Sportsvaska leikar luktar vondt
Det er tvilsamt om toppidrett utviklar sunne sjeler i sunne lekamar – med eller utan pest og testing.
Ein OL-buss som fraktar mediefolk blir desinfisert for overflatesmitte i Zhangjiakou under OL i Beijing 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
hompland@online.no
Byråsjefen er sjølvmedviten, prinsippfast og sta. Om ingen andre, verken styremakter, organisasjonar, medium, deltakarar eller tilskodarar, gjer det som gjerast burde, så gjer han det av private samvitsgrunnar: Han boikottar OL og alt det fører med seg. Han rosar kongehuset for å halda seg heime, han finn det passande at idrettspresident Kjøll frå Huawei gjer det same, men han har merka seg at utanriksministeren og sports- og kulturmisteren hadde tenkt seg til Kina – til dei blei stoppa av koronakarantene.
Slik må det vera, for i meir enn ti år har Noreg krope for Kina etter Nobels fredspris til dissidenten Liu Xiaobo. Styresmaktene brukte idrettsrørsla til å senda ut skimisjonærar og henta kinesiske ungdommar til norske skigymnas. Det var ei opning i muren for å ala fram skiløparar og omvenda kinesarane til snøens evangelium og visa verdsmakta vintervegen. Om me etter oljen ikkje direkte skulle kunna leva av ein frihandelsavtale for eksport av norske skitrenarar, kunne me i norsk overmot få smugla med den norske (idretts)modellen og omforma Kina i vårt bilde.
Det har ikkje vore nokon suksess, men medaljens framside er at laksen har kome ut av den kinesiske fryseboksen.
SPORTSLEIKANE til Xi Jinpings ære stinkar som skjemd laks, same kor sportsvaska dei er av det korrupte fåmannsveldet som er dei olympiske ringanes herrar. Grindaguten Gerhard Heiberg har fått godt utbytte av lobbyinnsatsen.
Kinesisk promp luktar totalitært og vondt: undertrykking av ytringsfridom og menneskerettar, internering av uigurar, knusing av demokratiet i Hong Kong, flaggermusmat og sjølvskryt på alle hald. Mens idrettsfolk blir truga med straff – om dei skulle ytra seg kritisk om systemet. Det er viktig å koma seg gjennom testregimet slik at ein får delta; det er viktigare å vinna, men det viktigaste er å halda kjeft.
BYRÅSJEFEN VAR SKEPTISK til OL i Oslo i 2022, og han var nøgd med at Høgre sett sparefoten ned. Men nå meiner han at slike bører må me ta på oss, dersom alternativet er at store arrangement blir kjøpte, muta og betalte av diktatoriske og bøllete regime som vil spegla seg i sportsglansen.
Å la vera å vera med er ei politisk handling, men det er det også å vera med. Fotball-VM i Qatar og OL i Kina under pandemien illustrerer galskapen i mottoet The show must go on. For idrettsrørsla er det på høg tid å ta moralsk samling i bånn.
VERTINNA ER sjølverklært sportsidiot med olympisk feber. Ho lèt seg ikkje merka av uhugnaden rundt OL, for ho har sett fram til å sitta i godstolen og gle seg over norske gullmedaljar, også om dei skulle koma i curling. Ikkje at ho har noko mot steinar på isen: Det kan vera intenst langsamfjernsyn, men ho gløymer reglane når det er fire år sidan sist.
Men ho irriterer seg over å ha mista oversynet, for ho har store vanskar med å finna fram i fjernsynskanalane. Når ho trur ho har funne den rette, blir sendinga avbroten av reklame, og sporten held fram på ein kanal ho ikkje har oppdaga eller betalt for.
SPALTISTEN SYMPATISERER med Byråsjefen, men er i slekt med Vertinna. Han bygde opp immunforsvaret og trudde seg vaksinert mot dei verste utslaga av OL-pandemien som fører til sosial isolasjon og innlegging på TV-rommet. Men han rekna med at han ikkje kunne unngå smitten.
Og slik gjekk det. Spaltisten blei fanga innandørs i solskinet då Leppa frå Dalsbygda var suveren på tremila. Så kom gode, gamle Graabak, Røiseland og brørne Bø i «skiskjøting», som NRK- eksperten Ola Lunde kallar det. Klæbo gjekk frå berre rævva med skibyte til sprintsiger. Då skeiselauparen Hallgeir Engebråten frå Odalen skreid 5000 meter i Beijing, greip mor til Olav H. Hauge fastare om staven.
MEN GLØDEN KJØLNA i dei hustrige vindkasta, for det kviler ein dåm av noko falskt og uekte over dette showet i Beijing og dalstroka innanfor. Dei går på ski i ein ørken utanfor Zhangjiakou, på kunstsnø i snøbert terreng. Alle som har kome inn i bobla, må halda avstand og gå med munnbind av typen FF2/N95. Utøvarane kan ta det av når dei konkurrerer, men må ta det på før dei tar mot sigersklemmen.
Der det tidlegare har gått i smørjebussar, steinsliping, blodprøver, laktatmåling og høgdeopphald for dei norske, og mistanke om EPO og bloddoping for russarar og andre, er det nå koronatestar som gjeld – det må også Heidi Weng bøya seg i hatten for. Då ein norsk skiskyttar som hadde vore i nærkontakt med ein koronapositiv, fekk plastinnpakka kinesarar på brakkedøra klokka seks ein morgon, var han livredd for å hamna i isolat, men så var det berre ein ordinær dopingtest.
DEN MEST SURREALISTISKE så langt har vore den første olympiske tevlinga for kjønnsblanda lag i liten bakke. Der blei dei beste kvinnene frå fleire land diska for passforma på hoppdressane: Det var for stort buksesig og for mykje tomrom rundt midje, kne, rumpe og lår.
Hoppsporten etter Boklöv er plaga av sittestillingar, manglande oppdrift, bakvind, skilengde, BMI, eteforstyrring og problem med symaskinen for hoppdressane. Marginane er ørsmå for sveltekunstnarane, så det gjeld å vera heilt på grensa av det lovlege. Det viktige er å hoppa vakkert og ha luft å flyga langt på, men med godtkjent buksesig.
Sveva kan vera imponerande, men det er tvilsamt om det utviklar sunne sjeler i sunne lekamar – verken i hoppsporten eller annan toppidrett.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det mest surrealistiske har vore hopp for kjønnsblanda lag med buksesig i liten bakke.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.