JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Smeltedigelen EU smeltar

Når det gjeld immigrasjon, er dei italienske populistane framtida. Merkel er fortida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då skipet «Aquarius», som hadde berga båtflyktningar, vart nekta å leggje til kai i Italia, valde spanske styresmakter å ta imot flyktningane.

Foto: NTB scanpix

7749
20180622
7749
20180622

For hundre og ti år sidan skreiv den britiske forfattaren Israel Zangwill ferdig skodespelet The Melting Pot. Stykket vart først sett opp i Washington i oktober 1908, der det vart entusiastisk applaudert av president Theodore Roosevelt. Skodespelet prisar USA som ein gigantisk smeltedigel som smeltar saman «keltarar og latinarar, slavarar og teutonarar, grekarar og syrarar – svarte og gule – jødar og gudlause» til eitt folk.

«Ja», erklærer hovudkarakteren i stykket (til liks med far til Zangwill ein jødisk immigrant frå Russland), «aust og vest og nord og sør, palmen og furua, polen og ekvator, halvmånen og krossen... Her skal dei alle sameinast for å byggje Menneskerepublikken og Guds kongedømme.»

Det er heller vanskeleg å sjå for seg at eit liknande stykke vert skrive om EU tidleg i det 21. hundreåret. Men det er lett å sjå for seg eit heilt annleis skodespel, der tilstrøyminga av migrantar frå heile verda vil ha motsett verknad av den Zangwill fantaserte om. I staden for å leie til samansmelting leier Europas migrasjonskrise til spalting. Stykket kunne ha tittelen The Meltdown Pot.

I aukande grad trur eg migrasjonssaka vil bli sett på av framtidige historikarar som det lagnadssvangre løysemiddelet for EU. I krønikene deira vil brexit berre vere eit tidleg symptom på krisa. Påstanden deira vil vere at ei massiv folkevandring knuste det europeiske integrasjonsprosjektet, avdekte veikskapen til EU som institusjon og dreiv veljarane attende til nasjonal politikk for å finne løysingar der.

Lat oss byrje med storleiken på tilstrøyminga. Berre i 2016 reknar ein med at 2,4 millionar migrantar kom til dei 28 medlemsstatane frå land utanfor EU, og bringa den utanlandsfødde folkesetnaden i unionen opp til 36,9 millionar, meir enn 7 prosent av totalen.

Dette kan vere berre byrjinga. Ifølgje økonomane Gordon Hanson og Craig McIntosh vil «talet på Afrika-fødde førstegenerasjonsmigrantar i alderen 15 til 64 år utanfor Afrika sør for Sahara vekse frå 4,6 millionar til 13,4 millionar mellom 2010 og 2050». Dei fleste av desse vil truleg setje kursen mot Europa.

Problemet er vanskeleg å handtere. Folkesetnaden på det europeiske kontinentet vert eldre, og minskar, men den europeiske arbeidsmarknaden har dårleg rykte når det gjeld å integrere ufaglærte migrantar. Dessutan er ein stor del av immigrantane i Europa muslimar. Liberalarar insisterer på at det burde vere råd for kristne og muslimar å leve fredeleg saman i eit sekulært, post-kristent Europa. I praksis er kombinasjonen av historisk inngrodd mistru og moderne motstridande haldningar – særleg til status og roller for kvinner – noko som gjer assimilasjon vanskeleg. (Samanlikn situasjonen til marokkanarar i Belgia med den meksikanarar i California opplever, om du ikkje trur meg.)

Og til slutt er det eit praktisk problem. Den europeiske grensa i sør er nesten uråd å forsvare mot flotiljane av migrantar, om ikkje leiarane i Europa er budde på å late mange menneske drukne.

Politisk ser det ut til at migrantproblemet kan bli lagnadstungt for den skjøre alliansen mellom moderate sosialdemokratar og moderate konservative kristelegdemokratar som har danna grunnlaget for dei siste 70 åra med europeisk integrasjon.

Europeiske sentrumsveljarar er djupt forvirra når det gjeld immigrasjon. Mange, særleg på sentrum–venstre-sida, vil ha både opne grenser og velferdsstatar. Men røyndomen syner at det er vrient å vere Danmark med eit multikulturelt samfunn. Mangelen på sosial solidaritet gjer at høg grad av skattlegging og fordeling ikkje er berekraftig.

I Italia ser vi ei mogleg framtid: populistane til venstre (Femstjernersrørsla) og populistane på høgresida (Ligaen) har slått kreftene saman for å danne regjering. Koalisjonen deira kjem til å konsentrere seg om to ting: å berge gamle velferdsnormer – han har planar om å oppheve ei fersk pensjonsreform – og å halde migrantar ute. For eit par veker sidan, til stor folkeleg applaus, avviste innanriksministeren, Matteo Salvini, ein båt med 629 migrantar som var redda i havet utanfor Libya. Båten, «Aquarius», er no på veg til Spania, der den sosialistiske minoritetsregjeringa har tilbydd å ta imot menneskelasta.

Kvar elles kan populistane kome til makta? Dei er alt i regjering på eit vis i seks medlemsland i EU: Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Hellas, Ungarn, Italia og Polen. Men i EU som heilskap finst det i alt 11 populistiske parti med ei folkeleg støtte på 20 prosent eller meir; det tyder at talet på populistiske regjeringar kan doblast, rundt rekna. Det er berre det at det er få land som kjem opp mot Italia når det gjeld politisk fleksibilitet. Sjå for deg, om du kan, det høgrevridde partiet Alternative für Deutschland (AfD) setje seg ned saman med venstrepartiet Die Linke til pølser og øl i Berlin. Dermed, som tyskarane fann ut etter siste valet, er det faktisk ikkje noko alternativ til at den gamle storkoalisjonen mellom sentrum–høgre og sentrum–venstre haltar vidare.

Halte er ordet. For snart ti dagar sidan var Angela Merkel i konflikt med innanriksministeren sin, Horst Seehofer, som vil avvise alle migrantar som alt er registrerte i andre EU-land, ved grensa. Ifølgje Dublin-forordninga er det landet ein immigrant først kjem til, som i teorien har ansvaret for asylsøknaden hans. Men i praksis kan migrantar velje seg den mest fordelaktige destinasjonen, takk vere Schengen-systemet med fri ferdsel over grensene, ei ordning Tyskland er med i.

Slik Merkel ser det, kan ikkje Tyskland trekkje seg ut av Schengen utan å risikere at heile systemet med fri ferdsel bryt saman. Ho håpar å få til ei slags paneuropeisk immigrasjonspakke på EU-toppmøtet i Brussel i slutten av denne månaden. Men det er enno ikkje klårt om den bayerske kristeleg-sosiale unionen (som Seehofer er leiar for) kan følgje med på dette. Delstatsvala i oktober nærmar seg, og CSU fryktar å miste røyster til AfD nett på grunn av immigrasjonsspørsmålet. I alle høve ser det ut til at vona om ein samstemt paneuropeisk migrasjonsstrategi er temmeleg lita. Nasjonalgrensene byr seg fram som ei enklare løysing.

Eg plar vere skeptisk til påstanden om at brexit handla om å forlate eit søkkande skip. Men no revurderer eg synet eg har på saka. Sjølv om det kan bli eit eksistensielt trugsmål for Theresa May at det er uråd å sameine dei toryane som ønskjer å bli verande i EU, med dei som ønskjer brexit, er det andre tilhøve i Europa som er i rørsle på eit vis som ingen kunne sjå for seg for berre få år sidan.

I ei bok om innvandring til USA som snart kjem ut, leverer min briljante ven Reihan Salam – som sjølv er son av innvandrarar frå Bangladesh – ein sterk påstand: USA må anten avgrense innvandringa eller risikere borgarkrig etter kvart som både ulikskap og sosial spenning aukar.

Eg håpar Salam har rett i at den amerikanske smeltedigelen på ein eller annan måte kan reddast. Men eg har ikkje noka slik von for Europa. Ingen som har vore ei stund i Tyskland etter det store sjansespelet til Merkel i 2015–16, kan få seg til å tru at ein smeltedigel er i kjømda der. Alle som vitjar Italia i dag, kan sjå at politikken det siste tiåret – sparing pluss opne grenser – har skapt politisk nedsmelting.

Samansmelting kan framleis vere eit alternativ i USA. I Europa er eg redd framtida vil innebere spalting – ein prosess som kan bli så eksplosiv at han reduserer brexit til ein fotnote i framtidig historieskriving.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv
denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Før var eg skeptisk til påstanden om at brexit handla om å forlate eit søkkande skip. Men no revurderer eg synet eg har på saka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis