Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Trump byrjar dingle på imperiekroken

Medan verda glir mot ei «alvorleg krise», går Trump mot eit Suez?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7265
20170901
7265
20170901

«Subbar verda mot ei alvorleg systemisk krise?» spurde historikaren Philip Zelikow på den årlege samlinga til Aspen Strategy Group tidlegare denne månaden. Snakk om godt spørsmål! Zelikow er meir enn berre historieprofessor; han underviser ved Virginia University, så han hadde ringsideplass til dei avskyelege påfunna til nynazistane på universitetsområdet for tre veker sidan. Han har også arbeidd for så vel republikanske som demokratiske presidentar i Det kvite huset, utanriksdepartementet og Pentagon. Som leiar for 9/11-kommisjonen var han i røynda forfattaren av kommisjonsrapporten. Pessimismen hans er praktikarens lik så vel som akademikarens.

Zelikow gjev ikkje etter for freistnaden til å bli med på den utskjellinga av Trump, som er meir eller mindre obligatorisk i Aspen, dit liberale Manhattan dreg kvar sommar for å puste i sval Colorado-luft. Om ein ser vekk frå eit spark til Donald Trump for talen han heldt i Warszawa til forsvar for vestleg sivilisasjon, og ei samanlikning mellom presidenten og eit flipperspel («Så mange blinkande lys, så støyande, så sprettande ikring»), er kritikken frå Zelikow retta mot alle dei tre post-9/11-regjeringane.

I staden for å stille pragmatiske spørsmål – som «Kvar kan vi gjere mest for å få vekta til å svinge mot ei open og sivilisert verd?» eller «Kva statar eller regionar eller saker er vesentlege?» – har Bush-, Obama- og Trump-administrasjonane alle blitt lokka av trugsmålet om islamistisk terror til å konsentrere seg om «dei øydelagde ’villmarks’-områda i verda (...) Nett dei stadene der det er minst von om å endre kursen til verdshistoria på nokon som helst positiv måte».

Som Zelikow med rette peikar på – og som eg freista forklare i 2003 – er dette strategidokumentet til det gamle viktorianske imperiet. Ja, same kva imperium du vel, heilt attende til Aleksander den stores, ser vegen alltid ut til å føre til Mesopotamia og Hindu Kush (fjellområde mellom Afghanistan og Pakistan, red. merk.).

Det er ein vrien vane å vende. I valkampen var det eit poeng for Trump at han ville få USA ut av ein krig han hevda han hadde vore mot. Men eit år eller så etter at han for første gong nytta frasen «America first», står han sjølv og les frå det same strategidokumentet frå Kiplings tid, og aukar det amerikanske nærværet i Afghanistan, plasserer ut spesialstyrkar i Syria og Irak og sparkar admiralar på grunn av skipskollisjonar utanfor Singapore.

I beste fall, seier Zelikow, er dette å spele defensivt. Det gjev visseleg ikkje poeng på skåringstabellen. Så kva burde USA gjere? Zelikow rår dei politiske leiarane til å «starte i kva for helst område du trur er avgjerande viktig, som Brasil eller Mexico eller Egypt eller Tyrkia eller Pakistan eller Indonesia» og byggje ein ny verdsorden på grunnlag av «lokal problemløysing». Rollemodellen hans er programmet for økonomisk hjelp til Vest-Europa etter andre verdskrigen, programmet som vart oppkalla etter general George Marshall.

Ikkje særleg originalt, kan du seie, men Zelikow gjer ein vri. Kvifor, spør han, valde USA å investere i Vest-Europa i 1947 når det var i Kina trugsmålet om kommunistisk revolusjon var størst? Kvifor vart Paris og Bonn valde framfor Jerusalem og ein fredsbevarande styrke i Palestina? Å satse på Vest-Europa, meiner Zelikow, bygde på tanken om «kva det er som verkar». Den «katalytiske episoden» som følgde – Europas økonomiske mirakel etter krigen – rettferdiggjorde Marshall og den amerikanske kombinasjonen av kapitalisme og demokrati.

Noko liknande skjedde etter 1970-åra, da amerikansk og europeisk kapitalisme verka dømd til stagflasjon. Etter valet av Margaret Thatcher byrja Vesten å kome seg på beina att. Samstundes, etter at Mao døydde, gjennomførde Kina marknadsbaserte økonomiske reformer. Ein annen katalytisk episode var 1989–91: Berlinmuren fall, Sovjetunionen braut saman, Saddam Hussein vart slått i den første golfkrigen.

Det var gode tider. Men poenget til Zelikow er at slike katalytiske episodar berre kjem etter «ei djup systemkrise (...) når folk over heile verda ikkje lenger trur at den gamle ordenen fungerer». Det dårlege nyhendet er at vi er på randa av nett ei slik systemisk krise no, på grunn av verknadene av «den digitale revolusjonen og framveksten av ei nettverksverd», men ei krise som òg kjem til syne i spreiinga av islamsk ekstremisme, narkotikaepidemien i USA og mykje anna. Det verste er at amerikansk leiarskap berre er ein bleik skugge av det han var for 70 år sidan.

«Kvar einaste ein av USAs motstandarar har no det strategiske initiativet», seier Zelikow. «Dei – Russland, Iran, Kina – er no i betre posisjon til å bestemme tid, stad og form for engasjement, det gjeld òg politisk engasjement.» Og når han enda ein gong dreg parallellen til forfallet til det britiske imperiet, fryktar Zelikow at det nærmar seg ein «Suez-augneblink».

Eg er samd i mykje av dette, men eg vil gjerne streke under at den same leksjonen kunne vore levert om Hillary Clinton hadde blitt president – ho med den komande biografien som godt kan få Dårleg tapar som tittel.

Utan omsyn til kven som er USAs president, har ikkje Vesten lenger den økonomiske hemmelege sausen han ein gong hadde: vekstraten ligg på 2 prosent, utbyttet går til 0,1-prosenten på toppen, og den offentlege og private gjelda hopar seg stadig opp. Sentralbankar har i snart eit tiår halde showet i gang med løysingar som kvantitativ lette og nullrente. Den verkelege moroa kjem når dei fjernar medisineringa.

Imedan skulle nettverda fødd i Silicon Valley skape eit «globalt samfunn» av nettborgarar, nett slik ein trudde reformasjonen skulle skape eit presteskap av alle truande. I begge tilfella var resultatet polarisering og spiraliserande konflikt. Om internettet er verdas torg, liknar det meir og meir på Tahrir-plassen i Kairo rett før militæret slo til. Alle som kjenner seg krenkte for eitt eller anna, skrik «hatprat!» – den moderne nemninga for kjetteri.

Zelikow ønsker at Washington kunne slutte med presidentflipperspel, kutte ut imperialistvanane og arbeide konstruktivt med land som Brasil, Mexico, Egypt, Tyrkia, Pakistan og Indonesia. Sjølv om regjeringane deira er enda mindre i stand til å handtere desse nye problema enn våre er. Over heile verda er antikverte politiske institusjonar i krise. Det vil snart bli klart at autoritære regime er i like store vanskar som demokratia.

Så ja, verda subbar truleg mot ei alvorleg systemisk krise. Krisa kjem alt no til syne i form av massehysteri på nettet, aukande nettkrigføring og akselererande spreiing av atomvåpen. Nostalgi for Truman og forakt for Trump er forståeleg i slik ei tid. Men lat oss ikkje gløyme kva som skjedde tre år etter at Marshall kunngjorde planen for gjenoppbygginga av Europa. Den same regjeringa som gav oss Marshallplanen, gav oss òg Koreakrigen.

Dersom Trumps langsame konfrontasjon med Pyongyang viser seg å vere hans Suez-hending, da vinn Zelikow. Inntil da hyllar historia om framtida seg inn i sitt vanlege mysterium, og spottar freistnadene våre på å seie noko om henne på førehand.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Verda subbar truleg mot ei alvorleg
systemisk krise.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis