Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Dansegolv for eliten og folk flest

Arendalsjuka er ein smittsam og godarta epidemi som kan styrka immunforsvaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag kveld var det partileiardebatt som opptakt til kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5287
20190816
5287
20190816

hompland@online.no

BYRÅSJEFEN er privatpraktiserande i den idretten bakspelarar og påleggskalvar i partiapparata blir sette til: å grava fram gamle sitat som syner at motparten er ein vinglete og omtrentleg tåkefyrste, har skifta standpunkt, eller ikkje har førstehandskjennskap til sakene.

Nå har Byråsjefen grave fram eit Sideblikk frå i fjor på denne tida: Det handla om arendalsbobla og hadde tittelen «Arendalsjuka». Om Byråsjefen hadde fått sleppa til som hjelpeskrivar, skulle han ha balansert den avundsjuke harselasen. Då skulle det ha kome fram at byen ikkje er dominert av nettverksbyggarar frå fyrstehusa som har fått betalingsdyktige klientar til å tru at dei ikkje kan klara seg utan kommersielle koplarar mellom politikk, presse, næringsliv, interesseorganisasjonar og ålmenta. Heller ikkje av forventningsfulle frå mellomsjiktet i organisasjonsbyråkratia som er på klassetur med trillekoffert for å få ein mjuk overang frå ferie til arbeidshaust. Byen fløymer faktisk over av folk flest som møter fram i store skarar for å vera med på festivalen som kallar seg demokratiets dansegolv.

ETTER Å HA VORE i Arendal må Spaltisten gje Byråsjefen rett. Eg skal ikkje utelukka at Spaltisten er forført av det fine sørlandsvêret, dei vakre kulissane, at han møtte kjensfolk og sambygdingar overalt, at han til og med klarte å vera tidleg nok ute til eit par høgkvalitetskonsertar i bakgardane. Men ikkje minst at han som løn for å vera med i ein paneldebatt, fekk låna ei flatseng hos Friedland i den overfylte byen.

Derfor slapp han å ta buss til hotell i Kristiansand, og han kunne følgja utelivet til det stilna tidleg, for det er full pakke med arrangement klokka åtte neste morgon. Klokka elleve var den fullaste baren Hill, hovudkvarteret til First House, vegg i vegg med Geelmuyden Kiese. Men berre utanfor Madam Reiersen, grundig dekorert med logoen til det gule kommuneforbundet Delta, var køen stadig 100 meter lang.

DET MEDIEVRIDDE biletet er ein delrøyndom. Rett nok okkuperer dei politiske partia TV-kanalane, og dei mest velståande interesseorganisasjonane og kommunikasjonsbransjen restaurantane og båtplassane på solsida av Pollen. Og journalistane flyg i flokk, når dei er mange nok.

Men Arendalsuka er mykje meir enn sitt eliteboblerykte. Det medgav til og med Trygve Slagsvold Vedum, som såg ut til å trivast med regionale vitsar frå festivalscena, der han kom nær folk frå heile landet. Så hadde han då også spellemannprisvinnaren og bondejenta Sigrid Moldestad frå Gloppen som oppvarmar: «Eg ser inn i augo dine; det er som ein stjernekveld.» (Jakob Sande). Han var heldigare med musikken enn Kristeleg Folkeparti dagen før: Då dei etter appellane om eit varmare samfunn drog til med countryrock, reiste kjerneveljarane seg og gjekk.

Alle parti var der – også dei som går under radaren under samlenamnet «Andre». NKP stilte med fem solide karar i tungvektsklassen. Arbeidarpartiet hadde eit tombolahjul der alle skulle med og fekk gevinst: Sjølv vann eg ein raud matboks i plast. Sylvi Listhaug var ikkje på Frp-standen, for ho heldt folkemøte i Menighetssenteret i Froland. Trine Skei Grande, som introduserte seg som tjukk, einsleg, kvinne og statsråd, var både her og der i mange slags debattar, for som ho sa: «Noen må våge å stå i driten.»

JO MEIR EG VANDRA i gatene bak Pollen og opp mot rudebilstasjonen utan riffla påmm­fri, jo meir rann ironien av meg. Der var det hundrevis av telt og stands for frivillige og humanitære samanslutningar, næringsforeiningar, offentlege etatar og organisasjonar for interesser ein ikkje skulle tru fanst. Det er som eit utbretta bilete av assosiasjonsånda, av mangfaldet i den norske modellen. Det er demokratisk offentlegheit og interessemarkering på speed.

ETTER Å HA vore innom eit par handfullar opplysande, saklege og siviliserte debattar om både store og smale tema, var det eit sjokk å kopla om til det som skulle vera høgdepunktet: partileiardebatt som opptakt til valkampen. Det var ein nedtur i debattkultur og misbruk av dansegolvet. NRK har satsa på Fredrik Solvangs hybris, og det førte til kaotisk kjekling og rølpete kamp om å avbryta kvarandre for å få terningkast.

Om norske politikarar skulle stå saman om noko, bør det vera å manna seg opp til å stilla krav om sømd i debattsjangeren – med taleliste, replikkar og stoppekokke – om nødvendig.

FESTIVALGENERAL Øystein Djupedal støytte eg borti då me hadde klemt oss inn på ein debatt og stod lengst bak i eit overfylt telt. Eg måtte berre takka og gratulera. Arrangementet er overveldande og imponerande. Der har den refuserte fylkesmannen skapt seg ein arv til å gøyma; han er større enn mange vil tru.

Spaltisten er grunnleggande pessimistisk på vegner av den sivile og politiske offentlegheita, men er glad når han kan la seg overraska positivt: Ein skal vera stolt over å skifta meining når ein får syn for segn.

Arendalsuka er kanskje ein epidemi, men ikkje vondarta. Truleg styrker han immunforsvaret og folkehelsa, så det er å vona at han er så smittsam at det også kan vera lækingsvon for politiske TV-debattar.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Journalistane flyg i flokk, når dei
er mange nok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis