Koronaveggane kjem tettare på
Noko om at rastløysa aukar og kreativiteten fell når ein må møtast på distanse.
Plassen er folketom, og plakatane på Blindern er ikkje lenger veggaviser med politisk innhald.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB
hompland@online.no
Dei gode Hjelpeskrivarane mine er i slett lune. Dei lurer på om dei har tapt tillit, for dei har ikkje fått sleppa til på fleire veker. Er dei så permitterte at dei kan søka kontantstøtte hos Abid Raja?
Eg forsvarar meg med korona, heimekontor, reiserestriksjonar og forbod mot å møtast tett og nært. Me sit kvar for oss, tar inn og sender korte meldingar, men får ikkje utveksla og utvikla resonnement og synsmåtar. Produktive tankar, spenstige innkast og gode replikkar kjem når ein møter kvarandre andlet til andlet og bruker halvkvedne viser, prøvande innspel og kroppsspråk i ordskiftet. Då kan det uferdige prøvast ut og mognast. Kollektiv kreativitet kverv i koronaens nett.
BYRÅSJEFEN er ikkje usamd. Han trudde heimekontor var ideelt, for då kunne han organisera arbeidsdagen som det passa, utan å bli forstyrra. Etter moralen om offentleg og privat blekkhus sette han si ære i å skilja mellom privat telefon og PC og det som høyrer Forvaltninga til.
Det var ein plutseleg frigjerande tanke, men etter ei tid i praksis greip han seg i å fundera over baksidene av tilværelsens uutholdelige letthet. Han såg for seg hundre års einsemd. For kva er vel eit byråkrati utan eit fysisk bureau der ein kan tala om og drøfta sakene udigitalt? Ei heimlaus forvaltning blir ei dårlegare forvaltning.
Derfor var Byråsjefen sjeleglad då han eit par dagar i veka fekk møta andre byråkratar i Forvaltningas trygge famn. Derfor var det ekstra tungt å bli send heim att då Raymond blei pressa til å stramma inn. Nå har veggane kome endå tettare på. Og Byråsjefen fryktar at det blir ein varig tilstand når private og offentlege arbeidsgjevarar finn ut at det er mykje å tena på å avvikla kontora og satsa på eigedomsutvikling.
HER OM DAGEN la Byråsjefen ettermiddagsturen innom universitetet på Blindern. Det var folketomt og skremmande. På den store, opne og luftige plassen såg han ein joggar, to aldrande professorar som stod og ropte til kvarandre på to meters avstand, pluss tre studentar som kom ut frå Bunnpris, der dei hadde henta pakkar frå Amazon på Post i Butikk.
Då Byråsjefen låg ved universitetet, var fasadane fulle av veggaviser. Nå hang det berre ein einsleg plakat om yoga med Acem der, og den var så sliten at det såg ut som om han hadde vore der sidan den transcendentale meditasjonsrørsla blei splitta på 90-talet.
Kan det bli eit verdig studentliv og berekraftige akademikarar av slikt, undrar Byråsjefen.
ME HAR DRØFTA om det er råd å få til julebord med smalahove, men det går ikkje. Same kor ubehageleg det er å sitja der med munnbind, gjekk Spaltisten med på å ta fly, men det ville ikkje Byråsjefen. Han køyrer elbil, for han har rekna på det og veit kva som svarer seg best, men er hardt ramma av rekkeviddeangst.
Vertinna er i fleire risikogrupper: ikkje heilt ung, tungpusta, stor kroppsmasse og så tunghøyrd at ho må tett innpå folk. Ho er rett nok dristig, men ingen halslaus våghals, så ho held sosial og fysisk avstand, drikk tran og eit glas brunt brennevin dagleg, men ligg unna Klorin og steroid.
Ho har slutta å ta imot utanlandske gjester, men vil heller ikkje husa folk frå smittepølar som Hyllestad og Oslo. Det taper ho mykje på, men satsar på kompensasjon dersom det blir noko att når Thon og Stordalen har forsynt seg à la carte.
RETTINGAR. For to veker sidan blei den skrantande venninnegjengen rundt Laila Bertheussen brukt som døme på kva som rører seg av konspiratoriske tankemåtar nær makta i Framstegspartiet. Det må rettast opp.
Medan den antiislamske gamlehovdingen Arne Tumyr, som i si tid blei ekskludert frå Human-Etisk Forbund, meinte det måtte vera eit fyllekrangeldrap på Sian-aktivisten i Kristiansand, var Per-Willy Trudvang Amundsen straks ute med at «det gode hatet (...) fra ekstremvenstre må tas på alvor. Voldsvenstre er en fare for demokratiet». Den tidlegare justisministeren er ein stolt gut, og det hovudet hans er fylt av, renn over på Facebook. Vertinna meiner Erna Solberg var for lite nazi då ho heldt seg med ubørsta justisministrar frå Fræmspartiet.
PER-WILLY AMUNDSEN er elles ein artig skrue. Spaltisten minnest då han rykte ut til forsvar for lokallaget på Bryne som hadde laga ein brosjyre mot kriminalitet. Brosjyren var pryda med eit grumsete bilete av ein småsnuskete mann med hettegenser som robba ein kiosk.
Trudvang tok sterkt avstand frå at dette assosierte til innvandrarar og asylsøkarar. Biletet var heilt nøytralt og kunne vera av kven som helst; personleg tykte han det likna på Andreas Hompland i Dagbladet.
JAN BØHLER har fått ufortent tyn for å vera politisk lausgjengar, meiner Byråsjefen. I nyare tid har det ikkje vore uvanleg med overgangar mellom nærskylde parti, særleg frå Framstegspartiet til Høgre og frå SV til Arbeidarpartiet, der Raymond Johansen måka vegen sjølv.
Meir imponerande er statsvitaren, redaktøren og samnorskmannen Arne Kielland (1939–2002). Han var landssekretær i Unge Venstre før han blei stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag. Frå Stortingets talarstol melde han seg inn i SF etter folkerøystinga om EF i 1972. Frå 1973 fekk han fire år på tinget for Telemark SV. Det må vera norsk, parlamentarisk rekord.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei heimlaus forvaltning frå heimekontor blir ei dårlegare forvaltning.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.