Staten støttar si eiga undergraving
Bitcoin undergrev statens pengemonopol, likevel subsidierer den same staten produksjonen av bitcoin.
Gjermund Hagesæter sat på Stortinget for Frp fram til i fjor, og er i dag talsmann for selskapet Kryptovault. Her på valvake saman med finansminister Siv Jensen hausten 2015. Då var Hagesæter statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Datasenter
jon@dagogtid.no
Store, subsidierte datasenter skulle verta eit vekstområde i Noreg. Men i staden har regjeringa fått store negative oppslag i pressa og ei stadig meir irritert miljørørsle på nakken.
Ved framlegginga av statsbudsjettet beit Siv Jensen i det så mykje omtalte sure eplet. Ho fortalde at ho har sett ned ei gruppe som skal sjå nærare på subsidieringa av datasenter, eller bitcoinproduksjon. Sagt på ein annan måte: Regjeringa har gått på eit politisk nederlag, for så seint som i sumar sa den same regjeringa at det «ikke var hensiktsmessig» å endra på det økonomiske rammeverket for datasenter.
Ho sa forresten ikkje subsidiering, ho sa «redusert avgift». «Reduserte skatter og avgifter» høyrest av ein eller annan grunn mykje betre ut enn «subsidiar». I dag betaler du og eg og den lokale bonden og møbelprodusenten og Rema 1000 16,58 øre per kWh i elavgift. Datasenter som nyttar meir enn 0,5 MW, betaler berre 0,48 øre.
Då regjeringa innførte redusert elavgift for datasenter i førre periode, var grensa 5 MW, men det var ingen suksess. Difor utvida regjeringa ordninga til å omfatta langt fleire. Ja då, du las rett: Av di skattefritak for nokre ikkje verka, fann regjeringa ut at dei ville gje skattefritak til langt fleire. Ein kan då kanskje undra seg over kvifor ikkje alle får skattefritak, om det er så effektivt.
Same for botnlina
Er så manglande elavgift subsidiar eller skattefritak? Det vert dei ulike aktørane aldri samde om. Dei som får reduserte utgifter, og dei som ynskjer reduserte utgifter, vil kalla slikt «vekstfremjande avgiftsreduksjon». Dei som er mot, vil kalla det «miljøøydeleggjande subsidiar». Det vi kan slå fast, er at dette berre handlar om bokføring. Med andre ord: Får du eit skattefritak som andre ikkje får, vert du i praksis subsidiert.
Er så subsidiering av datasenter lurt? Spør du ein tradisjonell samfunnsøkonom om dette, vil han eller ho svara eit rungande nei. Det same vil byråkratane i Finansdepartementet seia. Der er dei elles framleis sterkt deprimerte over at Senterpartiet fekk gjennom ein momsreduksjon for mat som kosta statskassa 15 milliardar direkte og påførte helsevesenet eit endå større overvektsproblem. Men bitcoin med redusert elavgift er eit mykje større politisk problem enn redusert moms på potetgull og mjølkesjokolade.
For kva er bitcoin? Jau, ein freistnad på å underminera offentleg og statleg kontroll av pengepolitikken. Bitcoin er ein virtuell kryptovaluta som finst i ei avgrensa mengd. For tida er det potensielt 21 millionar av dei, og dei kan verta nytta til betaling dersom du har bitcoin og han eller ho du vil kjøpa noko av, aksepterer bitcoin som betaling. Det er ikkje sentralbankar som lagar bitcoin, og det er heller ikkje statar som avgjer kva rentene på lån noterte i bitcoin skal vera.
Men bitcoin er òg ein slags kopi av den gylne perioden til internasjonal pengepolitikk, nemleg gullstandarden, ei tid nesten utan inflasjon og med særs låg privat og offentleg gjeld. Ein kan nemleg gjennom særs kompliserte matematiske operasjonar som krev enorm datakraft, grava ut bitcoin. I den fysiske verda kan vi grava ut gull, i den virtuelle verda kan vi grava ut bitcoin.
