Militærmakta rår
Militæret i Myanmar fjerna Aung San Suu Kyi frå makta etter at ho vann det andre demokratiske valet i landet etter nærmare 50 år med militært diktatur.
Den valde leiaren i Myanmar, Aung San Suu Kyi, vart fjerna frå makta i eit militært statskupp måndag 1. februar.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTB
SAMTALEN
Marte Nilsen
Seniorforskar ved Peace Research Institute Oslo (Prio)
AKTUELT
Militæret i Myanmar gjennomførte eit statskupp 1. februar

christiane@dagogtid.no
Måndag 1. februar skulle nasjonalforsamlinga i Myanmar tre saman for første gong etter valet i november, der Aung San Suu Kyi og partiet Nasjonalligaen for demokrati (NLD) sikra seg fleirtal, slik dei også gjorde i 2015. I staden gjennomførte militæret eit statskupp, og Aung San Suu Kyi skal vere i husarrest. Marte Nilsen er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).
– Kvifor ville militæret i Myanmar ta makta frå Aung San Suu Kyi?
– Militæret har hatt stor makt heile vegen, fordi dei og den sivile delen av regjeringa er ei slags koalisjonsregjering, slik det er avgjort i grunnlova. Så det er alltid fleire ministerpostar og ein visepresident som er utpeikte av hærsjefen. Grunnlova, som militæret sjølv skreiv i 2008, og grunnlaget for heile reformprosessen i landet som dei også initierte, gjev militæret tydeleg politisk makt.
– Kvifor gjekk dei då til det steget å gjennomføre eit kupp?
– Det har vore dårleg samarbeidsklima mellom Aung San Suu Kyi og hærsjefen lenge, fordi ho ikkje har late seg styre slik dei har ønskt. Dei har konkurrerande posisjonar i landet. Aung San Suu Kyi ser på seg sjølv som ei landsmoder. Ho er dotter av frigjeringshelten Aung San, som stod for lausrivinga frå britane. Militæret ser på seg sjølv som nasjonens far og garantisten for stabilitet. Dei har motstridande identitetar som ikkje er særleg kompatible. I tillegg kjenner militæret seg tilsidesett. Kina har fått større innpass i Myanmar enn dei hadde ønskt seg, og dei har vorte marginaliserte frå det resterande internasjonale samfunnet etter utdrivinga av rohingyaane i 2017. Og etter valet har NLD, slik militæret ser det, fått for stor makt.
– Kva vil militæret med den nye makta?
– Det er uklart. Alle visste om trugsmålet om kupp; det var sabelrasling og mobilisering av soldatar heile førre veke. Men at dei faktisk tok makta gjennom eit kupp, kom overraskande på mange, fordi militæret har jobba lenge og systematisk for å få ein overgang frå militærdiktatur til eit system der dei vernar som posisjonane og makta, men der den daglege politiske drifta er overført til politikarar. Aung San Suu Kyi er populær og har auka populariteten sin i perioden som president. Men kva militæret trur dei kan oppnå, er uklart. Det kan handle om å tette nokre hol i grunnlova; det vil i så fall gjere lova enda meir udemokratisk enn ho alt er. Truleg vil militæret òg endre vallova for å hindre at Aung San Suu Kyi kjem att i same posisjon.
– Kva vil skje med Aung San Suu Kyi?
– Ho har alt levd meir enn 15 år i husarrest, og no spørst det om det blir det sekstande. Det har ikkje vorte sagt noko om kva som skal skje. Mange har vorte internerte og arresterte. Dei fleste vil nok verte lauslatne att, men eg trur ikkje Aung San Suu Kyi vil verte lauslaten med det første.
– Dei siste ti åra har Myanmar endra seg i demokratisk retning. Kva har endra seg?
– Den første gongen eg var i Myanmar, i 1998, kunne ein ikkje snakke ope om politikk. Då eg kom attende i 2012, var det eit heilt anna land. Alle snakka om politikk og kritiserte militæret, det var frie medium, i alle fall i trykt form, sivilsamfunnsorganisasjonar kunne operere ope, det var ein eksplosjon i politisk verksemd og samfunnsinitiativ. Demokratiseringa har vore avgrensa i det politiske systemet, men det har vorte mogleg å uttrykke seg nokså fritt og delta som aktive samfunnsborgarar. Ny teknologi og nye måtar å kommunisere på har også medverka til at Myanmar er eit anna land no enn for ti år sidan. Derfor trur eg det vert vanskelegare for militæret å kontrollere Myanmar slik dei gjorde før.
– Aung San Suu Kyi fekk kraftige riper i lakken internasjonalt da ho ikkje stoppa overgrepa mot rohingyaane i landet. Kva slags leiar har ho vore?
– Det var aldri mogleg for henne å stoppe overgrepa; dei utførte militæret på eiga hand. Men ho klarte korkje å fordømme eller kritisere det som skjedde. Tvert om stod ho i Haag og forsvarte retten militæret hadde til å gjere det dei gjorde. Det er jo heilt uforståeleg for dei aller fleste utanfor Myanmar, men i heimlandet har ho framleis svært høg status. Ho har vore ein ganske eigenrådig leiar etter demokratisk målestokk, men karismaen og posisjonen hennar som symbol på motvekta til eit militært styre har gjort henne populær, og enda meir etter 1. februar-kuppet.
– Vert det eit nytt demokratisk val?
– Det var jo eit demokratisk val den 8. november, utan teikn på noko uregelbunde. Militæret seier dei skal utlyse nyval og tilsetje ein ny leiar for valkommisjonen. Så er spørsmålet om NLD får lov til å stille. Anten vert det avgrensingar på kven som får stille til val, eller så vil valsystemet verte endra til eit system med forholdstalsval, slik at ikkje eitt parti kan få så stor påverknad som no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur ikkje Aung San Suu Kyi vil verte lauslaten med det første.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.