JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ber Ap-leiinga sjå bakover

– Følgjer Ap tidlegare suksessoppskrift, kan partiet kome tilbake. Det er ikkje mykje som skal til, seier fyrsteamanuensis i statsvitskap Dag Einar Thorsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ap har ikkje gjort så veldig mykje rett etter valet, men det kan fort snu, meiner forskar, forfattar og Ap-medlem Dag Einar Thorsen. Biletet syner partisekretær Kjersti Stenseng og partileiar Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse 12. juni, der dei la fram nye retningsliner mot trakassering.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

5028
20180706

SAMTALEN

Dag Einar
Thorsen

Fyrsteamanuensis, forfattar og Ap-mann

AKTUELL

Krisa i Arbeidarpartiet

5028
20180706

SAMTALEN

Dag Einar
Thorsen

Fyrsteamanuensis, forfattar og Ap-mann

AKTUELL

Krisa i Arbeidarpartiet

eva@dagogtid.no

Arbeidarpartiet lek til alle kantar og har tapt over 100.000 veljarar sidan valet, ifølgje meiningsmålingsinstituttet Ipsos. Fyrsteamanuensis i statsvitskap Dag Einar Thorsen ved Høgskulen i Søraust-Noreg er sjølv Ap-medlem, har tidlegare skrive bok om sosialdemokratiet og jobbar no med boka Arbeiderpartiet – en biografi som kjem ut på forlaget Res Publica neste år.

– Kva er det som skjer med Ap no?

– Ofte når det har vore eit dårleg val, kjem konfliktane til overflata. Det skjer ikkje berre i Ap, men i dei fleste parti som er nokolunde demokratiske. Det skjedde i Høgre etter dei dårlege vala i 2005 og 2009, og i Ap i 2001. Det kan òg vere ei medverkande årsak til at Ap i 2014 fekk ein leiar med ein meir inkluderande leiarstil. Støre ønskte representantar for ulike miljø og grupperingar inn i den næraste krinsen.

– Det er vel fyrst og fremst ein styrke?

– Ja, men samstundes institusjonaliserte han då ei form for splitting i leiinga. Det gjekk bra i medgangsbølgja dei fyrste åra etter valet, men då det byrja å butte i valkampen 2017, vart det tydeleg at leiingsmodellen ikkje nødvendigvis er den beste. Organiseringa av valkampen var meir sentraldirigert enn vanleg, og ting fungerte ikkje godt. Lokale tillitsvalde fekk i liten grad eigarskap til valkampen og fekk heller ikkje høve til å vere med på å spele inn kva saker og strategiar Ap skulle satse på. For oss som var ute og møtte veljarane, kom til dømes utspelet om at Ap var ope for å samarbeide med Venstre og KrF, som lyn frå klar himmel ein solfylt augustdag. Det slo ikkje særleg godt an blant kjerneveljarane.

– No mistar Ap veljarar til alle parti. Korleis er det mogleg?

– Vi har jo ikkje gjort så veldig mykje rett etter valet heller. Fyrst krangelen om komitéleiarverv på Stortinget, der politiske rådgjevarar tok på seg rolla som politiske aktørar, så kom Giske-saka med #metoo og hans nølande og langdryge avgang, der det òg tok lang tid før partileiinga og sentralstyret klarte å verte samde om at han var ferdig. Her var det mange som ikkje skjøna den politiske dynamikken og alvoret i det som vart avslørt.

– Ap har hatt det mest effektive og samlande partimaskineriet av alle. Kvar er det no?

– Partiorganisasjonen er stort sett intakt, men han må haldast ved like. Det Jens Stoltenberg og Martin Kolberg gjorde etter det dårlege valet i 2001, var å revitalisere partiorganisasjonen, byggje opp att samarbeidet mellom det lokale, det regionale og det sentrale nivået i partiet og involvere alle i dei strategiske diskusjonane. Dei tre neste åra, frå mars 2002 til valet i 2005, dobla Ap oppslutninga frå 16 til 32 prosent og fekk regjeringsmakt og fleirtalsregjering. Følgjer Ap tidlegare suksessoppskrift, kan partiet kome tilbake. Det er ikkje mykje som skal til.

– Kva er prosjektet til Ap i dag?

– Nasjonalt har ikkje Ap for tida noko tydeleg politisk prosjekt utover at vi veldig, veldig gjerne vil sitje i regjering heller enn dei andre. Framover må vi ha ein diskusjon om kven vi ønskjer å samarbeide med, og verte samde om det i god tid før valet. I tillegg meiner eg partileiinga bør lytte til forslag frå partiorganisasjonen, som fleire gonger har fått gjennomslag for ein tannhelsereform – som tek tannhelsa inn i det offentlege helsevesenet. Det, saman med ei jernbanereform for å reversere privatisering, er lågthengande frukt for Ap. Dei kan gjerast til tydelege politiske prosjekt som ville markert skilnad mot høgresida. Det ville òg ha stogga lekkasjen av veljarar til venstresida og den store lekkasjen av veljarar til sofaen.

– Det lek til alle kantar frå partimedlemmer òg for tida. Er det lojalitet att i partiet?

– Dette må takast tak i. Veljarane vil ha politikarar som leiar og syner retning, ikkje folk som driv med den slags tull. Når VG kan referere på direkten frå eit lukka sentralstyremøte og det stadig vekk kjem lekkasjar frå anonyme kjelder i stortingsgruppa, er det tydeleg at nokon har teke på seg større oppgåver enn dei handterer. Det bør leiaren ta tak i fram mot nesten vår.

– Har Ap eit leiingsproblem?

– Ja, på den måten at vi i dei seinare åra har vorte stadig meir toppstyrte og sentralstyrte. Det gjer at partiorganisasjonen vert heilt handlingslamma når leiinga vert sett ut av spel, slik ho vart i Giske-saka då all energi gjekk med til å handtere den og konfliktane som kom i kjølvatnet.

– Trur du Støre vert sitjande som leiar?

– Han har brei oppslutning i partiet, og det er få som ropar om at han må gå. Erna Solberg tapte så det song i to val før ho fann forma i 2013. Eg trur Støre kan vere ein styrke for partiet om han klarar å gjere justeringar i korleis partiet sentralt snakkar med dei lokale og regionale ledda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Partiorganisasjonen er stort sett intakt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis