JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Statistiske liv og statistisk død

Det kan vere nyttig å setje ein pris på leveår. Men når det gjeld koronaepidemien,
er det svært vanskeleg å rekne på kostnad og nytte, meiner økonomiprofessor Ståle Navrud.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3085
20200327
3085
20200327

Å setje ein pris på eit menneskeliv kan vere nyttig på mange samfunnsområde, seier Ståle Navrud. Han er professor i miljø- og ressursøkonomi ved NMBU og har arbeidd mykje med prising av ulike samfunnsgode – til dømes førebygging av dødsfall.

– Slik verdsetjing av liv eller leveår blir brukt til å dokumentere nytteverdien av eit tiltak, mellom anna av transportetatane og miljøstyresmaktene.

Den vanlege metoden for slik prising er å spørje folk kor mykje dei er villige til å betale for tiltak som reduserer dødsrisiko. Dette ligg til grunn for ei rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse frå Finansdepartementet, som for tida verdset eit såkalla statistisk liv til 34,5 millionar kroner. Barn under 18 år er verdsette til det dobbelte. Talet er eit anslag for kor mykje samfunnet vil investere for å unngå at eit menneske døyr før venta levealder.

«Verdien av eit statistisk liv» blir mindre brukt på helsefeltet, dels fordi det fort skaper etiske problem, meiner Navrud.

– Men også i helsesektoren reknar dei på dette, for å finne ut korleis ein kan spare leveår for minst kostnad. Helsestellet nyttar òg kvalitetsjusterte leveår i reknestykka. Det vil seie at eit leveår er mindre verdt om ein ikkje har full helse, seier Navrud.

– Helsedirektoratet verdset eitt leveår til 1,3 millionar kroner. Dermed blir eldre som døyr før forventa levealder, tillagde ein lågare verdi enn yngre vaksne. Det hadde vore bra om dette vart gjort meir ope.

– Kan slike reknestykke vere til hjelp i handteringa av koronaepidemien?

– Der er alt usikkert. Kostnadene er svært store, og ingen veit sikkert kor stor nytten av tiltaka er. Men om vi til dømes seier at tiltaka til regjeringa kan spare 10.000 liv, er det ein samfunnsøkonomisk nytte på 345 milliardar, i tillegg til nytten av at langt færre blir sjuke. Så sjølv om tiltaka har store kostnader, kan samfunnsnytten vere større.

Truleg er uvissa ein grunn til at politikarane har valt å ty til så store tiltak, meiner Navrud.

– Når det kan få så enorme konsekvensar for liv og helse om ein tek feil avgjerd, er det nok lettare å ta dei økonomiske kostnadene. I ettertid vil politikarane truleg tole betre å bli kritiserte for å ha teke for hardt i enn for å ha gjort for lite. Med klima er det annleis: Mangelfulle tiltak no kan få store konsekvensar om hundre år. Men da slepp dagens politikarar å svare for det.

– Koronatiltaka kjem til å gjere oss fattigare. Om det blir mindre pengar å bruke til helseføremål i framtida, vil det truleg føre til tap av liv på sikt?

– Om økonomien krympar og fordelinga blir som før, blir det effekten. Men det er slett ikkje sikkert det går slik. Kanskje kjem helseføremål til å bli prioriterte høgare etter denne krisa, med betre beredskap og betre kapasitet i helsestellet. Dette er ei prioriteringssak. Kanskje går det mindre pengar til vegar og tunnelar i framtida, og meir til helsestellet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis