Langt og lenger ute på landet
Senterpartiet kjempar tappert for utkantane, men utsiktene til å lykkast er dårlege.
«Sp – nær folk» er slagordet til Senterpartiet som vil snu fråflyttinga frå Bygde-Noreg. Her frå landsmøtet i Trondheim i mars i år.
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
hompland@online.no
Når det ikkje er utsikt til å nå dei høge måla ein har sett seg, er ein naturleg opsjon å justera målet til noko meir realistisk. I politikken kan ein ty til ein annan utveg: slå til med eit endå meir ambisiøst og mindre gjennomførbart mål. Slik er det i klimapolitikken, og der har regjeringa også lagt seg i meldinga om distriktspolitikken (Meld. St. 27 (2022–2023)).
Rettare sagt er det vel Senterpartiet som er ordførar på heimebane. Arbeidarpartiet fekk eit distriktssjokk ved stortingsvalet for to år sidan, så dei hengde seg på og stadfesta det i Hurdalsplattforma. Det hårete målet er vekst i folketalet i distriktskommunar på det som heiter lågt sentralitetsnivå, ute i periferien der ingen i sentrum skulle tru at nokon ville bu, men det skal dei kunna; det er Senterpartiets brageløfte.
LANDET HAR VORE gjennom ein næringsmetamorfose i etterkrigstida. Hamskiftet har vore formidabelt i landbruk, fiske og smeltande industri. By og land har gått hand i hand inn i velferds- og tenestesamfunnet, mest privat i byane og offentleg på landsbygda. Noreg er ein sum av tenestekommunar, ein kommunal velferdsstat.
Veksten har vore høg i sentrale strøk. «Flukten fra landsbygda» var både frykt og fakta. Folk skulle ikkje tvingast frå utkantane, men lokkast. Arbeidsplassar og utdanning kalla. Folk flyttar kvar for seg, fordi dei vil eller må. Summen heiter endra busettingsmønster på fagspråket.
I arbeidarpartistatens stordomstid var dette ein vilja politikk for plan og arbeid. Vegen til vekst og velstand for de breie lag av folket gjekk gjennom mobilitet, modernisering, strukturrasjonalisering, effektivisering og auka produktivitet.
MED DEI BORGARLEGE Borten- og Korvald-regjeringane blei måla justerte: Busettingsmønsteret skulle haldast oppe, i det minste i hovudtrekka. Innimellom har det vore endra til «robust», som både Arbeidarpartiet og Høgre likte betre. Senterpartiet var glad i «konsolideringshypotesen» og smakte på eit løfte om at ingen kommune skulle gå ned i folketal, for sentralisering er inga naturlov.
SENTERPARTIET i regjeringsposisjon er grundig forsynt med utgreiingar om næringsutvikling, statlege arbeidsplassar, bygdevekstavtalar, bustadbygging, lempelegare arealpolitikk og andre spesialordningar i grisgrendte strøk. Men kva skal dei arme små gjera når statsforvaltarar overstyrer og generalistkommuneprinsippet spøker i bakgrunnen med trugsmål om klientstatus, interkommunalt formynderi, Robek og Høgres nye runde med fusjonar?
Den demografiske utfordringa er trugande. Det er underskot på kvinner i fertil alder, og dei får ikkje lenger så mange barn at det er overskot til eksport.
Flyktningar har pynta på folketalet i nokre små distriktskommunar, men få blir verande. Det blir fleire eldre som lever lenger. Ein kan leva gode liv i uttynningssamfunn, men framtida er dyster for dei neste generasjonane. Det er ikkje ein norman-draum at bygdene endar som veldrivne aldersheimar i vakker natur, med utsikt til kyrkjegarden.
NICCOLÒ MACHIAVELLI (1469–1527) rådde Fyrsten til å skilja mellom Virtus og Fortuna. Grovt sagt er Fortuna lagnadstunge krefter det er uråd å gjera noko med; Virtus er det ein kan endra med evne og vilje.
Machiavelli brukte flaumdigre elver som døme: Ein kan ikkje stoppa regn og snøsmelting, eller snu straumen, men ein kan vera føre var og bygga dike, demningar, vollar, barrierar og kanalar.
Machiavellis råd til Fyrsten var å ikkje kasta bort tid og krefter på kamp mot det uunngåelege, men syna klokskap ved å tilpassa og finna utvegar for å redusera dei verste skadane.
Machiavelli gav eit klokt råd, men i politikken er det også ein annan utveg: bruka utopisk retorikk og satsa med glød og vilje på det ideelle og umogelege. Det fører ikkje fram, men demonstrerer at ein er tapper, modig og kampvillig.
SJØLV OM BYRÅSJEFEN har skaffa seg frons urbana, har han eit desentralt hjartelag. Men det hjelper ikkje med hjarte for heile Noreg dersom det er puslete med verkemiddel og reiskapar i verktøykassa, same kor nær folk ein vil vera.
Kommunaldepartementet har heller ikkje lenger ei regionalpolitisk avdeling som kamporgan for distrikta. Ho var fylt av bygdegutar med ein porsjon dårleg samvit for at dei hadde flytta frå heimbygdene sine.
Byråsjefen har høyrt truverdige rykte om at embetsverket i Forvaltninga meiner det er på overtid å skrota spesifikke busettingsmål og heller satsa på andre parameter for ein berekraftig distriktspolitikk.
VERTINNA LIKER IKKJE at det tynnest ut i distrikta. Men ho reknar dessverre med at det er slik den nådelause utviklinga kjem til å gå, same kva Sigbjørn Gjelsvik frå Naustdal i Sunnfjord har under vesten. Han har krølla manke, men er ingen Harald Hårfagre.
Ho set sin lit til at den lokale og de-sentrale sentraliseringa får fleire til å forskansa seg i tettstader og bygdebyar som Førde. Og at dei gamle frå utkantane flyttar til pensjonistbustader og kommunalt overvaka aldersheimar i sentrum.
Senterpartiet ber på ein draum om å sigla motstraums inn på ein våg som er i ferd med å bli ei bakevje. Vertinna ønsker lykke til, men har inga tru på at dei kan halda det dei lovar. Å lova, det er å elska at folk skal leva i periferien. Fallhøgda er stor, så det får nok halda med å lova.
Men Senterpartiet skal ha for at dei prøver, sjølv om Vertinna tvilar på at distriktsveljarane lar seg lokka av desentrale talemåtar ein gong til, i andre ekstraomgang.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.