Statsråden har ikkje hatt dialog med NRK
Kulturdepartementet tek ikkje stilling til om NRK har brote NRK-plakaten når fleire tusen timar eldre fjernsynsproduksjonar ikkje lenger er tilgjengelege for publikum.
Kulturminister Abid Raja må svare på kva arkivmateriale regjeringa ventar at NRK skal gjere tilgjengeleg for allmenta.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
«Departementet har ikkje hatt dialog med NRK om denne saka», skriv statssekretær Gunhild Berge Stang i e-post til Dag og Tid.
Ved årsskiftet førte ei ny avtale mellom NRK og rettshavarorganisasjonen Norwaco til at 17.000 timar eldre fjernsynsproduksjonar i NRK-arkivet, produserte før 1997, vart redusert til 8000 timar.
På spørsmål om departementet har vurdert om NRK bryt med NRK-plakaten når ein del av arkivet ikkje er tilgjengeleg for publikum, viser Stang til Medietilsynet, som fører årleg tilsyn med om NRK oppfyller allmennkringkastingsoppdrag sitt.
«Generelt er det slik at alt innhald som NRK tilbyr i samband med allmennkringkastingsoppdraget, inkludert NRK sine arkiv, krev at NRK har løyve frå rettshavarane. NRK forhandlar med mange ulike rettshavarar om avtalevilkår og innkjøp av rettar. Det er styret for NRK og kringkastingssjefen som har ansvaret for slike forhandlingar og den overordna drifta av NRK», skriv ho vidare.
Medietilsynet har på si side ikkje vurdert situasjonen så langt.
«Ny avtale med Norwaco gjelder først fra 2020, og eventuelle konsekvenser den har for innfrielsen av NRKs oppdrag, vil dermed først vurderes i neste års allmennkringkastingstilsyn», skriv direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Nistad Sekkelsten i ein e-post.
– Trist
Det reduserte NRK-arkivet har også passert kulturpolitikarar på Stortinget utan diskusjon. No seier fleire stortingsrepresentantar at dei vil sjå nærmare på saka.
– Det er veldig synd at denne konflikten har oppstått, og at vi har hamna i denne situasjonen. Eg håper den ikkje vedvarer, seier Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet.
– I NRK-plakaten står det at NRK skal formidle kulturarven i Noreg, og at arkiva er ein del av denne. Bryt arkivavtala med NRK-plakaten?
– Så lenge NRK, sjølv med den nye avtala, gir tilgang på mykje, ser eg ikkje at dei bryt plakaten. Men resultatet gjer meg trist, og eg håpar at ein får ein betre avtale så fort som mogleg. Det er utruleg verdifullt at folk kan få tilgang på det rikhaldige NRK-arkivet i størst mogleg grad.
Sem-Jacobsen seier ho no vil spørje statsråden kva han meiner om situasjonen.
– Eg vil forfølgje saka for å høyre kva dei tenkjer om situasjonen i departementet, og om dei vil bidra med noko i samband med budsjettarbeidet.
– Uheldig
Himanshu Gulati skriv i ein SMS at Framstegspartiet vil sjå nærmare på saka.
«Ettersom folket finansierer NRK gjennom statsbudsjettet mener vi dette er noe de allerede er betalt for, og at arkivmaterialet derfor bør gjøres fritt tilgjengelig. Vi har imidlertid ikke vurdert om avtalen som er inngått, strider med NRK-plakaten, men det vil vi nå se på.»
Anette Trettebergstuen i Arbeidarpartiet skriv i ein SMS at ho ikkje kjenner detaljane i forhandlingane og kva for vilkår som vart sett, og at det derfor er vanskeleg å kommentere eit konkret forhandlingsresultat.
«Men det er uheldig for publikum at tilgjengelig materiale er redusert til halvparten. Jeg vil oppfordre partene om å gå i forhandlinger igjen», skriv ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.