Språk
Samtale mellom studentar ved eit norsk universitet, avdeling språk og litteratur:
– Kva skal du med indoeuropeisk? Er det ikkje veldig spes å bruke tida på noko slikt?
Ei gruppe jenter spør nesten i kor. Dei er ferdige med ein undervisningstime i nordisk. Dei spør ein gut som fylgjer eit kurs i urspråket i Vesle-Asia.
– Nei, indoeuropeisk er faktisk viktig, det er opphavet til både indiske og mange europeiske språk. Dessutan finst det tekstar på indoeuropeisk som enno ikkje er tydde.
Ein annan student kjem til gruppa. Han studerer latin.
– Men kva skal du bruke dette språket til? spør ei av jentene.
Dei andre humrar. «Snakke med paven?» seier ein av dei. Alle flirer.
Gutane går. Jentene blir sitjande:
– Eg slit med motivasjonen. Bøkene vi les, er såååå keisame. I dag hadde vi analyse av dikt att. Det er tortur.
– Eg synest ikkje dikt er det verste. Det er verre med oppgåvene på nynorsk.
– Du, veit du, eg har ein undervisar som talar normert nynorsk. Han seier ikkje «lydutviklinga», men «ljodframvoksteren». Det er berre så spes, ass! Og så er han så streng!
– Nei, uff, eg vil heller snakke om noko anna. Kva bøker les de elles?
– Eg berre elskar Tolkien. Har lese alle bøkene hans.
– Å, så stilig. Eg har berre sett filmane.
– Det er ikkje nok! Fyrst når du les bøkene, blir du riktig kjend med Tolkien. Universet hans er berre så fascinerande. Veit de, eg har til og med lært meg å tala alvespråket som Tolkien laga. Berre høyr her ...
Studenten reiser seg. Høgtidleg som ein prest resiterer ho: «Ash nazg durbatulûk, ash nazg gimbatul, ash nazg thrakatulûk, agh burzum-ishi krimpatul.»
«Sprøtt!» «Herleg!» «Vanvitig!» «Så god du er!» kjem det frå veninnene.
– Det er alvsk for «One ring to find them, one ring to bring them all, and in the darkness bind them.» Hadde vi berre hatt eit kurs i Tolkiens bøker her, kjem det med eit sukk.
«Heilt einig!» «Ja, det ville eg ha fylgt!» «Eg òg!»
Ynnor
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.