Sjukehusa prioriterer ikkje omskjering
Det offentlege tilbodet om rituell omskjering for gutar er komplisert, uføreseieleg og lite kjent, syner ei evaluering. Mange legar vil ikkje utføre inngrepet.
Dei fleste foreldre som vil at barnet deira skal verte omskore, ønskjer at inngrepet vert utført kort tid etter at dei er fødde. Dei fleste vel eit privat tilbod.
Foto: Lise Åserud / NTB
Omskjering
christiane@dagogtid.no
I 2015 innførte Stortinget Lov om rituell omskjæring av gutter, etter ein lang og kjensleladd debatt ispedd religiøse, kulturelle og medisinske argument. Lova skulle sikre at rituell omskjering av gutar vart utført på ein forsvarleg måte, og at eit offentleg tilbod var tilgjengeleg.
Førre veke kom evalueringa av korleis lova har fungert i perioden 2015–2019, utført av Velferdsinstituttet Nova ved OsloMet. Rapporten er utprega kritisk og har ein talande tittel: «En godt bevart statshemmelighet?» Evalueringa syner nemleg at det offentlege tilbodet er lite kjent og lite brukt. Framleis får foreldre informasjon om omskjering via ryktebørsen eller moskeen – ikkje via sjukehus, helsestasjonar eller fastlegar. Det store fleirtalet nyttar seg av private tilbod, der det ikkje kan garanterast at inngrepa enkelte stader vert utførte på ein uforsvarleg måte.
Den faktiske tilgangen til eit offentleg tilbod varierer sterkt ut frå kor i landet ein bur, og kva haldning ein har til alder på guten som skal omskjerast. Tilbodet råkar også skeivt ut frå religion, av den enkle grunn at det jødiske samfunnet sjølv har ein innarbeidd omskjeringspraksis, der ein tilreisande omskjeringsekspert, kalla ein mohel, utfører inngrepet i ein religiøs seremoni med lege og familie til stades.
Forskarane bak rapporten omtalar det som uheldig at foreldre ikkje vert informerte om tilbodet som finst i den offentlege helsetenesta, og meiner det hindrar dei i å ta kvalifiserte val.
Lang debatt
På verdsbasis reknar ein med at om lag 30 prosent av den mannlege befolkninga er omskoren. Særleg er det vanleg i USA, Midtausten og Afrika. I Noreg er det jødar, muslimar og enkelte kristne grupper med opphav i Afrika som praktiserer omskjering. I Noreg er praksisen omdiskutert. Det er også lova frå 2015 – ikkje minst blant helsepersonell.
Motstandarar av lova har vore uroa for at inngrepa kan fortrengje naudsynte operasjonar. Det har også vore framført at inngrepet er eit irreversibelt kirurgisk inngrep utført på små born som ikkje kan samtykke. Argumenta for har handla om religionsfridom og verdien av eit trygt og forsvarleg tilbod.
Debatten før lovvedtaket hadde vakse fram som følgje av både ein aukande trong for tilbodet og ein aukande motstand blant ein del norske legar og politikarar mot å tilby inngrepet i offentleg regi.
Eit enkeltståande, men tragisk tilfelle utgjorde ein del av bakteppet. Våren 2012 døde eit spedbarn som følgje av komplikasjonar etter ei omskjering utført på eit legekontor i Oslo. Det har også vore kjent at ein del foreldre dreg til utlandet for å omskjere borna sine.
Spørsmål utan svar
Regjeringa førespegla i 2014 at kvart år ville om lag 2000 gutar i Noreg verte omskorne, rekna ut frå fødselstala på muslimske og jødiske gutar. Men frå 1. januar 2015 til 31. august 2019 er det berre registrert 496 rituelle omskjeringar i den offentlege helsetenesta i Noreg, inkludert inngrep utførte ved dei private IbsenSykehusene, som vert kjøpte av helseføretaka. Tala gjev eit snitt på om lag hundre inngrep i året. Det store fleirtalet, mellom 600 og 900 inngrep årleg, har vorte utførte på private klinikkar og legekontor.
Det er grunn til å merke seg at det er eit stort avvik mellom estimatet frå regjeringa på 2000 inngrep og det totale talet på inngrep forskarane har innhenta (mellom 700 og 1000). Kva kjem det av? Det kan ikkje forskarane bak rapporten svare på; dei kan berre stille spørsmåla. Kjem det av unøyaktig registrering ved private klinikkar? At estimatet har vore for høgt? At inngrep vert gjorde ved klinikkar dei ikkje kjenner til? At inngrep vert utførte i utlandet, slik fleire foreldre, ifølgje rapporten, hevdar ikkje er uvanleg?
