Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Framstegspartiet står i skorfeste

Partiet for bilistar flest er innhenta av eigen suksess. Det stinkar bompengar av asfalten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bom-bom der Marcus Thranes gate kryssar Sandakerveien i Oslo.

Foto: Andreas Hompland

5342
20190614
5342
20190614

Lytt til artikkelen

hompland@online.no

Taktiske analytikarar reknar med at Framstegspartiet klarer å koma seg ut av bomknipa og blir verande i Solbergs usamla regjering. Dei har tatt to motorvegsteg fram, men klarer nok å ta eitt tilbake, framstilla det som ein siger og hausta fossil gevinst.

VERTINNA er ikkje så sikker på det. Ho har kjensle for politikk, men veit meir om sauehald. Ho trur Framstegspartiet kan ha hamna i skorfeste (skårfeste, skòrfeste). Ei skòr er ei trong kløft i ei bergside som kan enda i ei lita berghylle. Når ein sau hamnar skorfeste i jakta på saftig gras, står han bom fast og kan verken koma opp eller ned, fram eller tilbake. Om han ikkje får hjelp og blir heist opp, svelt han i hel eller ramlar ned og slår seg i hel.

Uttrykket er overført til menneske og politikk. I biografien om presten, bladmannen og predikanten Lars Oftedal, som stod fram i kordøra i St. Petri kirke og kunngjorde at han hadde levd i hor, skriv Berge Furre at han var komen i eit skòrfeste i livet. I boka om Lars Sponheim skriv Olav Garvik og Olav Kobbeltveit at partileiinga i Venstre plasserte seg i eit håplaust skorfeste der alle utgangar enda i uføre.

DET ER ILLE å vera skorfast. Likevel har Vertinna stor age for dristige sauer som ikkje følgjer flokken, men prøver å tyna mest mulig ut av grasrøtene i farlig lende.

Det er i grunnen verre å hamna i åvelta (aovelta). Det kan skje med husdyr som blir liggande på rygg i ulendt terreng. Om uhellet er ute, skal det ikkje store dumpen til før sauen ligg der og kavar og sparkar hjelpeaust i lause lufta. Om han ikkje får hjelp til å koma på føtene, blir han heilt utmasa, døyr og blir mat for åtseldyr.

PARTIET FOR bilistar flest, som det heitte på Hoksrud-plakatar langs E18, er i bomskvis. Dei som liker lukta av asfalt over heile landet, vil ikkje ta den løynde rekninga. Internt i partiet lurer gjeddene i sivet og dei listige bak haugane og trugar finansminister Jensens politiske livsverk.

Byråsjefen minner om at gamlekongen Carl I. Hagen har klart å få partiet sitt ut av kniper før. I Willochs to første år som statsminister etter 1981 vaka Framstegspartiet rundt 4–5 prosent og var eit rimeleg føyeleg støtteparti. Det var dei også etter at det frie vekkeropet Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet ved eit pinseunder gjekk inn i regjeringa.

Ved valet i 1985 fall Frp under sperregrensa (3,7 posent) og fekk berre to representantar på Stortinget: Carl I. Hagen sjølv frå Oslo og den kroniske Bjørn Erling Ytterhorn frå Hordaland. Men tomannsgruppa var i vippeposisjon, og det nytta Hagen til å slå seg ut av dødsskuggens dal. I 1986 røysta dei med opposisjonen og kasta Willoch, som ville auka bensinavgiftene for å stramma inn den lausslepte økonomien.

DET VAR FRYKT i Fram­stegspartiet for kva det ville føra med seg å kasta ei borgarleg regjering og bana veg for Gro Harlem Brundtland. Forholdet til Høgre surna og fekk eit knekk som alltid hefta ved Hagen. Men i val var det ein suksess å bli eit ekte og uhemma opposisjonsparti: Røystetalet blei tredobla.

På skreddarøkonomisk vis klarte Carl I. Hagen nyleg å overkøyra partileiinga og få landsmøtet med på å ta 100 milliardar frå Oljefondet og gjera slutt på bompengar éin gong for alle. Han rekna ikkje med at regjeringa ville gå med på det, men lova at eit nedrøysta demonstrasjonsforslag i Stor­tinget ville nøytralisera bompengelistene og dobla oppslutninga om Framstegspartiet – i eller utanfor regjering.

SPALTISTEN er litt inhabil i spørsmål om bommar. Han bur 400 meter frå Post i butikk på Torshov i Oslo. Det hender at han må henta og senda ganske store pakkar som det er greitt å frakta i bil, særleg når han også kan handla 1000 småting rimeleg i butikk med gratis parkering.

Problemet er at han bur på nedsida av Ring 2, medan postbutikken ligg ovanfor, og der har det kome ein bom i krysset Marcus Thranes gate / Sandakerveien. Dette er landets mest omtala bom-bom, planta kloss på balkongane i bygarden, fordi Statens vegvesen ikkje kunne anna.

Då denne firkanta og byråkratiske bommen hissa opp bomtilhengarar og stilte den grøne og miljøvennlege bypakken i vanry, lova vegstyresmaktene å prøva å finna ei anna løysing. Før det blir for seint, har eg derfor tatt ein biltur til Post i butikk for å oppleva litt historisk sus. Eigentleg burde jo denne bommen fredast etter kulturminnelova som ikon for eit av forvaltningas mest spektakulære mistak i nyare tid.

MARCUS THRANE (1817–1890) er heilt skuldlaust trekt inn i dette gjennom gatenamnet, men det er ei kopling her – ikkje i sak, men i innhald og form. Då han skipa arbeidarforeiningar som sveipte over landet, henta han inspirasjon frå den franske revolusjonen i 1848, gjennomført av borgarar utan gule vestar.

Så la opningsorda hans i første nummer av Arbeider-Foreningernes Blad stå som eit memento for det norske bompengeopprøret: «Arbeidere! Gud være med Eder! Gud være med os Alle; en Kamp vil begynde; en Kamp maa begynde. Gud lede denne Kamp saaledes, at den blot bliver aandelig, og ikke legemlig; at den vil indskrænke sig til en Kamp med Sandhedens ord.»

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

På skreddarøkonomisk vis klarte Carl I. Hagen å overkøyra parti­leiinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis