Ustabile naturkrefter slår tilbake
For mykje av Noreg blir tatt i bruk til føremål som kvikkleira og fjella skulle vore sparte for.
Lys er tende for offera etter kvikkleireskredet i eit bustadfelt i Ask i Gjerdrum i romjula.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
hompland@online.no
Byråsjefen har ennå ikkje sett seg inn i alle detaljar om geologi, kvikkleire, sikringstiltak og sakshandsaming i Nystulia i Gjerdrum. Men etter hans røynsle og overtyding kan ein aldri kan vera nok føre var. Altfor ofte blir den faglege og uavhengige sakkunnskapen i Forvaltninga overprøvd og sett til side av meir handfaste interesser.
Ansvarleg statsråd Bru vil ha full gjennomgang og vurdera å stramma inn regelverket – det er slike ord situasjonen krev. Men denne regjeringa har gjort meir for å sleppa laus i plan- og byggesaker – og kalla det lokaldemokratireform. Det skal bli trongare port for anke til fylkesmannen (orsak: statsforvaltaren). Meir ansvar er overført til utbyggarar i samspel med underbemanna og overarbeidde kommunale planorgan. Det blir i praksis ein haltande pardans. Og «større og mer robuste kommuner» er ikkje svaret på alle spørsmål og utfordringar.
BÅDE FRAMGANGSRIKE kommunar og omlandskommunar som fryktar å koma i bakevja, er i krysspress mellom lyst og vilje til utbygging og forsvarleg forvaltning og vern av natur og miljø. Få kommunepolitikarar vil stå i vegen for utvikling, vekst og tilflytting.
Utbyggarane sit med sterke kort på handa: Om kommunen set seg på bakbeina og ikkje er samarbeidsvillig, trugar utbyggaren med å ta den lovande framtida med seg til grannekommunen. Om kommunen og andre offentlege organ kjem med åtvaringar og motsegner, skaffar utbyggaren fleire vennlegsinna konsulentutgreiingar. Når alle innspel og pålegg er kryssa av, blir det tatt for gitt at utbyggaren gjer det som gjerast skal.
Å LA GRUNNEIGARAR, eigedomsutviklarar, bustadspekulantar, entreprenørar, pressa fagetatar og utbyggingsivrige kommunepolitikarar bruka skjønn og ha siste ord i areal- og reguleringssaker, er som å la NHO og Norsk Industri styra smittevernet i pandemien, meiner Byråsjefen.
Det er ille nok at eit globalt virus frå Kina via omvegar og reiseglade nordmenn ikkje lar seg stoppa ved grensa, sjølv om stats- og detaljministeren manar til sosial avstand, dugnad og krafttak.
Det er verre når vår eigen grunn sviktar fordi me har tatt for mykje av Noreg i bruk til føremål kvikkleira og fjellsidene skulle ha vore sparte for. Politiske vedtak om arealbruk og reguleringar blir altfor ofte gjorde utan at konsekvensane for natur og miljø og lokale levekår ligg på bordet. Eller for noko så sjølvsagt som sol og dagslys i nye bustader i høgt og tett byggeri. Og om slik fagkunnskap skulle ligga føre, må han vika i «ei samla vurdering».
IVAR AASEN DIKTA om dei gamle fjell i syningom som stod der gjennom tidene, vel mange tusen år. Dei trauste merkesteinane, utan vindturbinar på toppane, som motsetnad til det hastige og menneskeskapte, for huset står laust når sveinane bygger på leirgrunn og ikkje på steingrunn i bygdene.
Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.
MEN SLIK ER DET jo ikkje. Naturkreftene kan vera ubønnhøyrlege: Nature hits back. Det finst andre farlege fjell enn Mannen som ein gong kjem til å rasa ut. Medan me ventar, fer skreda etter bergesidom med snø og jord og stein og sopar med seg hus og heim. Flaumen går, og elvene tar nye far. Oftast utan varsel, og avbøtande tiltak kjem for seint.
Mange av dei råka i Gjerdrum har sagt at det var som å vera kasta inn i ein katastrofefilm. Kristoffer Joner har bala med ras og tsunami i vestlandsfjordar og jordskjelv i Oslo. Svartedauden har fått mange epos. Kvikkleire er neste sujett – til dømes i Trøndelag, der bakken kan svikta under Trondheim.
Risikosamfunnet er ikkje noko nytt; det har vore der gjennom tidene, og verre kan det bli med øyding av naturmangfald og klimaendringar me sjølve er ansvarlege for.
OPPSIDA I GJERDRUM er det intakte sivilsamfunnet som trør til med sanitetskvinner, idrettslag og hotellrom. Solidariteten og den mellommenneskelege hjelpeviljen er stor, og den vesle kommunen har synt seg handlekraftig. Naud- og helseetatane var raskt ute og har klart å koordinera seg og informera på ope og truverdig vis. Det kan tyda på at dette landet og systemet har lært ei lekse etter 22. juli.
KNUTSEN & LUDVIGSENS «Kanskje kommer kongen» lever vidare som eit folkeleg ønske i fest og sorg. Majesteten skal dukka opp med nedtona rojalitet og kasta glans over jubileum og syna medkjensle med dei som har vore utsette for fælslege hendingar. Det er som ei varig signingsferd.
Vertinna er genetisk republikanar; det har dei vore i slekta sidan før 1905. Men ho blei gripen då kongen synte seg i Gjerdrum og hadde problem med å finna noko anna å seia på «en bevegende dag» enn dette: «Det er jo forferdelig.» Ved å seia lite sa han det rette og representative.
Dronninga assisterte og tok seg av det rituelt føreskrivne i en sådan stund. Ho minte om at livet er sårbart. Ho «berømmet» hjelpemannskapet og gav uttrykk for «håb»; ho var imponert og djupt rørt over hjartevarmen i dugnadskommunen som alle er så glad i. Kronprinsen var også med, helste på rasoffer og mælte: «Det er vondt å kjenne litt på hvordan de har det.»
Slik er intimitetsmonarkiets rolle som ein av dei viktige naudetatane.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Intimitetsmonarkiet er ein av
dei viktige naudetatane.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.