Det vil seia at for kvar ny potensiell bitcoin vert det lagt nye kompliserte reknestykke oppå reknestykke som frå før er kompliserte. Slik vert kvar ny bitcoin dyrare og meir komplisert å laga enn den førre. Difor trengst det no enorme datamaskiner, som igjen krev enorme mengder straum. Om vi skriv fram utviklinga dei siste par åra, vil produksjonen av virtuell valuta ein gong i framtida nytta mange gonger verdas produksjon av straum. Dette er ekstremt dyrt, så dyrt at dei som grev etter bitcoin, vil ha billig kraft, og billig kraft gjev regjeringa dei i Noreg.
Sky det som pesten
Frå eit avgrensa statleg synspunkt burde nasjonen Noreg og alle andre statar sky bitcoin som pesten. Takk vera kryptering er det nær umogleg å få innsikt i kven som eig kor mykje bitcoin, og kven som får profitt. Dimed taper statar potensielt store skatteinntekter. Men det som er verre, er eit eventuelt tapt statsmonopol for laging av pengar. Ein stat utan kontroll over pengeproduksjon er ikkje lenger ein stat. Og om staten ikkje lenger kan styra rentene, går vi glipp av eit sterkt økonomisk instrument. Om vi til dømes etter finanskrisa ikkje kunne ha køyrt med låge renter, ville dei negative konsekvensane vore større enn vi orkar å tenkja på.
Men der er vi altså: Noreg har billig straum, og regjeringa har gjort straumen endå billigare for dei som lagar ein konkurrerande valuta til både den norske krona, euro og dollar. No var sjølvsagt ikkje planen til regjeringa at dei skulle subsidiera fram ekstremt kraftkrevjande produksjon av kryptovaluta (neste år vil slik «pengegraving» truleg forbruka 0,5 prosent av verdas energiproduksjon). Nei, regjeringa ville at Amazon, Google og Apple, alle desse store internasjonale teknologiselskapa med fine namn, skulle etablera datasenter i Noreg. Men det har dei ikkje gjort. Grunnen til det er nokså enkel: Desse selskapa ser på samla skattetrykk, og då finst det betre stadar å leggja verksemd til, til dømes skatteparadiset Irland.
Dessutan er det avgrensa kor mange slike datasenter Google og Facebook treng. Slike datasenter har det i alle høve vorte ein internasjonal politisk mote å vilja ha: Dimed tilbyr «alle» subsidiert kraft, og då vert ikkje Noreg særleg attraktivt, sidan vi har eit generelt høgt skatte- og lønsnivå. Men for kryptovalutaprodusentar er vi altså attraktive, sidan vi gjev generelt avgiftsfritak for alle typar datasenter med kraftbruk over 0,5 MW.
Sorg og nederlag
Fritaket har ført til mykje sorg og mange nederlag. Tak til dømes Ballangen, som NRK fortalde om denne månaden. For eitt år sidan sa det norske selskapet Kolos at dei ville etablera ein fabrikk eller eit datasenter med ein storleik på 84 fotballbanar og med inntil 3000 arbeidsplassar. Det likte Ballangen kommune, som gav dei ei tomt med ein verdi på 9 millionar kroner. Så byrja visst eigarane å krangla. Selskapet vart selt til eit kanadisk selskap som «grev» ut bitcoin. På vegen vart 3000 arbeidsplassar til 10–15. Desse arbeidsplassane er heller ikkje særskilt høgkompetente. Arbeidarane er der for å halda drifta oppe medan datamaskinene gjer operasjonane. Det vert neppe den store overskotsskatten heller, sidan internasjonale selskap har det med å bokføra eventuelle overskot i lågskattland.
Men om vi legg moral og statsmonopol over pengepolitikken til sides, treng ikkje bitcoinproduksjon å vera noko verre for samfunnsøkonomien enn annan produksjon. California og Florida har til dømes tent mykje pengar på porno. Innbyggjarane i Luxembourg har den høgste levestandarden i Europa utan å produsera eitt fysisk produkt, berre banktenester. Det vi som samfunn er ute etter, er høgst mogleg lønsemd. Om vi gjer noko som fører til at staten og borgarane sit att med meir etter at vi har gjort noko, ja, så bør vi frå ein amoralsk samfunnsøkonomisk ståstad gjera dette «noko».
Ein av dei som meiner det er lurt å satsa på bitcoin og datasenter, er Gjermund Hagesæter. Han sat på Stortinget for Frp fram til i fjor, og er i dag talsmann for selskapet Kryptovault, som mellom anna har etablert seg i Hønefoss og på Dale i Hordaland, og har planar om fleire «gruveselskap» rundt omkring i landet. Han seier til NRK at vanleg elavgift for datasenter vil vera «katastrofalt», og legg til: «Det betyr at det ikke blir noe av alle planene, og heller ikke noe av arbeidsplassene og skatteinntektene vi kunne tilføre både kommuner og stat.»
Dårleg tenkt
Slik tenking vil samfunnsøkonomar rista på hovudet av. At produsentane av kryptovaluta må ha subsidiert straum for å kunne produsera, tyder enkelt og greitt at arbeidsplassane ikkje er samfunnsøkonomisk lønsame. Når underskrivne skriv denne artikkelen, når du les den same artikkelen, så nyttar vi båe straum, straum som har elavgift. Det kan vi gjera av di vi har råd til å nytta denne straumen, som igjen genererer skatteinntekter. Alle verksemder, ja, i praksis alle privatpersonar òg, betaler i dag for datatenester, datatenester som genererer bruk av straum og dimed elavgift til statskassa. Det er slike arbeidsplassar staten bør ynskja, ikkje arbeidsplassar som ikkje betaler avgifter som andre har råd til.
Om vi tek utgangspunkt i argumentet frå regjeringa om at dei har utvida elavgiftfritaket av di den fyrste skatteletta ikkje fungerte, må logikken vera at skattefritak generelt er lønsamt for samfunnet. Dei fleste forstår at det ikkje kan vera sant. Vi ynskjer arbeidsplassar som genererer høge verdiar, ikkje arbeidsplassar som ikkje har råd til norsk skatte- og avgiftsnivå. Dette tyder ikkje at avgiftsreduksjon alltid er ulønsamt, men då bør alle få denne reduksjonen. Eit godt skatte- og avgiftssystem er eit system som får folk til å investera utan å tenkja skattevinst.
Så kan ein alltids seia at det er noko særmerkt med data og det digitale, og det seier då også regjeringa i notatet dei har laga om datasenter. Det er ikkje måte på kor verdifulle «arbeidsplasser innen data» er der. Men den same regjeringa tek ikkje steget fullt ut. Dei gjev til dømes ikkje avgiftsfritak til verksemder som driv med vanleg teknologiproduksjon basert på digitalisering, dei gjev berre fritak til verksemder som nyttar massivt med straum. Opera Software held framleis i stor grad til i Noreg, men dei betaler framleis elavgift. Løna i Opera er mykje høgre enn det dei ulike vaktmeistrane i bitcoinselskapa rundt omkring i Noreg får.
Ingen bør vera forundra om gruppa som finansminister Siv Jensen har sett ned, konkluderer med at elavgiftfritaket for datasenter ikkje var ein så god idé likevel. Så var det kan henda litt underleg at dei som produserer krafta, norske kraftselskap, må betala ekstra høg skatt av di krafta er så verdifull, medan dei som skulle nytta krafta, skulle betala så lite som mogleg av di vi har så mykje kraft.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg har billig straum, og regjeringa har gjort straumen endå billigare for dei som lagar ein konkurrerande valuta til både den norske krona, euro og dollar.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.