorde. EOS-utvalet avdekte også at så mange som åtte flyselskap rutinemessig sende over fullstendige passasjerlister til PST, og at PST kontinuerleg hadde elektronisk tilgang til Norwegians bookingsystem med eige brukarnamn og passord.
Utan heimel
Konfrontert med dette frå EOS-utvalet vedgjekk PST i desember 2017 at det hadde vore samla inn opplysningar i stort omfang. I tillegg vedgjekk PST at det hadde skjedd utan tilstrekkeleg heimelsgrunnlag.
På denne bakgrunnen fann EOS-utvalet grunn til å gjennomføre inspeksjon ved PST-kontoret på Gardermoen. Inspeksjonen vart på kort varsel gjennomført i mars 2018.
EOS-utvalet freista også å finne ut om PST kunne søkje på innanlandsreisene norske statsborgarar gjorde med Norwegian.
I brev til EOS-utvalet 6. desember 2017 skreiv PST-sjefen at PST berre kunne søkje på «flyvninger til og fra Norge, og det er ikke gitt adgang til å søke på innenlands flyvninger eller flyvninger mellom andre stater».
EOS-utvalet fann i mars 2018 opplysningar som tydde på at det ikkje eksisterte ei slik avgrensing. 3. mai 2018 reiste difor utvalet på nytt spørsmål til PST om forholdet.
PST-sjefen svara i brev 31. mai 2018 at det tidlegare svaret frå desember 2017 kunne vere «egnet til å skape misforståelse». Vidare heitte det:
«Det medfører riktighet som utvalget presiserer at PST har adgang til å søke i Norwegian sitt bookingsystem på navn til enkeltpersoner uavhengig av nasjonalitet og om flyvningen er innenlands i Norge, til og fra Norge eller mellom andre stater.»
PST-sjefen la til at avgrensinga i søkjetilgangen var noko tenesta hadde «pålagt seg selv på bakgrunn av hjemmelsgrunnlaget i utlendingsloven».
EOS-utvalet sit med utskrifter som viser at denne avgrensinga ikkje er gjennomført i praksis. Søka PST har gjort, har gjeve informasjon om alle flyreiser aktuelle personar har gjort med Norwegian – også innanlandsreiser. Det har PST ikkje lovheimel til. Det er tvert imot i strid med norsk lov, jamvel Grunnlova, påpeikar kontrollutvalet.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal no behandle rapporten. Det er duka for opne høyringar på Stortinget på nyåret.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

PST vedgjekk at det hadde vore samla inn opplysningar i stort omfang utan tilstrekkeleg heimelsgrunnlag.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.