Eit sentralt spørsmål er likevel kvifor foreldre ikkje har nytta seg av eit tilbod som ifølgje lova frå 2015 skulle vere tilgjengeleg i den offentlege helsetenesta. Svaret synest å liggje i skildringa forskarane gjev av det offentlege tilbodet: Det er komplisert, uføreseieleg og vanskeleg å få oversikt over. Det ser heller ikkje ut til å dekkje behovet foreldra har.
Kaotisk
Det offentlege tilbodet er organisert på ulike måtar i dei ulike regionane og har endra seg over tid. Til tider har korkje Helse Nord eller Helse Midt-Noreg hatt noko tilbod i det heile.
Desse døma seier en del om situasjonen:
Korkje Helse Nord eller Helse Midt-Noreg har i dag noko offentleg tilbod lokalisert i eige område, men kjøper tenester av dei privatdrivne IbsenSykehusene, som utfører omskjering i Gjøvik og Porsgrunn. Eit barn som bur i Ballangen i Troms, må dermed fraktast heilt til Gjøvik for å nytte seg av eit offentleg tilbod.
I Helse Vest vert omskjering utført på sjukehusa i Bergen og Stavanger, men berre på born over tre år. Sidan dei fleste ønskjer å få barnet omskore kort tid etter fødselen, er tilbodet uaktuelt for dei. Køane er lange. I oktober i år hadde til dømes Stavanger universitetssjukehus 71 gutar på venteliste, og enkelte av dei har venta sidan 2018.
Helse Sør-Aust har sidan slutten av 2016 hatt ein avtale med IbsenSykehusene for born mellom null og tre månadar. Han vart supplert med ein avtale for born over tre månader, fordi born i kø passerte aldersgrensa medan dei venta.
Sjukehusa har ulikt syn på smertelindring og alder. Dei fleste sjukehusa nyttar seg berre av ei reint kirurgisk omskjering med narkose som smertelindring, og aldersgrensa har vore sett til eitt, to eller tre år. På privatmarknaden vert inngrepet utført på spedborn med ein metode kalla plastibell. Metoden går ut på at forhuda får eit lite snitt før ho vert trekt over ein såkalla palstibellring, før resten av huda vert fjerna. Ringen fell av etter nokre dagar.
Legemotstand
Forskarane bak evalueringa går langt i å seie at motstand blant helsepersonell medverkar til å gje målgruppa det er snakk om, eit dårleg tilbod. «(...) utbredt reservasjon blant helsepersonell mot å utføre inngrepet, sammen med mangelen på informasjon om tilbudet, er uttrykk for helsevesenets motstand mot inngrepet og mot loven», skriv dei.
Helsepersonell har ikkje rett til å reservere seg mot å utføre omskjering, men i lova står det at det skal takast omsyn til helsepersonell som ut frå eige samvit ikkje ønskjer å utføre og assistere ved slike inngrep. I evalueringa av lova står det at regelen om samvit i praksis har verka som ein reservasjonsrett som svekkjer tilgangen på inngrepet. Forskarane bak evalueringa råder regjeringa til å utgreie konsekvensane av denne regelen.
Leif Næss er kirurg og dagleg leiar for IbsenSykehusene, som har utført rituell omskjering for den offentlege helsetenesta dei siste åra.
– Vi har teke på oss oppdraget fordi vi meiner det er rett å gjere desse omstridde inngrepa på sjukehus under trygge omstende, seier han.
Omskjering i barsel
Næss er kritisk til at det offentlege tilbodet som finst, ikkje vert gjort kjent for foreldre i barsel. Det beste ville vore om borna vart omskorne på sjukehusa i barseltida, med til dømes plastibellmetoden, som krev mindre ressursar enn innlegging med narkose, meiner legen. Han trur metodebruken på offentlege sjukehus først og fremst handlar om motvilje mot sjølve inngrepet.
– Personleg meiner eg at borna burde vere 15 år når dei vert omskorne, men når foreldra har fått kompetansen til å samtykke, er det ikkje bra nok at ingen utfører omskjeringar i barselperioden. Det skal gjerast med til dømes plastibell og verte lindra med god anestesi, gjerne med foreldra til stades, seier han.
Dag og Tid har sendt ei rekkje spørsmål med utgangspunkt i evalueringa til Helse- og omsorgsdepartementet, både om lova har mislukkast og om samvitsregelen bør endrast. Statsråd Bent Høie har ikkje hatt høve til å svare før vi går i trykken. Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke skriv at dei no vil gå gjennom rapporten og vurdere korleis han skal følgjast opp, men har ikkje svart på spørsmåla enno.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har teke på oss oppdraget fordi vi meiner det er rett å gjere desse omstridde inngrepa under trygge omstende.
Leif Næss, dagleg leiar for IbsenSykehusene
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.