Det falske medvitet vann valet
Arbeidarpartiet skyr k-ordet og skal slita med å reorientera seg og finna vegen vidare.
ETTER EIT VAL: Arbeidarpartiet heldt landsstyremøte i Samfunnssalen i Oslo 25. september: statsminister Jonas Gahr Støre, partisekretær Kjersti Stenseng og nestleiarane Tonje Brenna og Jan Christian Vestre.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
hompland@online.no
Arbeidarpartiet er i krise. Dei skal slikka sine sår og evaluera sine tapte slag. Dei når ikkje lenger ut til det partileiar Støre, med ei sosiolektisk omskriving av Gerhardsens «de breie lag av folket», kallar «det brede lag av befolkningen». Sjølv om dei prøver å trøysta seg med gode tal i enkelte kommunar, og at det såg endå verre ut nokre veker før valet, er 21,6 prosent så katastrofalt at Jaglands nedre smertegrense på 36,9 er blitt eit utopisk mål. Det skremmande scenariet som spøker i bakgrunnen, er dei sosialdemokratiske søster- og massepartia som forvitrar sørover i Europa.
Med spørjeskjema, veljarundersøkingar og rådslag i den skrantande partiorganisasjonen skal dei finna ut om dei forstår godt nok den tida me lever i. Dei skal snu alle steinar for å reorientera seg og bli ei betre utgåve av seg sjølv. Men med pratemaskina Vestre som repetitør gjekk dei først ein lang runde på om det er lov bruka k-ordet.
«HVA MÅ GJØRES?» Havarigranskinga har mykje å ta fatt på og rydda i, for forklaringane spriker i fleire og innbyrdes motsette retningar. Veteranen Martin Kolberg vil ha SV inn i regjeringa for å redda sosialdemokratiet; veteranen Thorbjørn Berntsen vil av same grunn ha ut Senterpartiet.
Fossil- og bilvennlege meiner partiet har lagt seg for nær dei grøne i MDG. Derfor kom INP, eit godteposeparti med blanda drops og noko for mange smakar, inn frå sidelinja og stal veljarar i Grenland og andre tunge olje- og industrisamfunn. I vest og i nord slo lakseskatten inn.
Lepper i Groruddalen har eit generasjonsminne om bønder som utsugarar. I dagens samrøre med Senterpartiet har det urbane Arbeidarpartiet tulla seg bort i reaksjonære reverseringar i distrikta. Dei meiner også at eit arbeidarparti ikkje kan ha ein mangemillionær frå Riis som leiar, og at det er eit feilspor å springa etter lilla veljarar.
VENSTREORIENTERTE og manifeste analytikarar grip til den dummaste av alle marxistisk-inspirerte forklaringar: falskt medvit. Selektiv feilpersepsjon gjer folk så subjektivt forvirra at dei ikkje forstår sitt eige objektivt beste. Når veljarane går til høgre, må Arbeidarpartiet bli klarare og gå til venstre, slik at veljarane skjønar at dei har gått til høgre fordi dei ikkje hadde eit tydeleg venstre å gå til.
DÅRLEG KOMMUNIKASJON er eit halmstrå. Den gode bodskapen drukna i skandalar om nepotisme og inhabil aksjehandel. Det demotiverte sofa- og blokkveljarar i gode Ap-krinsar. AUF-leiaren og partiets salt, Astrid Hoem, hadde dette naudropet i eit intervju i Dag og Tid: «No må heile Arbeidarpartiet ta ansvar for å finne ut korleis vi skal nå ut med dei gode løysingane som eg reelt meiner er dei beste for folk.»
Partileiar Støre var inne på det same i talen til landsstyret, men gjekk kanskje eit hakk djupare: Folk flest deler grunnverdiane våre, men vi hadde ikkje gode nok svar på kvardagsutfordringane deira.
SITUASJONEN KREV klarare tale, men det er jo også dilemmaet: Sjølv om Arbeidarpartiet blir mindre, blir det ikkje smalare. Som breitt folkeparti vil dei femna private næringsdrivande, veljarar i villa og blokk, trygda, marginaliserte unge menn, slitarar i tungindustrien og kvinner i offentleg sektor. Det er uråd å vera eit klart interesseparti når interessene spriker mellom grupper dei vil representera.
OBJEKTIVT SETT har landet godt av eit sosialt samlande og styringsdyktig sosialdemokrati, men den falne ørna kjem til å streva hardt med subjektiv sjelegransking og sjelesorg. Dei kan finna von i at ei krise kan vera ein katarsis og eit vendepunkt til noko betre.
Men det må minnast om ein tristesse av Nils-Fredrik Nielsen: «Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.» Eller like ille: at ein finn noko ein ikkje liker, eller noko ein ikkje kan gjera noko med.
HJELPESKRIVARANE vil ha eit ord med i laget om Ernagate, som både er ein politisk skandale og ein romantisk og komisk tragedie, men dei har heilt ulike syn på kva som er kjernen i spelstykket.
Byråsjefen er totalt uinteressert i scener fra et ekteskap der Høgres spinndoktorar prøver å kvitvaska Erna. Saka dreier seg om kva statsminister (h.v.) Solberg visste, når ho visste det, og kva ho hadde plikt til å vita. Byråsjefen held seg til Håndbok for politisk ledelse. Punktum. Der heiter det: «Ovenfor ektefelle eller andre man lever sammen med i et ekteskapslignende forhold, vil personen med det politiske vervet ha en plikt til å skaffe seg faktisk kunnskap om vedkommendes eierinteresser som eventuelt kan lede til inhabilitet for politikeren.»
VERTINNA BRYR SEG ikkje om det konstitusjonelle. Ho har aldri og kjem aldri til å røysta Høgre – det er genetisk. Men motvillig har ho fått godhug for den robuste og drustelege Erna med full oversikt og kontroll. Derfor blei ho lei seg og skuffa over at ei så gild dame så lett har late seg rundlura av den grådige og svikefulle @HandelSindre, som ho vil vandra vidare saman med.
Vertinna har sjølv røynsler med utkropne, ludomane og fordekte menn, så ho har eit solidarisk råd til Erna: Fjern Sindre frå innsida og kast han ut av stallen, utan påsminka tårer.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.
Tristesse av Nils-Fredrik Nielsen
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.