Tunge tider for korallane
Korallreva langs norskekysten kan bli undergravne av surt vatn som stig frå djupet.
Også langs norskekysten finst det store korallrev. Somme forskarar trur at havforsuringa kan tære vekk fundamentet som reva står på.
Foto: Havforskingsinstituttet
Det er dårlege tider for korallreva i verda. I tropiske hav er det varmen som trugar: Blir havet for heitt, støyter korallane frå seg algane dei lever i symbiose med, og resultatet blir såkalla korallbleiking og død. Dei varme somrane i Australia i 2016 og 2017 kan ha drepe så mykje som halvparten av korallane på Great Barrier Reef utanfor Queensland, og utsiktene vidare i hundreåret er mørke for verdas største rev.
Også i Noreg finst det store korallrev. Røstrevet er over tre mil langt, og somme av reva langs norskekysten er fleire tusen år gamle. I norske farvatn er det ikkje varme, men forsuring som no trugar reva. Djupvatnet ute i Norskehavet er alt i utgangspunktet surare enn korallar likar, med underskot på byggestoffet karbonat, og dei norske reva ligg på sokkelen og kontinentalskråninga. Vatnet i djupet er så surt at det løyser opp kalkskal. No syner målingar at denne sure sona stig med kring ti meter årleg, og ho har nådd opp til kring 1700 meters djup i Norskehavet.
Korallane i Noreg lever ned til kring 1000 meters djup. Kva som skjer når det sure, karbonatfattige vatnet når opp til reva, er uvisst. Laboratoriestudiar tyder på at levande korallar kan klare å overleve i vesentleg surare vatn enn i dag. Men dei store reva langs norskekysten er bygde oppå kalkskjeletta etter døde polyppar. Om det sure vatnet tærer bort dette fundamentet, kan det få reva til å kollapse. I så fall misser mange artar levestadene sine.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det er dårlege tider for korallreva i verda. I tropiske hav er det varmen som trugar: Blir havet for heitt, støyter korallane frå seg algane dei lever i symbiose med, og resultatet blir såkalla korallbleiking og død. Dei varme somrane i Australia i 2016 og 2017 kan ha drepe så mykje som halvparten av korallane på Great Barrier Reef utanfor Queensland, og utsiktene vidare i hundreåret er mørke for verdas største rev.
Også i Noreg finst det store korallrev. Røstrevet er over tre mil langt, og somme av reva langs norskekysten er fleire tusen år gamle. I norske farvatn er det ikkje varme, men forsuring som no trugar reva. Djupvatnet ute i Norskehavet er alt i utgangspunktet surare enn korallar likar, med underskot på byggestoffet karbonat, og dei norske reva ligg på sokkelen og kontinentalskråninga. Vatnet i djupet er så surt at det løyser opp kalkskal. No syner målingar at denne sure sona stig med kring ti meter årleg, og ho har nådd opp til kring 1700 meters djup i Norskehavet.
Korallane i Noreg lever ned til kring 1000 meters djup. Kva som skjer når det sure, karbonatfattige vatnet når opp til reva, er uvisst. Laboratoriestudiar tyder på at levande korallar kan klare å overleve i vesentleg surare vatn enn i dag. Men dei store reva langs norskekysten er bygde oppå kalkskjeletta etter døde polyppar. Om det sure vatnet tærer bort dette fundamentet, kan det få reva til å kollapse. I så fall misser mange artar levestadene sine.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.