Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den nye litteraturen

– Samfunnsspørsmål kjem atter på dagsorden hjå unge forfattarar, seier forfattar Marta Norheim, som har teke pulsen på samtidslitteraturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den såkalla Loma-brannen i Santa Clara County i USA i fjor. Slike «dystopia» finst i bøkene som Norheim diskuterer, som Før de henter oss (2015) av Peter Franziskus Strassegger.

Foto: Noah Berger / NTB scanpix

4590
20171013

SAMTALEN

Marta Norheim

Forfattar og kultur-journalist i NRK

AKTUELL

Marta Norheim peikar
på nye trendar i norsk samtidslitteratur i ei ny bok

ronny@dagogtid.no

Kva skjer i norsk samtidslitteratur? Eitt blikk i media og du får den kloberre sanninga om norsk åndsliv: røyndomslitteratur med store namn som Karl Ove Knausgård og systrene Vigdis og Helga Hjort, i strid om den litterære framstellinga av familien deira. Vel, der tar du feil, for norsk samtidslitteratur er meir en røyndomslitteratur.

– Norsk samtidslitteratur er større enn det dei store avisene viser. Den store breidda kjem ikkje fram i det offentlege ordskiftet.

Det fortel forfattar og kulturjournalist i NRK, Marta Norheim. I den siste boka hennar, Oppdateringar frå lykkelandet, guidar ho lesarane inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005.

– Ein skulle tru dei unge forfattarane såg opp til internasjonale storleikar som Knausgård og tok etter han i sine eigne bøker?

– Nei, det sjølvbiografiske er vorte ein sport for dei halvgamle. Dei unge forfattarane bryt med denne trenden. Undersøkinga mi viser at det er eit større mangfald av tema og uttrykk hjå forfattargenerasjonen som veks fram no. Det blir òg tydeleg når eg jamfører trendane for ti år sidan. Kontrasten kjem fram om vi ser på Røff guide til samtidslitteraturen, som eg gav ut i 2007. Boka viser at det var ekstremt mykje oppvekstskildringar i bøkene til unge forfattarar. Slik er det ikkje lenger.

– Du viser at dette straumdraget er bytt ut med eit engasjement for klima og miljø. Den såkalla økokritikken.

– Ja, men ikkje berre det. Eg peikar òg på andre nye tema, som digital identitet. Men det er rett at klimaet har kome i fokus. Forfattarar er nok i dag i mindre grad tilhengjarar av den freudianske tanken om at ein må studere barndom og ungdom for å forklåre vaksenlivet; dei ser mennesket som ein del av samfunnet. Det synest eg er ei interessant utvikling.

– Hittil er det krimlitteraturen som har demonstrert eit samfunnsengasjement. Det har vore sett på som eit kjennemerke ved moderne skandinavisk krim. Er det over no?

– Ja, arbeidsdelinga som har eksistert i norsk litteratur, ein meir eksistensielt orientert skjønnlitteratur på den eine sida og ein samfunnskritikk i krimlitteraturen, blir rokka ved. Eg tykkjer det er positivt at samfunnsspørsmål atter kjem på dagsordenen hjå unge forfattarar. Det tyder at berøringsangsten som har vore der sidan den såkalla tendenslitteraturen på 1970-åra, er svekt.

– Men engasjert litteratur kan ende i plakatpolitiske slagord. Det såg vi nett i 70-åra.

– Det skjer sjeldan hjå dei unge forfattarane. Mette Karlsvik er eit god døme på ei som får det til. Eg er imponert over måten ho brukar kunnskap i bøkene sine på. Ho skriv engasjert utan å bli programmatisk. Og ein skulle ikkje tru det kunne skrivast om klimaengasjement med humor, men det lukkast Christian Valeur med. I romanen Steffen tar sin del av ansvaret skriv han om korleis ambisjonane om å berge verda kan utarte i det krampevorne og klovnevorne. Det er ei humoristisk forteljing om kva mangel på kunnskap kan føre til.

– I neste kapittel viser du til Jan Kjærstads spådom frå 1997: I essayet «Romanen og nettet» fortel han korleis «computeren» vil endre sjølvforståinga og tankemønstra våre. Har det skjedd?

– Både ja og nei. Den digitale røyndomen, altså tilvisingar til internett og sosiale medium, er komen for å bli. Det ser vi i bøkene til forfattarar eg diskuterer, som Bjørn Vatne og Linnea Myhre. Men spådomen til Kjærstad har nok ikkje slege til. Interessa for digitalisering finn vi att som tema i bøkene. Det har i mindre grad ført til ei omvelting i måten å skrive på.

– Er det ikkje slik at trendar i tida kan overdrivast i litterære framstellingar? Eg minnest det kom ut diktsamlingar som imiterte SMS-språket, men dei vart verande eit tidsfenomen og fekk ingen vidare påverknad på lyrikken.

– Ja, eg talar difor om tendensar, ikkje litterære retningar, og forfattarar eg nemner i kapitlet «Klimakrisa», dukkar òg opp i andre kapittel. Slik er det òg med den digitale røyndomen. Om det blir verande som tema, vil framtida vise om det får ein større effekt på det litterære språket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Berøringsangsten som har vore der sidan den såkalla tendenslitteraturen på 1970-åra, er svekt.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis