JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sju prosent fleire kvinnelege skodespelarar hadde hovudroller i 2016 enn året før, viser ein ny studie. Flest kvinner finn vegen til filmen via bøker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

1645
20170303
1645
20170303

FILM

siri@dagogtid.no

Av dei 100 mest utbytterike filmane i USA i fjor, hadde 29 prosent kvinnelege protagonistar. Det er 7 prosent meir enn i 2015, har Center for the Study of Women in Television and Film ved San Diego State University funne ut. Sjansen for å finne ei kvinneleg heltinne i filmen vert tredobla om minst ein av regissørane og/eller manusforfattarane er kvinner.

Flest kvinnelege «heltar» var det i komediar, medan menn framleis fører kampen i drama og actionfilmar. Om ein ikkje tel heltar, men rollefigurar som får lov til å seie noko, har menn 68 prosent av rollene.

Til saman fann forfattarane av studien at 9 prosent av rollefigurane i alle filmane dei har sett på, er framstilte som leiarar. 11 prosent av dei mannlege rollefigurane hadde leiarroller, medan 5 prosent av kvinnerollene fekk slike kvalitetar. Ein monaleg mindre skilnad enn i røyndommen, med andre ord.

Sidan forlagsbransjen er meir kvinnedominert enn filmbransjen (78 prosent av dei tilsette er kvinner, syner ei undersøking frå 2014), aukar sjansen for kvinnelege heltar om filmen er basert på ei bok.

Ei av dei som har sett seg føre å få fleire sterke kvinner frå bok til film, er Reese Witherspoon og produksjonsselskapet hennar, Pacific Standard, som mellom anna er stifta for å finne samansette kvinneroller. To av bøkene ho har gjort om til filmar – Wild og Gone Girl (begge i 2014) – har til saman fått tre oscarnominasjonar. Witherspoon sikra seg filmrettane før bøkene var komne ut.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

FILM

siri@dagogtid.no

Av dei 100 mest utbytterike filmane i USA i fjor, hadde 29 prosent kvinnelege protagonistar. Det er 7 prosent meir enn i 2015, har Center for the Study of Women in Television and Film ved San Diego State University funne ut. Sjansen for å finne ei kvinneleg heltinne i filmen vert tredobla om minst ein av regissørane og/eller manusforfattarane er kvinner.

Flest kvinnelege «heltar» var det i komediar, medan menn framleis fører kampen i drama og actionfilmar. Om ein ikkje tel heltar, men rollefigurar som får lov til å seie noko, har menn 68 prosent av rollene.

Til saman fann forfattarane av studien at 9 prosent av rollefigurane i alle filmane dei har sett på, er framstilte som leiarar. 11 prosent av dei mannlege rollefigurane hadde leiarroller, medan 5 prosent av kvinnerollene fekk slike kvalitetar. Ein monaleg mindre skilnad enn i røyndommen, med andre ord.

Sidan forlagsbransjen er meir kvinnedominert enn filmbransjen (78 prosent av dei tilsette er kvinner, syner ei undersøking frå 2014), aukar sjansen for kvinnelege heltar om filmen er basert på ei bok.

Ei av dei som har sett seg føre å få fleire sterke kvinner frå bok til film, er Reese Witherspoon og produksjonsselskapet hennar, Pacific Standard, som mellom anna er stifta for å finne samansette kvinneroller. To av bøkene ho har gjort om til filmar – Wild og Gone Girl (begge i 2014) – har til saman fått tre oscarnominasjonar. Witherspoon sikra seg filmrettane før bøkene var komne ut.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis