USA er sint, og sikringa er losna
Skytinga i Virginia peikar på ein auke i politisk vald.
Venstresida i USA nyttar lettsindig språk for å oppmode til «motstand» mot Trump-administrasjonen. Førre veke la til dømes komikaren Kathy Griffin ut eit bilete av seg sjølv med ein blodig plastmodell av hovudet til presidenten.
Når fæle ting skjer, spør advokatane om det er ein einskildperson eller ein institusjon som er skuldig. Politikarane, derimot, spør om det trengst ei ny lov for å hindre liknande hendingar frå å skje igjen. Advokatane har interesse av å finne den skuldige. Politikarane som sit ved makta, har interesse av å «gjere noko». Og opposisjonspolitikarar har interesse av å peike på den politiske motparten som skuldig. Men korleis kan vi, publikum, svare på anna vis enn å be for offera og kondolere familiane deira?
Førre veke hende det fælslege ting i både USA og Storbritannia. I London tok det fyr i bustadblokka Grenfell Tower på 24 høgder, med store tap av menneskeliv. I Virginia freista ein væpna mann å drepe republikanske kongressmenn – inkludert innpiskaren for fleirtalet i Representanthuset, Steve Scalise – då dei spela basketball. Fem personar vart skadde, Scalise var ein av dei.
Dei to hendingane var av svært ulikt omfang, og brannen i London byrja ved eit uhell som nokon mista kontrollen over, trass i den kjappe reaksjonen frå brannvesenet. Skytinga i Virginia var ein overlagd freistnad på mord, som vart avverja takka vere den kjappe reaksjonen frå politiet.
Den britiske ålmenta har no rett til å spørje om kor mange andre høgblokker som risikerer eit inferno som spreier seg med slik katastrofal fart. Kan hende gav Kensington and Chelsea Tenant Management Organisation blaffen i tryggleiken til Grenfell Tower. Kan hende var den nyss brukte kledninga av aluminiumkompositt brennbar. Eller kan hende er dei britiske bygningsforskriftene utdaterte.
Likevel tyder det faktumet at brannar i høgbygg er så sjeldsynte i Storbritannia, på at problemet truleg ikkje er eit systemproblem. Fordi britar til vanleg føretrekkjer å bu heller lågt, vart det bygt færre bustader av Grenfell-typen der enn andre stader på 1970-talet. Det er mange fleire høgblokker i New York enn i London, likevel har staten New York eit av dei lågaste tala på omkomne i brannar i USA.
Det amerikanske folket treng å stille seg eit anna spørsmål. Kva nivå av våpenrelatert vald er det budd på å tole som prisen for den eineståande slepphendte lovgjevinga om eigarskap til våpen?
Som alltid etter skyteepisodar i USA greip liberale media sist veke høvet til å argumentere for strengare våpenkontroll. Den vanlige retorikken vart likevel gjort vanskelegare ved at han som ønskte å vere drapsmann, James Hodgkinson, sjølv høyrde heime på den politiske venstresida.
Hodgkinsons sider på Facebook og LinkedIn synte at han var ein beundrar av senator Bernie Sanders, Hillary Clintons sosialistiske rival i nominasjonen til presidentkandidat for det demokratiske partiet. Hodgkinsom hadde skrive under på eit krav om at president Donald Trump måtte bli stilt for riksrett. Han la det ut på Facebook med kommentaren: «Det er på høg tid å øydeleggje Trump & Co.»
Ifølgje eit augevitne spurde Hodgkinson før åtaket om «det laget som trena var eit lag av demokratar eller republikanarar». Truleg ville han ikkje ha opna eld om svaret hadde vore «demokratar». At eit politisk attentat som dette var ventande no, verkar innlysande. Heilt sidan presidentvalet i november har den amerikanske venstresida nytta lettsindig opphissande språk for å oppmode til «motstand» mot Trump-administrasjonen. Førre veke, for å trekkje fram berre eitt døme, la komikaren Kathy Griffin ut eit bilete av seg sjølv med ein blodig plastmodell av hovudet til presidenten.
I ein freistnad på å orsake slike oppmodingar til vald prøvde redaksjonen i New York Times på tåpeleg vis å ymte om ein parallell mellom Hodgkinsons handling og Jared Lee Loughners åtak på den demokratiske representanten Gabby Giffords for seks år sidan. Likskapen skulle liggje i at Loughner hadde blitt oppmuntra av den republikanske politikaren Sarah Palins handlingskomité. Men Loughner var openbert langt meir sinnsforvirra enn Hodgkinson. Det Loughner la ut på internettet var reint vrøvl.
Likevel, det ville vere absurd å nekte for at delar av den amerikanske høgresida har nytta uansvarleg språk i åtaka på demokratar. Det verkelege spørsmålet er dette: Kan vi stå overfor ein auke av politisk vald? I større grad enn noko anna utvikla land har USA potensial til å bli politisk valdeleg. Data frå US Centers for Disease Control and Prevention syner at 36.252 amerikanarar vart skotne i hel i 2015. Noko under 13.000 var drapsoffer. (Den vanlegaste årsaka til død med skytevåpen er faktisk sjølvmord, som kravde 22.000 liv.) Drapsraten med våpen er 90 gonger høgare i USA enn i Storbritannia.
Dette reflekterer framfor alt at våpen er mykje meir tilgjengelege i USA. Det er om lag 310 millionar våpen i landet; det vil seie rundt rekna eitt våpen per person, men det er berre 40 prosent av husstandane som eig skytevåpen. Våpenkriminaliteten har gått ned sidan tidleg i 1990-åra. Då var dødsraten grunna skytevåpen om lag 7 per 10.000 innbyggjar. No er raten halvert. Sjølv om talet på drap i 2015 var 17 prosent høgare enn i 2011, er det for tidleg å påstå at dei vonde, gamle dagane er attende.
Det som kan seiast, er at masseskyting er vanlegare no enn før. Det har vore over 90 sidan 1982. Så langt dette året har det vore seks. (Det ville vore sju om Hodgkinson var meir treffsikker.) Det er nesten like mange som på heile 1980-talet.
Sjølvsagt er det store fleirtalet av masseskytingar utan politisk motiv. Rundt rekna halvparten er utførte av personar som er dokumentert psykisk sjuke. Det er altså for tidleg å profetere ein ny borgarkrig. Politisk polarisering, ja. Men væpna konflikt? Neppe.
Og likevel, og likevel. I ei av bøkene som uroa meg mest i fjor, Ages of Discord, hevdar historikaren Peter Turchin at auken i masseskytingar berre er eitt teikn på ein komande periode med samfunnskonfliktar som kan samanliknast med tiåret før borgarkrigen 1861–65.
Dei tre årsakene han peikar på, er «(1) eliteoverproduksjon som fører til konkurranse og konfliktar innanfor eliten, (2) folkeleg forarming som følgje av fallande levestandard, og (3) statens finanskrise». Turchins «politiske stressindeks» gjev eit statistisk grunnlag for påstanden hans.
For mange fornærmande utspel frå politikarar, for få skikkelege jobbar og ein kronisk ubalanse i statsrekneskapen: Dette er symptom på at noko er gale. Og det er noko vanlege borgarar òg burde uroe seg over. Forferdelege hendingar vil skje av og til. Det urovekkjande er den historiske trenden. Og trenden eg ser i amerikansk politikk, uroar meg meir og meir.
Einerett: The Sunday Times /
Dag og Tid.
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Drapsraten med våpen er 90 gonger høgare i USA enn i Storbritannia.
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.