Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mot ny regjering i Tyskland

Det er gjennombrot i regjeringsforhandlingane i Tyskland. Men spørsmålet er om grasrota i det tyske arbeidarpartiet godkjenner vilkåra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiar for CDU og Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, vil danna regjering saman med Horst Seehofer (til venstre) frå CSU og Martin Schulz (til høgre) frå SPD.

Foto: Hannibal Hanschke / Reuters

4393
20180209

SAMTALEN

Astrid Sverresdotter Dypvik

Tysklandkjennar og journalist i Nationen

AKTUELL

Regjeringsforhandlingar i Tyskland

ronny@dagogtid.no

I september i fjor var det politisk val i Tyskland. Det var stor spenning i heile Europa kring valet – Tyskland er den økonomiske motoren i EU. Men det var ingen parti som fekk ein klar siger i valet. Det sosialdemokratiske partiet SPD, som sidan 2013 har sete i koalisjon med Angela Merkels parti, det kristendemokratiske CDU, fylgde den allmenne trenden i Europa for arbeidarparti: dei gjorde det dårleg.

Alt før valet skjøna SPD at dei var på feil kurs. Difor kom det inn ein ny leiar, Martin Schulz. Han lova bot og betring for SPD: Dei skulle finne attende til det sosialdemokratiske fundamentet sitt. Men no, etter mange månader, er det endeleg gjennombrot i regjeringsforhandlingane. Og kven vil Merkel samarbeide med? Jau, atter SPD, og saman med systerpartiet til CDU, det bayerske CSU.

Astrid Sverresdotter Dypvik, som er journalist i Nationen og har skrive bøker om Aust-Tyskland, er ikkje overraska:

– Dette peikar på ambivalensen som finst i det sosialdemokratiske partiet SPD. Om forhandlingane blir godkjende av medlemene i partiet, vil SPD no gå inn i sin tredje periode med CDU. Mange i SPD meinte den dårlege valoppslutninga kom av nettopp regjeringssamarbeidet med Merkels høgreparti. Martin Schulz, som kom direkte frå EU-parlamentet, skulle fornye partiet ved å styre unna eit nytt samarbeid med Merkel. Schulz ser ut til å innsjå nederlaget: Planen er at han skal bli utanriksminister i den nye regjeringa, men han går samstundes av som partileiar og gjev stafettpinnen vidare til Andrea Nahles. Venstrefløya i partiet set no sin lit til henne som bergingskvinne for SPD.

– Men likevel vart det forhandlingar?

– Om medlemene i partiet, særleg dei unge, er kritiske til nytt samarbeid med CDU, har partileiinga maktambisjonar. Dei ser på det som si oppgåve å styre landet i den vanskelege perioden Tyskland er i.

– Forhandlingane går altså fyrst vidare etter er ei godkjenning av medlemene av SPD?

– Ja, på eit ekstraordinært møte i SPU vart det vedteke at samarbeidet fyrst skal godtakast gjennom ei uravrøysting hjå dei 460.000 medlemene av partiet. Det er alt gjort ei mellombels røysting, der røysta berre 56 prosent for nytt samarbeid. Tyskland, og resten av Europa, ventar no i spenning på resultatet.

Fanst det ingen alternative samarbeidspartnarar for Merkel?

– Merkel prøvde fyrst å få til ein koalisjon med det liberale FDP og miljøpartiet Die Grünen. Men mange hevdar at partileiar for FDP, Christian Lidner, saboterte forhandlingane i misnøye med flyktningpolitikken og næringspolitikken til Merkel. Ikkje alle var nøgde med framferda hans. Dei seier han tedde seg populistisk og uansvarleg.

– Eit parti som gjorde det godt i fjor, var det innvandringskritiske Alternative für Deutschland (AfD), som fekk 12,6 prosent. Har dei påverka regjeringsforhandlingane?

– Ja, utan tvil. Koalisjonen er samd om ei øvre grense for flyktningar, og dei har òg lova at det som skjedde i 2015, den store flyktningstraumen til Europa, som kom etter Merkels utsegn «Wir schaffen das», ikkje skal skje igjen. Dette var punkt som ikkje kom frå Merkel, men som er meinte å demme opp for framgangen til AfD.

– Leiaren for det tredje partiet i koalisjonen, det bayerske CSU, Horst Seehofer, får stillinga som innanriksminister om forhandlingane blir godkjende. Kva politikk vil han føre?

– Det har vekt oppsikt at han vil opprette eit Heimatministerium under innanriksdepartementet. «Heimat» – heimstadkultur – har vore tabu etter den andre verdskrigen. Det er også ein del av strategien for å demme opp for høgrenasjonale krefter.

– «Heimat» med bayersk koloritt – då blir det vel lederhosen, øl og pølser for alle pengane?

– Initiativet hans har alt vekt ein straum av ironiske kommentarar frå folk som spør om det er tale om satire eller rett og slett ein vits. «For himmelens skuld. Nei! Eit ’Heimatministerium’? Vi er jo ikkje i Bayern eller hjå Trump! No misser eg all respekt for den nye koalisjonen», er til dømes meldinga frå leiaren av Die Grünen på Twitter.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det har vekt oppsikt at CSU vil

opprette eit Heimatministerium

under innanriksdepartementet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis