Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Det merkast i ord, ikkje i handling

Språk er makt, ikkje minst på bank- og bustadmarknaden. Staten er med på møkkalasset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
DNB-sjefen Kjerstin Braathen presenterer DNBs resultat for 1. kvartal 2023. Det gjekk på engelsk og norsk, engelsk og norsk.

Foto: Javad Parsa / NTB

5800
20231020
5800
20231020

hompland@online.no

Aldrande menn liker å leika sakkunnige i forhold til språk. Dei meiner alt var betre før, og dei saknar språkrøktaren Per Egil Hegge (6. mars 1940–12. oktober 2023) som skjold og verje mot for­-
hold­isme og anna språkleg forfall.

Derfor er det berre rett og rimeleg at det blei veksla mange ord om såvore då Spaltisten og Hjelpeskrivarane var samla til smalahove og heimebrygga øl.

BYRÅSJEFEN ER ANDVAKEN i forhold til all tale og skrift som har med prisstiging, kursar, konjunkturar og renter å gjera, for der blømer frasar og tvilsam metaforikk uhemma. Og språk er makt, ikkje minst på bank- og bustadmarknaden.

Økonomispråket trengjer seg inn overalt. Det er forvitneleg, men fortener skjenn, når ein leiande finansanalytikar lar marknaden opptre som kjenslevart og handlande subjekt: «Markedet er nervøst og sitter langt utpå stolkanten.»

INGEN ER BETRE gasjert her i landet for å snakka tilslørande enn konsernsjef Kjerstin Braathen i DNB. Men då Fredrik Solvang i den statleg finansierte rikskringkastinga (skal ikkje NRK snart kvitta seg med det utdaterte namnet?) la opp til debatt om rentemarginar, skugga ho banen. Etter press blei ein informasjonsoffiser send ut i krigen. Vilkåret for at talsmannen for Noregs dominerande bank kunne stiga ned til folket, var at han berre skulle framføra autoriserte talepunkt, men ikkje debattera.

Då desse unnvikande manøvrane blei altfor pinlege, stilte ei stivt smilande Braathen likevel opp i Dagsnytt 18 for å syna at ho ikkje er feig, og at ho fortener 16 millionar for «å prøve å styre DNB og dei ressursane og kompetansane vi har til å hjelpe og støtte kundane våre» (Klassekampen 14. oktober 2023).

Ho meinte og følte masse. På få minuttar «opplevde» ho seks gonger at «banken ikke er slik folk tror». Åtte gonger fortalde ho at dei «bruker mye tid på å snakke med og hjelpe kundene».

I den fordoms revolusjonære dagsavisa Klassekampen utdjupa ho: «Vi meiner jo at våre kundar har veldig gode vilkår, (…) og eg meiner jo at vi har veldig konkurransedyktige prisar.» Elles kunne ho informera om at dei har mange tilpassa «spareprodukter», og at «renta er vår hovudråvare». Om hovudeigaren kunne ho opplysa: «Vi har veldig tett dialog med næringsdepartementet, og opplever at dei er veldig transparente i sine forventningar.»

Så kom ikkje her og kom her og rett bakar for smed: Det er Staten og Noregs Bank som har skulda og ansvaret.

VERTINNA HAR OMSUT for Terje Aasland, for han er sett på ein uriaspost som olje- og energiminister. Der er det vanskeleg å halda tunga rett i munnen i kamp mot vrange sameaktivistar og språklege vindmøller.

Statsråd Aasland har spesialisert seg på å seia at ting skal gjerast i rett rekkefølge og på ein god og trygg måte, og at han er sikker på at ein kan finna fram til gode løysingar. Han vil ikkje riva vindturbinane i reinbeiteområdet på Fosen, som er kjernen i det pågåande menneskerettsbrotet, men han vil gjerne lytta til «reindrifta på Fosen, som har skoa på».

Han kan koma til å forskreva seg i forsøket på å halda og styrka kraftbalansen, sjølv om han har vore ute ei vinternatt før på Hjalmar Johansens vidaregåande skule, og sjølv om han av profesjon er energimontør og har røynsle frå klatring med stolpesko.

SPALTISTEN MEINER det er godt å ha klargjerande og sanningssøkande universitet som eit naudanker i den språklege farens stund. Norsk akademia har mykje å takka den amerikanskfødde lingvisten (spesialist i generativ grammatikk og fonologi) Curt Rice for. Som omreisande rektor har han fare som ein vind over landet, frå Tromsø til han krasja i den gamle landbrukshøgskulen på Ås. Undervegs klarte han å flytta Høgskulen i Oslo og Akershus til eit nedlagt bryggeri og gjera institusjonen om til eit gult universitet som trass i alle råd fekk det dumme namnet OsloMet.

Rice har ikkje vore innom NTNU (ein fusjon av den tekniske høgskulen og lærarhøgskulen), men dei klarer å tilpassa seg nye honnøromgrep på eiga hand. Siste nytt frå Gløshaugen er at kurs SOS6509 har endra namn frå «Organisasjonsutvikling, ledelse og læring» til «Demokratisk innovasjonsledelse og bærekraftig organisasjonsutvikling». Men leiinga legg trøystande til at «det faglige innholdet er tilnærmet likt».

NYE NAMN MÅ tilpassast marknadens krav, reinskast for «stat» og mystifisera kva ein driv på med, til dømes jernbane, veg, olje og gass – derfor Vy, Mesta og Equinor.

Det er blitt god og forkledd forvaltingsskikk å avpetrolisera namn: Oljedirektoratet er døypt om til Sokkeldir­ektoratet, og Petroleumstilsynet til Havindustritilsynet. Og frå årsskiftet er ikkje Aasland lenger olje- og energiminister, berre energiminister. Men det vil nok merkast i meir enn i ordi at han kan halda den arven i stand. Mens statssekre­tæren hans, som er frå den gamle hermetikkbyen og snakkar equinorsk, er forfremmet til saligheten for å frelsa klima og miljø.

«Myten ligger i småordene», skeiv retorikaren Georg Johannesen i ei kritisk melding av regjeringas langtidsprogram i1992. Det er minst like gyldig i dag.

NÅR EIN VIL HALDA FAST på røynda, men er woke for at orda kan skifta valør, er det nærliggande å bruka relasjonsarkitektar for å samhandla betre med den framoverlente marknaden og hyra inn PR-konsulentar for å finna eit betre klimatilpassa namn på butikken. Svarte og spekulative eigedomsøydeleggarar kallar seg rimelegvis «Green Living». Grønvasking er ein vekstbransje.

Men ikkje alle lar seg lura. Til smalahovelaget hadde Spaltisten med seg godt og lokalt brygga øl. I protest mot svadaen nekta Byråsjefen og Vertinna å smaka då dei oppdaga at det stod «klimakompensert» på aluminiumsboksane.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis