– Venstresida vart overmanna
– Ei antiimperialistisk venstreside gjekk inn i eit bistandsssystem der retorikk om kamp mot fattigdom og for universelle verdiar herska, seier Terje Tvedt.
– Den multikulturelle ideologien voks ut av eit bistandssystem som USA initierte for å stogga kommunismen, seier professor Terje Tvedt.
Foto: Håvard Rem
Terje Tvedt
Professor ved Institutt for geografi (UiB) og professor II ved Institutt for arkeologi (UiO)
Gullruten for TV-dokumentaren En reise i vannets fremtid (2007) som Netflix har kjøpt verdsrettane til
Gav i 2012 ut boka Nilen – historiens elv
Aktuell med boka Det internasjonale gjennombruddet. Fra «ettpartistat» til flerkulturell stat

Politikk
post@rem.no
– Ideen om at bistanden representerte universelle verdiar og ein universell utviklingsstrategi, voks ut av eit bistandssystem som USA initierte for å stogga kommunismen og svekka den europeiske kolonialismen, seier professor Terje Tvedt og legg til:
– Og den vestlege venstresida vart gradvis overmanna av makta til denne universalismen.
Syklisten
Ein sprek 66-åring med piggdekk på sykkelen og cap på hovudet tek seg gjennom eit vinterleg Oslo sentrum der travle menneske spring fram og attende og stutte samtalar vert brotne av når heisen eller trikken brått stoggar – som om folk skundar seg for å halda tritt med dei snøgge skifta i samfunnet. I eit Noreg i endring går endringane så djupt at det sjeldan er tid til eller klokt å setja ord på dei. Men syklisten har teke seg god tid. Sidan han vart marxistleninist og SUF-ar i revolusjonsåret 1968, har han vore politisk medveten, dei siste 30 åra med eit uavhengig og kritisk blikk på utviklinga som har gjeve namn til den nye, store boka hans – Det internasjonale gjennombruddet.
Tittelen er eit ordspel på «det nasjonale gjennombrotet» midt på 1800-talet, i kjølvatnet av 1814, hundre år seinare manifestert i ein bygning som Bondeheimen, der han set frå seg sykkelen.
Undertittelen på boka har òg eit ordspel i seg. «Fra embetsmannsstat til flerpartistat» var namnet på eit føredrag som ein annan historieprofessor, Jens Arup Seip, heldt i 1963, på den tida ho byrjar, utviklinga Tvedt tek føre seg i boka, med undertittelen «Fra ’ettpartistat’ til flerkulturell stat».
FRÅ MAO TIL NGO
– Kan ein sidestilla dei to «gjennombrota»?
– Det internasjonale gjennombrotet har vore minst like djuptgripande som det nasjonale gjennombrotet, seier Terje Tvedt og låser sykkelen til Bøndernes Hus.
– Men det internasjonale gjennombrotet vart ikkje bore fram av folkelege rørsler på same måte; det vart meir initiert og drive fram av «oppdragarstaten» og ein ny elite.
Under folkerøystinga i 1972 var Tvedt 21 år og i gang med ein politisk karriere på ei EU-skeptisk venstreside der «nasjonal sjølvråderett» var eit sentralt slagord. «Mens kampen for nasjonal selvstendighet i hele den europeiske imperialistiske epoken hadde vært i sentrum for den klassiske venstresidens verdensbilder og politiske oppfatninger frem til 1990-årene, ble den nå sett som et hinder for å fremme både likhet innenfor staten og rettferdighet globalt», skriv han i kapittelet «Globaliseringen og nasjonalstaten» i den nye boka.
– Korleis har synet på utviklingsland og «den tredje verda» endra seg i perioden?
– Sidan 1960-talet hadde venstresida utvikla ein «den tredje verda-ideologi». Ein såg på den tredje verda som fortropp og forløysar i historia. Men utviklinga i land som Kina, Cuba og Nicaragua gjorde det vanskeleg å oppretthalda dette synet, og kring 1980 forsvann den tredje verda som leiestjerne for venstresida.
– Kva kom i staden?
– På 1980-talet vart det bistanden og dei utvikla landa som representerte framtida. Utviklinga blei framleis oppfatta som ein universell prosess, men det var no dei utvikla landa som viste «dei andre» kva framtid dei hadde. 1980-talet er NGO-tiåret. Samstundes med at «den tredje verda-ideologien» smuldra, voks dei friviljuge hjelpeorganisasjonane. For mange på venstresida gjekk då vegen vidare dit.
– Frå Mao til NGO?
– Ja, det vart eit skifte frå internasjonal solidaritet til filantropi, frå rettferdstenking til menneskerettstenking.
GLOBAL FRIHANDEL
Tvedt stod sjølv midt i skiftet. I 1981 melde han seg ut av AKP (m-l), etter at han i fleire år hadde vore ein sentral organisasjons- og reisesekretær i Raud ungdom.
– Utmeldinga var dramatisk i den beskjedne forstand at det vart naudsynt å kutta band. Eg flytta til Bergen.
Tvedt byrja med å studera historia til Midtausten og Afrika, og i 1984 søkte han ein FN-jobb i Sør-Sudan for i det heile å kunne studera området, sidan krig gjorde det umogeleg for forskarar å dra dit.
– Er desse erfaringane først og fremst knytte til sekstiåttarane, generasjonen fødd i dei fyrste åra etter krigen?
– Nei, boka er til ein viss grad inspirert av desse erfaringane, men historia eg har freista å skriva, er historia til heile nasjonen då han møtte verda som hjelpar og rådgjevar på den globale arenaen, og då verda kom til Noreg i dei same tiåra. Det er historia til det offentlege Noreg og den politiske leiarskapen, meir enn historia til opposisjonsrørsler. Difor handlar ho òg om korleis den nye kosmopolitiske eliten oppstod, ikkje minst ved at venstresida vart endra.
I boka freistar eg å syna korleis staten frå fyrste stund freista å trekkja med heile samfunnet i bistanden, og at den norske staten i uvanleg grad lukkast i å gjere bistand til eit nasjonalt prosjekt. Venstresida gjekk etter kvart inn i dette arbeidet med entusiasme, og vart det humanitær-politiske kompleksets kanskje viktigaste forsvarar.
– Korleis?
– I etterkrigsåra vart bistandssystemet initiert av USA som eit geopolitisk verkty med to hovudsiktemål. Det eine var å stogga kommunismen som ein frykta, ikkje minst etter at Folkerepublikken Kina vart oppretta i 1949. Det andre var å underminera det europeiske kolonisystemet som ein såg på som ein hemsko for global frihandel.
– Kvifor vart dette godteke av ei USA-kritisk venstreside?
– Det nye bistandssystemet lukkast i å mobilisera den energien og interessa for verda utanfor Vesten som fanst på venstresida, ved at det representerte eit praktisk alternativ. Det dreiv med kamp mot global fattigdom, for universelle verdiar, og det hadde ressursar. Det framstod som heilt lausrive frå vestlege kulturelle eller geopolitiske interesser. Det representerte «den gode handlinga» i ei elles kynisk verd. Ein falma antiimperialisme vart konvertert til statsfinansiert advokatverksemd på vegner av utviklinga.
MENNESKERETTANE
– Du har i fleire år meint at menneskerettane ikkje er universelle.
– Eg er sjølvsagt ikkje mot menneskerettane, men det er viktig å forstå at dei historisk sett ikkje er universelle, men vestlege. Dei oppstod i Vesten på eit gjeve tidspunkt. Dei fall ikkje ned frå himmelen. Og dei vann fram globalt etter den andre verdskrigen grunna USAs makt på den tida.
– Du ser ikkje norsk bistand som ei forlenging av norsk misjon?
– Nei, bistandsideologien kjem frå USA. Bistanden er ikkje ei forlenging av misjonen, sjølv om misjon og bistand har fleire trekk felles. I denne boka freistar eg å analysera dette nasjonale prosjektet som del av ei globalhistorisk utvikling. Ein forstår ikkje norsk bistand om ein ikkje forstår at mykje har vore importert tankegods frå USA.
– Har bistanden alltid vore slik?
– Nei. Då vestlege land vart inviterte med i bistanden til USA og OECD, skulle det vera eit nasjonalt prosjekt. Kvifor? For å få med folket. Det var jo skattepengane deira som vart nytta. Bistanden var sjølvsagt internasjonal, men rotfesta nasjonalt. Noreg følgde særs godt opp, som om misjonen og sosialdemokratiet hadde førebudd landet. Heile folket vart engasjert.
– Kva er tilhøvet mellom multikulturalismen og kulturrelativismen, altså den tanken at kultarane er like gode?
– Multikulturalismen i Noreg har ikkje fyrst og fremst vore kulturrelativistisk.
– Forklår.
– Multikulturalismen anerkjenner rett og slett ikkje sjølve eksistensen av ulike kulturar, i den forstand at dei ikkje lenger har ein handlingsstyrande funksjon. Dei er berre mellombelse, om no kulturen er norsk eller pakistansk, for alle deler jo eigenleg dei universalle verdiane. Difor kan ikkje norsk kultur ha forrang, ikkje eingong i Noreg. Berre universelle verdiar er verkelege. Av di norske verdiar ikkje finst, må ein òg avvise andre verdiar.
Han held fram:
– At menn og kvinner skal ha same rettar, voks fram som ein vestleg verdi. Etter mitt syn er alle samfunn tente med denne ideen, men når ein ideologi vert kamuflert som «universell», vert han totalitær, av di han vert heva over debatt og kritikk. Studiane mine av nyare norsk historie har dokumentert at denne moderne universalismen har vore eit mektig nasjonalt dogme.
– Når meiner du dette byrja?
– Den fyrste norske stortingsmeldinga om menneskerettane kom så seint som i 1999. Ho slo fast at historia gjekk svanger med desse verdiane, og at dei store religionane alle hadde same idear om verdiar og rettar. Denne spesielle oppfatninga av rettar og historia har vorte eit dogme, i sentrum av ei ny sekulær statsreligion, nesten utan nokon debatt. Få moderne samfunn har så snøgt adoptert eit nytt verdsbilete – attpåtil utan å definera det.
ERSTATNINGSIDEOLOGI
– Ser du det i samanheng med at me på kort tid har brote opp frå eit kristent verdsbilete?
– Eg har ikke studert dette, men ein kan kanskje sjå det, slik du foreslår, som ein erstatnings-
ideologi. Men ikkje berre ei erstatning for kristendomen. Det er òg ei erstatning for marxismen som leid nederlag samstundes.
– Kva tid byrja du, frå den marxistiske ståstaden din, å få eit kritisk syn på utviklinga?
– Alt på 1980-talet byrja bistandssystemet å gje meg eitt og anna déjà vu. På folkemøte for flyktningar i Sør-Sudan tok eg meg i å tenkja: «Eg kjem jo berre med flosklar.» Men dei lytta av di eg rådde over kapital, nett som i m-l-tida, då flosklane vart trudde på av di me rådde over ein viss moralsk kapital. Eg kunne kanskje ha gjort ein FN-karriere, men det vart umogeleg for meg å halda fram.
– Eit nytt déjà vu fekk eg i Bergen i 1989 då eg heldt føredraget «Dogmer i norsk bistand». Representanten frå Bistandsdepartementet – i dag ville vedkomande ha kome frå Utanriksdepartementet – braut av kritikken min av bistandssystemet og sa til møteleiaren: «Dette går ikkje. Du må klubba han ned.» Eg fekk stadfesta det eg visste frå m-l-rørsla: at folk med dei beste intensjonane kan utvikla eit dogmatisk verdsbilete som gjer det legitimt å avvisa alternativ tenkning.
– Korleis har det vore å fasthalda ein kritisk posisjon i 30 år?
– Eg studerer eit fenomen – bistand og multikultur – som har overmanna samtidas forståing av seg sjølv. Då må ein, for å kunne studera samtida, freista å stilla seg på sida av henne. Ein må plassera seg i ytterkanten av fenomenet ein vil studera. Då kan du i beste fall lettare veksla mellom eit innanfor- og eit utanforperspektiv.
– Og dei to andre strategiane?
– Å skaffa seg erfaring frå korleis politikkfeltet fungerer. Reaksjonane på bøkene og filmane mine har vore ein viktig del av forskingsprosessen. Å kritisera dominerande idear og praksisar over ein lang periode har gjeve meg innsikter som elles ikkje er lett å skaffa seg, seier Tvedt og held fram:
– Den tredje strategien er det lange tidsperspektivet. Ved å samanlikne det internasjonale gjennombrotet i ein femtiårsperiode med det nasjonale gjennombrotet på 1800-tallet, og ved å setja observasjonar og erfaringar frå 1990-talet inn i slike større samanhengar, vert det lettare å skaffa seg distanse til konvensjonane i samtida. Vonar eg.
Me er attende ved sykkelen utanfor Bondeheimen. Han låser opp.
– No vender eg attende til vatnet.
Ikkje at han skal sykla på vatnet. No skal han halda fram med å greia ut om historia til vatnet, slik han har gjort i prislønte filmar og bøker.
– Det gjer godt å studera noko materielt. Det er ei grei avveksling frå å studera nyare norsk historie i eit naudsynt geopolitisk perspektiv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det internasjonale gjennombrotet er ikkje forankra i folket.
Å kritisera norsk
bistand og multikultur har gjeve meg unike erfaringar.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»