Papiravisene i solnedgangstider
Kveldssong for deg og meg og Aftenposten med solid bakgrunn for andres meiningar.
Tanta i Akersgata, Aftenposten, har via omvegar hamna inst hos VG. Tinius Nagell Eriksen har dei flytta fram frå ein løynd plass i bakgata.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
hompland@online.no
Grunnfjellet for Aftenposten på papir les avisa bakfrå. Me begynner med vêret som blei varsla i går, og blar oss framover gjennom det analoge programoversynet, dødsannonsar, nekrologar og jubilantar. Sjakk, bridge og sudoku er demensførebyggande tilbod, men teikneseriane mista me taket på då redaktør Hansen eigenhendig tok livet av Fantomet. Sporten har me gitt opp, for deadline er så tidleg at oppdaterte fotballtabellar kjem to dagar seinare. Reint fysisk har tanta i Akersgata fått plass som innerst hos gaukungen VG. Forfallet er totalt: Nå slepper dei også til nynorsk.
Kjernelesarane er i ferd med å døy ut, men så lenge Aftenposten har regionalt monopol på dyre dødsannonsar, tener dei godt, og me er trufaste fordi me berre må ha det. Det er lenge sidan papegøyen i Johan Borgens barndomsrike skreik: «Leser De Aftenposten – fy faen!» Det var på den tida dei i kondisjonerte krinsar sa: «Våre dør i Morgenbladet.» Det nye Morgenbladet med grundige avhandlingar har me droppa, for dei hopar seg berre opp ulesne og gir dårleg samvit.
AFTENPOSTEN SLIT med å finna sin digitale plass, men klarer solnedgangen betre enn andre tradisjonsrike aviser på papir. Dei prøver å halda nivået med fallande opplag, færre ressursar og svinnande inntekter etter at eigarane ordna seg slik at annonseinntektene finn vegen til andre lommer i Schibsted-konsernet.
Redaksjonen satsar på få, breie og eigenproduserte saker, som eit heilt nummer om sex i A-magasinet, så detaljert og gjennomillustrert at det ville blitt selt under disk hos Porno-Hagen. Elles er mykje stoff delt med andre Schibsted-aviser, og som avskrivingsbyrå hentar dei stadig meir frå NTB. Oss papirlesarar fornærmar dei dagleg ved å gløyma å omdatera saker som har vore lagde ut på nettet.
Det heiderskrona slagordet var: «Solid bakgrunn for egne meninger.» Nå les eg Andreas Slettholm og Therese Sollien med utbytte, men fleire av dei andre faste kommentatorane har ganske smal og tynn meny. På leiarplass strekker dei seg sjeldan lenger enn til å mana til sinnsro. Etter at den breie og mangfaldige Harald Stanghelle, inngift i Gerhardsen-slekta, slutta som politisk redaktør, er Trine Eilertsen frå Solbergen i ferd med å føra tanta tilbake på linja frå Egil Sundars borgarlege velmaktsdagar.
Etter mykje tvil har dei tilsett ny redaktør for kulturen; dit skal også vandrepokalen Frank Rossavik. Dei skal vegetera på idear frå skraphaugen der Dagbladet skrota og rydda vekk sin historiske arv.
Aftenposten satsar tungt på andres meiningar med debattsider og eksterne spaltistar. Maria Kjos Fonn er den nye vinen, og Knut Olav Åmås har fritt ord som tradisjonsberar, men fremst mellom nysigneringane er den postinnovative Anita Krohn Traaseth (Godt nok for de svina) og Bosman-spelaren Kjetil Rolness, privatpraktiserande konge i sitt eige rike på Facebook.
INFLUENSAREN Rolness sa i tiltredingsintervjuet at han ville «bidra til å gjøre tanta skarpere og frekkere» ved å «gå inn i kompliserte og ubehagelige områder som kjønn, likestilling og feminisme, islam, innvandring og integrering».
Han sprengde raskt den smale laurdagsramma, og inkluderinga har vore effektiv: Aftenposten kjøpte profilen og kampsakene hans og gir dei framtredande plass under den eksklusive vignetten «A-kommentar», som signaliserer at dette er redaksjonelt styrt stoff.
På kort tid har den polemiske domsprofeten Rolness fått ein litt stanghelleaktig posisjon: ein meiningsberar som journalistar og leiarskribentar i avisa refererer til som offentleg autoritet og spydspiss i jakta på sanning. Han får nok endå større rom når den vidfemnande Stanghelle blir kongebiograf.
RETTINGAR. I Sideblikk førre veke stod det at den nytilsette generalsekretæren i Kristeleg Folkeparti, Geir Morten Nilsen, er den einaste i partileiinga som er medlem i Den norske kyrkja. Det er berre ei halv sanning, meiner Byråsjefen, for Nilsen er eit kapittel for seg sjølv.
Han er medlem i Den norske kyrkja, som tillèt dobbelt borgarskap, men har sin åndelege heim i den karismatiske og ekstatiske Tremorkirken, som held hus i eit kjøpesenter på Sotra, der Nilsen var gründer og pastor. Tremorkirken ligg formelt under Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som i opphavet heitte Kinamisjonen, men som etter at Mao kasta dei ut, er store i Afrika og Sør-Amerika under slagordet «Verden for Kristus». På heimebane driv dei bibeltru indre misjon med barnehagar, bibelskular, forlag, bladet Utsyn og slikt.
Mange sambandittar kjende seg heimlause i den stadig meir liberale folkekyrkja. Den norske kyrkja hadde forlate dei og svikta Guds eigne ord om homofilt ekteskap, lesbiske prestar, Israel og ymist anna. For å hjelpa på den åndelege nauda oppretta NLM eit eige og statsstøtteverdig trusdomssamfunn for medlemmer som melde seg ut av Den norske kyrkja.
GENERALSEKRETÆR Nilsen kjem i dag frå stillinga som konsernsjef i den kristenkonservative avisa Dagen – markert av redaktør Vidar Selbekk og omgitt av folk som soknar til det sæle partiet De kristne.
Nilsen overtar etter Hilde Frafjord Johnson frå den tapande Hareide-fløyen. Då styret i Kirkens Nødhjelp sparka generalsekretæren, søkte den tidlegare utviklingsministeren og fredsmeklaren stillinga. Der tapte ho for tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten.
Kristeleg Folkeparti og norsk kristenliv er eit ormebol – med eller utan feriebiskop Fjertnes.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Influensaren Kjetil Rolness har fått ein litt stanghelleaktig posisjon.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.