Undersøkingsvegring
Altfor få deltek i oppfølgingsstudiar på sjukdommar, meiner eit uroa forskingsmiljø.
Fem smilefjes med fargespel frå grønt til raudt blenkjer mot meg.
Foto: Kecko / Flickr / CC BY
Eg er ein time på overtid og stappar Mac-mappa mi ned i ein teoretisk sett for liten ryggsekk då telefonen ringjer.
– Har eg kome til Mone Celin Skrede?
Eg lagar ein svakt stadfestande lyd.
– Har du tid til å svare på ei undersøking om nettvanane dine? spør ei håpefull stemme.
– Ehh ...
Eg dreg ut tida.
– Kor lang tid treng du då? spør eg.
– Berre 15 minutt?
Entusiasmen fell. Dei neste 15 minutta må eg nytte til å kome meg heim, før eg spring til neste avtale. Å brette ut mine eigne vanar på T-bana freistar ikkje.
– Kan du ringje meg opp att i morgon? spør eg.
Eg ville vere ja-menneske denne gongen. Eg har fått brukar- og marknadsundersøkingar så langt opp i halsen at eg lagrar konsekvent nummera så eg veit kva tid eg ikkje skal ta telefonen. Men no skal eg endeleg leggje frå meg prinsesse-vil-ikkje-nykkane. Alle åra med «nei, eg vil ikkje nytte ein halv time på å svare på verdas beste TV-måling for sjåartal frå Gallup» er over.
– I morgon? Klokka fem? Ja, greitt. Takk skal du ha, stotrar han og legg på.
Overlækjar Thomas Halvorsen ved Haukeland Universitetssjukehus er fortvila over det låge talet på deltakarar i oppfølgingsstudiar, melder TV 2. Han meiner veksten i sosiale medium og daglege marknadsundersøkingar heng saman med mangelen på deltakarar.
Eg tenkjer attende på ein tommetjukk konvolutt med spørjeundersøking frå Sunnaas Sjukehus. Han låg i ein skuff i tre veker før eg fekk sendt han inn. Tenk om telefonundersøkjaren eigentleg ville finne ut kor mykje ein utset den psykiske helsa for på sosiale medium? Tenk om det var viktig for fleire enn meg? Så vert eg irritert. Vi vert spurde om alt frå hygieneartiklar på offentlege toalett til den nye hurtigkaffien på Coop. «Kor nøgd var du med dette toalettbesøket?» vil monitoren på doveggen vite, mens fem smilefjes med fargespel frå grønt til raudt blenkjer mot meg.
Og det er ikkje mogleg å reservere seg mot marknadsundersøkingar på telefon.
Samstundes er det oppfølgingsundersøkingane på sjukehusa som gjer at lækjarane veit det dei veit om barnekreft. Og no, når dei vil forske på samanhengen mellom bronkiolitt og astma hjå små barn, er det under 50 prosent som deltek i studien, fortel overlækjar Halvorsen.
Med reservasjonsrett på marknadsundersøkingar ville kommersielle aktørar måtte drive produktutvikling i blinde. Men eg kan ikkje late vere å tenkje at dersom det var Haukeland Universitetssjukehus som ringde meg, og ikkje Norsk Gallup, ville eg kanskje teke det meir alvorleg. Eg ville teke ei seinare T-bane òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Kor nøgd var du med dette toalettbesøket?»
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.